Internasjonale moglegheiter

Internasjonale moglegheiter

Utveksling, CEMS MIM, dobbelgrad, Innovation School, internship i utlandet og sommarskular. Som NHH-student har du mange spennande moglegheiter til å få internasjonal erfaring i løpet av studiet.

NHH samarbeider med leiande handelshøgskular og universitet over heile verda.

  • FEM GODE GRUNNAR TIL Å SKAFFA DEG INTERNASJONAL ERFARING

    FEM GODE GRUNNAR TIL Å SKAFFA DEG INTERNASJONAL ERFARING

    1. UTFORDR DEG SJØLV

    Å flytta utanlands inneber store forandringar: nytt land, ny by, ny studiestad, nytt språk og nye menneske. Du lærer mykje - ikkje minst om deg sjølv.

    2. FÅ NYE FAGLEGE IMPULSAR

    Eit utanlandsopphald i regi av NHH gjev deg høve til å studera ved somme av dei fremste universiteta i verda, få tilgang til spesialområda deira og ikkje minst å møta gode og ambisiøse studentar frå heile verda.

    3. LÆR SPRÅK

    Gode språkkunnskapar er viktige i ei globalisert verd. Språk lærer du best ved å praktisera. Bur du i eit anna land ein periode, har du dei beste føresetnadane for å læra deg språket flytande.

    Vil du vera best mogleg rusta før du reiser? NHH har eit omfattande tilbod av valfag i språk.

    4. LÆR EIN ANNAN KULTUR Å KJENNA

    Enten du reiser langt eller kort, vil du oppleva at mykje er forskjellig frå det du er vand med heime. I møte med andre kulturar lærer du mykje om verda, men òg om særtrekk ved din eigen kultur. Forsking viser også at multikulturell erfaring gjer oss meir kreative og fleksible.

    5. GJER DEG ATTRAKTIV PÅ ARBEIDSMARKNADEN

    Stadig fleire arbeidsgjevarar, både norske og utanlandske, opererer på ein internasjonal arena og treng difor medarbeidarar med internasjonal erfaring. Å framstå profesjonell på denne arenaen krev gode språkkunnskapar, men òg evna til å forstå og respektera kulturelle skilnadar. 

    Å meistra endring er ein føresetnad for å lukkast – både for bedrifter og for deira tilsette. Arbeidsgjevarar vil difor også søka menneske som våger å bevega seg ut av komfortsona si. Eit utanlandsopphald kan vera det som viser at du er fleksibel og uredd.

VERT inspirert

For meir inspirasjon, søk opp emneknaggen  #nhhworldwide på Instagram, og sjå kva studentane opplever i utanlandsopphalda sine.

Instagram

Canvas 

Følg Canvas-kanalen vår for jamne oppdateringar om utveksling, internships og internasjonale moglegheiter!