ENGAGE.EU for studentar

ENGAGE.EU for studentar

Studentar har høve til å delta i ENGAGE.EU via prosjekt, kurs eller modular. Slik kan studentar frå heile Europa møtast, få fagleg kunnskap, og opna auga for nye perspektiv og kulturar.

ENGAGE.EU ONLINE-KURS

UTGÅANDE STUDENTAR

  • Våren 2025: Online exchange courses

    Våren 2025: Online exchange courses

    ONLINE EXCHANGE INITIATIVE

    LES MEIR OM ONLINE EXCHANGE INITIATIVE

    For våren 2025 blir søknadsperioden: 25. nov.-15.des. 2024. 

    ENGAGE.EU Online Exchange gjev studentar ved NHH høve til å ta kurs ved eit eller fleire Engage-universitet digitalt. Du vil få delta i eit virtuelt og internasjonalt klasserom, og få høve til å tileigna  internasjonal kompetanse og nye idear med andre europeiske studentar.

    Masterstudentar som ikkje har dratt på utveksling i masterstudiet, eller som vil ta ekstra valfag utanom NHH, kan søkja om å ta fag via ENGAGE.EU. Du kan søkja om å ta kurs ved eit eller fleire universitet innanfor Engage-nettverket samstundes. Du kan få opp til 30 ECTS innpassa i graden din, eller ta valfag ved sida av faga ved NHH. 

    Du søkjer direkte til kvar skule før søknadsfristen kvart halvår, og søkjer til Seksjon for internasjonale relasjonar om førehandsgodkjenning av fag på utveksling som vanleg.

  • Våren 2025: Joint Proramme in Digital Transformation

    Våren 2025: Joint Proramme in Digital Transformation

    !

    Søknadsfrist: 4. November 2024

    Er du masterstudent og vil du utvide din kunnskap innan digital strategi, vekst og leiing? ENGAGE.EU-alliansen opnar no for søknader til programmet «Digital Transformation» - ein serie små kurs med innovative perspektiv på den digitale omstillinga, formidla i eit internasjonalt miljø.  Programmet består av online kurs frå januar til juli 2025, og avsluttast med ein fysisk sommar seminar i Mannheim i juli.

    Studentane kan velje mellom åtte ulike kurs frå ENGAGE.EU partnarinstitusjonane (Université Toulouse Capitole, LUISS University, Ramon Llull University - Barcelona, Tilburg University, University of National and World Economy - Sofia, WU Wien, University of Mannheim).

    LES MEIR OM JOINT PROGRAMME IN DIGITAL TRANSFORMATION

  • Haust 2025: Signaturkurs

    Haust 2025: Signaturkurs

    HAUSTSEMESTER 2025

    To av dei tilgangsavgrensa masteremna ved NHH i haust er utvikla i samarbeid med våre ENGAGE.EU partnaruniversitet. Det er spennande, tverrfaglege, internasjonale emne som går føre seg online, og som kan inngå som valemne i MØA.

    LES MEIR OM SIGNATURKURSA PÅ NHH SIN NETTSIDA

DOBBELGRADSPROGRAMMET

SHORT PROGRAMMES

  • 3-6. april 2025 Student conference, UNWE, Sofia

    3-6. april 2025 Student conference, UNWE, Sofia

    Søknadsfrist: 7. februar 2025

    Bli med oss for ei uforgløymeleg oppleving!

    Er du klar til å ta tak i dagens viktigaste samfunnsutfordringar medan du utviklar ferdigheiter for å leie morgondagens verd? ENGAGE.EU Student Conference inviterer studentar frå dei ni partnaruniversiteta våre til Sofia for eit transformativt tre-dagars arrangement. På denne konferansen, organisert av Board of Learners, vil du lære å forbetre debattferdigheitene dine medan du blir kjend med andre europeiske realitetar og kulturar. Opplevinga vil avsluttast med ein ekte, formell debatt for å setje i praksis alt du har lært.

    Viktige datoar og søknad:

    • Søknadsperiode opnar: 15. januar 2025,
    • Søknadsperiode stengjer: 5. februar 2025,
    • Kunngjering av utval: 9. februar 2025.

    Søkjarane må vise motivasjon og entusiasme gjennom ein kort (maks 1 minutt) motivasjonsvideo og fylle ut eit søknadsskjema som detaljerar bakgrunn og interesse. Vi ventar å motta 5 studentar frå kvart universitet, totalt 45 studentar frå 9 partnarinstitusjonar.

    Søk plass på Student conference på Engage-nettsida.

STUDENTREPRESENTANtar

Engage.EU har eit eige Board of Learners (BoL) for studentar.

Les meir om arbeidet deira og om NHHs representar

ENGAGE.EU KURSKATALOG

Partnarane i Engage.EU har eit omfattande kurstilbod.

Les meir i kurskatalogen på Engages nettside