Personvernerklæring og informasjonskapslar

1. mars 2016 18:05

(oppdatert: 6. juli 2018 14:58)

Personvernerklæring og informasjonskapslar

Her kan du lesa om korleis NHH samlar inn og bruker personopplysningar via nhh.no og tilknytte domene, og korleis du kan få innsyn og reservera deg mot lagring og bruk av opplysningane.

Personvernerklæring for nhh.no

Kontakt

Spørsmål om personvern og datainnsaling via nhh.no kan rettast til nettredaktør via webmaster@nhh.no

Generelle spørsmål om personvern ved NHH kan rettast til NHHS personvernombod via personvernombud@nhh.no

Les meir om personvern ved NHH

Rektor ved NHH er behandlingsansvarleg for høgskulens behandling av personopplysningar. For nhh.no er ansvaret delegert til Kommunikasjons- og marknadssjefen, som er ansvarleg redaktør for nettstaden. Nettredaktør har det daglege driftsansvaret. 

Gå til: Søk og Feedback  Nettskjema  Nyheitsbrev  Chat

Informasjonskapslar

NHH bruker informasjonskapslar for å samla inn statistikk om korleis nettstaden nhh.no og subdomene blir brukt. Måla er å vidareutvikla og forbetra nettstaden, og å driva marknadsføring.

Ein informasjonskapsel, eller «cookie», er ei tekstfil som vert lasta ned og lagra i internminnet i nettlesaren din når du besøker ein nettstad eller interagerer med ei nettside. Informasjonskapslar kan blant anna nyttast til å lagra tidligare brukarinnstillingar, registrera kva sider du besøker og kva val du gjer medan du bruker desse sidene.

Nokre av informasjonskapslane er naudsynte for at sida skal fungera. For nhh.no gjeld dette primært for innsending av skjema via nettsidene.

Kor lenge dei ulike kapslane vert lagra varierer avhengig av funksjon. Nokre vert sletta straks du avsluttar økta på nhh.no, andre vert lagra lenger med mindre du aktivt vel å sletta dei frå nettlesaren din.

Samtykke

Ved å bruka NHHs nettsider samtykkjer du i at vi kan etterlata informasjonskapslar i nettlesaren din.

Føremonen for deg kan t.d. vera at sidene reagerer raskare e.l. Føremonen for oss er at vi forstår meir om korleis sidene våre blir brukt slik at vi kan gjera dei betre og meir effektive.

Dersom du aksepterer bruk av marknadsførings-cookies på nhh.no, kan vi også nå deg med marknadsføring når du vitjar andre nettstader. Vi annonserer for studieprogramma våre og etter- og vidareutdanning mot spesifiserte målgrupper. Vi ønskjer at annonsane du får sjå skal vera relevant for deg. Kva sider på nhh.no du faktisk besøker er derfor med på å avgjera om du får sjå reklame, og kva annonser du får sjå.

Anonymisering

Du eller den spesifikke eininga du bruker kan likevel ikkje identifiserast. Vi samlar inn heile den unike IP-adressa (internettprotokolladressa), men denne vert anonymisert ved at vi fjernar dei siste sifra. Statistikk og rapportar blir generert og behandla på avidentifisert gruppenivå, ikkje individuelt.

Blokkering av informasjonskapslar

Dei fleste moderne nettlesarar (Google Chrome, Microsoft Edge og Internet Explorer, Mozilla Firefox, Apple Safari, Opera, etc.) er innstilt på å akseptera informasjonskapslar automatisk.

Dersom du ønskjer å blokkera informasjonskapslar for nettlesaren din, kan du gjera dette via nettlesarens sikkerheitsinnstillingar. Les meir om deaktivering av informasjonskapslar i ulike nettlesarar lengre nede på sida.

Informasjonskapslar i bruk på nhh.no

Det finst svært mange typar informasjonskapslar med ulike funksjonar og varigheit. Dei som er i bruk på nhh.no er grovt sett delt i tre kategoriar:

  • Funksjon: naudsynte cookies som gjer at sida fungerer.
  • Statistikk og analyse: hjelper oss å forstå korleis sida blir brukt.
  • Marknadsføring: sporar brukarar på tvers av nettstader med mål om å visa relevant reklame. Ein del av desse vert berre plassert dersom du vitjar spesifikke sider på nhh.no.

DETTE SAMLAR VI

  • Kvar brukarane kjem frå geografisk
  • kva type eining og nettlesar dei bruker
  • kor på nettet dei kom frå (søk, andre nettstader, sosiale medium, klikk på annonsar)
  • kva sider dei vitjar og kor lenge
  • Kva det vert søkt etter på nhh.no

Funksjonscookies

Desse er knytt til publiseringsverktøyet Episerver og må til for at nettsida skal fungera etter intensjonen. Eit døme er når du fyller ut og sender inn eit nettskjema. Dette er førsteparts-cookies satt av domenet nhh.no.

InformasjonkapselUtløpFunksjon

.ASPXROLES

Slutten av økt 

Brukt av publiseringsverktøyet Episerver for å halda orden på tilgangar og brukerrettar, spesifikt for å skilja mellom pålogga NHH-tilsette og andre brukarar.

.EPiForm_BID Tre månader  Brukt for at publiseringsverktøyet Episerver skal halde rede på kva skjema som vert fylte ut.
.EPiForm_VisitorIdentifier Tre månader 

Brukt når du sender inn eit skjema på nhh.no, for at Episerver skal halda rede på kva brukar som har sendt inn kva skjema. 

_epiXSRF    Brukt av EPiserver for å beskytta innlogga brukarar mot XSRF-angrep.

Analyse og statistikk

NHH bruker analyseverktøya Google Universal Analytics og Siteimprove på nhh.no. Dette er både første- og tredjeparts-cookies satt av domena nhh.no og siteimprove.com.

InformasjonkapselUtløpFunksjon

_ga 

To år 

Brukt av Google Analytics for å skilja mellom unike brukarar ved å tilordna ein unik talkombinasjon kalla Client ID. 

_gat_UA-114160  Slutten av økt Brukt av Google for å begrensa talet på spørjingar som vert sende til Google doubleclick.
_gid  Ein dag  Brukt av Google for å lagra ID for ei heil økt slik at all aktivitet i økta kan samlast. 
_hstc  To år  Brukt av Siteimprove til analyse. 
hubspotutk  Ti år  Brukt av Siteimprove til analyse. 
nmstat  Tre år  Brukt av Siteimprove for å samla statistikk om bruken av sida. 
Siteimprove-cookie-accept  Ein månad  Brukt av Siteimprove for å sjekka om nettlesaren aksepterer informasjonskapslar. 
Siteimproveglobal_ Slutten av økta Brukt av Siteimprove. Uviss funksjon.
siteimproveses Slutten av økta Brukt av Siteimprove til å spora sekvensen av sider ein brukar ser på i ei økt.
siutm Fire månader Brukt av Siteimprove til analyse.
_cfduid Eitt år Brukt av Siteimprove Analytics. Cookie frå CloudFlare som identifiserer sikker nettrafikk.
_utma To år Blir satt på sider der NHH har bygd inn kart frå samarbeidspartnaren MazeMap. Google-cookie brukt til analyse av trafikk på MazeMap.
_utmz Seks månader Blir satt på sider der NHH har bygd inn kart frå samarbeidspartnaren Maze Map. Google-cookie brukt til analyse av trafikk på MazeMap.
_gat_MazeMapGA Slutten av økta Blir satt på sider der NHH har bygd inn kart frå samarbeidspartnaren Maze Map. Google-cookie brukt til analyse av trafikk på MazeMap.

Informasjon samla inn via Google Analytics vert lagra på Google sine serverar i USA og er underlagt Google sine retningsliner for personvern.

Informasjon samla inn av Siteimprove vert lagra på selskapets serverar i ulike EU-land i henhold til Siteimproves retningsliner for personvern og databehandlaravtale med NHH.

Marknadsføring

NHH bruker teknologi og tenester frå ulike leverandørar for å marknadsføra studieprogramma og etter- og vidareutdanningstilboda våre. Viss du samtykker til det, vert det sett informasjonskapslar og såkalla tags/pikslar – eit liten javascript-kode som kan ha tilsvarande funksjon som informasjonskapslar. Informasjonen desse samlar kan brukast til å nå deg på andre nettstadar med marknadsføring av NHH.

NHH bruker tenestene DoubleClick by Google og Google Ads (tidlegare Google AdWords). Vi bruker også tenester frå Google-eigde YouTube, frå Facebook og LinkedIn og frå AppNexus i samarbeid med Schibsted. Vi bruker Google Tag Manager til å administrera kampanjar, remarketing, m.m.

Målet er at marknadsføringa skal vera så relevant som mogeleg for deg som brukar.

Marknadsføringscookies vert sett av tredjepart via deira domene. Til dømes vil Cookies sett av Google visa til google.com, doubleclick.net eller andre Google-eigde domene.

Marknadsførsingscookies og tags/pikslar brukt av NHH

InformasjonkapselUtløpFunksjon

DSID 

To veker 

Brukt av Google Doubleclick for å knytta saman pålogga brukarar sine aktivitetar på ulike einingar. 

IDE Ni månader  Brukt av Google doubleclick til å registrera og rapportera brukarens handlingar etter å ha klikka på ein annonse for å måla annonsens effektivitet og tilpassa annonsar til brukaren. 
1P_JAR  30 dagar  Brukt av Google for å samla nettsidestatistikk og konvertering. 
AID  45 dagar  Brukt av Google via doubleclick for å tilpassa annonsar. 
APISID  To år Brukt av Google for å hugsa brukarens preferansar. 
CONSENT  20 år  Brukt av Google. Uviss funksjon. 
HSID  To år  Knytt til brukarar med Google-konto. Brukt for å hindra ulike typar angrep i kombinasjon med SID. 
NID Seks månader Brukt av Google til å setja ein unik ID som gjer at Google kan hugsa preferansar, t.d. språkinnstillingar. Også brukt til tilpassing av annonsar.

SAPISID

To år Brukt av Google for å hugsa brukarens preferansar og tilpassa annonsar.
SID  

Knytt til brukarar med Google-konto. Brukt for å hindra ulike typar angrep i kombinasjon med HSID. Også brukt til tilpassing av annonsar.

SIDCC Fire månader Brukt av Google for å hugsa brukarens preferansar.
SSID To år Brukt av Google for å hugsa brukarens preferansar.
test_cookie Åtte månader Brukt av Google for å sjekka om brukaren akspterar cookies.
ads/ga-audiences Slutten på økta Sporingspiksel brukt av Google Ads for å re-engasjera brukarar og konvertera dei til kundar basert på bruksmønstra deira på ulike nettsider.

ads/user-list/#

Slutten på økta Sporingspiksel brukt av Google via Google tag manager  i samband med marknadsføringskampanjar. Nøyaktig funksjon er uviss.

bcookie

To år Nettlesar ID-cookie brukt av LinkedIn for å spora bruken av innebygde tenester.

BizoData

Seks månader Brukt av LinkedIn for å analysera effekt av annonsar.

BizoID

Ni månader Brukt av LinkedIn for å analysera effekt av annonsar.

BizoUserMatchHistory

Seks månader  Brukt av LinkedIn for å analysera effekt av annonsar. 

UserMatchHistory

Seks månader  Brukt av LinkedIn for å tilpassa marknadsføring. 
lang  Slutten av økta  Brukt av LinkedIn for å hugsa brukarens språkpreferanse på ei nettside. 
lidc  Ein dag  Brukt av LinkedIn for å ruta nettrafikk. 
datr To år Brukt av Facebook for å skilja mellom legitim og illegitim trafikk (bots).
fr Tre månader Brukt av Facebook i samband med marknadsføring.
sb To år Brukt av Facebook til å gje «venner»-forslag.
wd Tre veker Brukt av Facebook til å lagra dimensjonane til nettlesarvindauga for å optimalisera visning av sida.
tr Slutten av økta Piksel brukt av Facebook. Uviss funksjon.

LOGIN_INFO

To år Brukt av YouTube for å sjå om ein brukar er innlogga.
PREF To år Brukt av Youtube. Sett ein unik ID for å samla statistikk om bruk av youtube-videoar på ulike nettstadar og  tilpassa annonsar.
VISITOR_INFO1_LIVE To år Brukt av Youtube for å måla brukarens bandvidde før avspeling av video.
YSC Slutten av økta Brukt av Youtube. Sett ein unik ID for å samla statistikk om kva Youtube-videoar brukaren har sett.
anj Tre månader

Brukt av AppNexus til å tilpassa marknadsføring i samband med kampanjar.

icu Tre månader Brukt av AppNexus til å tilpassa marknadsføring i samband med kampanjar.
usersync Tre månader Brukt av AppNexus til å tilpassa marknadsføring i samband med kampanjar.
uuid2 Tre månader Brukt av AppNexus til å tilpassa marknadsføring i samband med kampanjar.

SLIK KAN DU SLETTA OG BLOKKERA INFORMASJONSKAPSLAR

Ønskjer du å sletta informasjonskapslane eller sørga for at det ikkje blir lagra fleire, kan du endra innstillingane i nettlesaren din.

Følg lenkene under for å finne ut korleis du slettar eller hindrar cookies i dei mest brukte nettlesarane.

Korleis sletta eller hindra informasjonskapslar i Google Chrome

Korleis sletta eller hindra informasjonskapslar i Internet Explorer 11

Korleis sletta eller hindra informasjonskapslar i Internet Explorer 9 og 10

Korleis sletta eller hindra informasjonskapslar i Mozilla Firefox

Korleis sletta eller hindre informasjonskapslar i Apple Safari

Korleis sletta eller hindra informasjonskapslar i Opera

SØK og feedback

NHH lagrar informasjon om kva søkeord brukarane nyttar i søkeverktøyet Episerver Find. Formålet med lagringa er å gjera informasjonstilbodet vårt betre. Bruksmønsteret for søk vert lagra i ein eigen database, og de vert berre lagra i aggregert form. Det er berre søkeorda som vert lagra og dei kan ikkje koplast til andre opplysningar om brukarane.

For å gjera søket betre, bruker vi Siteimprove Feedback der brukarar kan melda korleis søket fungerte. Opplysningar som vert skrive inn i feedback vert lagra hos Siteimprove, som er databehandlar i henhold til databehandlaravtale ned NHH. NHH er behandlingsansvarleg. Brukarar som sender inn feedback kan ikkje identifiserast på basis av innsende data.

Nettskjema

Viss du fyller ut og sender inn eit skjema via nettsidene, vert opplysningane enten send med e-post til ei spesifisert mottakaradresse ved NHH, eller lagra i publiseringsverktøyet Episerver, eller begge delar. Innsendinga av skjemaet via publiseringsverktøyet er kryptert. For å få tilgang til opplysningane, inkludert eventuelle opplasta filer, må ein både ha tilgang til publiseringsverktøyet (styrt av IT-seksjonen) og redigeringstilgang til sida der skjemaet er publisert (styrt av nettredaktør eller webmaster).

Dei einaste som har full tilgang til alt innhald er systemadministratorane i nettredaksjonen ved Kommunikasjons- og marknadsavdelinga og driftsansvarlege i IT-seksjonen. Dei nettansvarlege ved dei ulike institutta og avdelingane ved NHH har berre tilgang til sine spesifikke ansvarsområde. I spesielle tilfelle kan representantar frå vår tekniske leverandør Epinova få tilgang til systema i samband med feilsøking eller utvikling.

Personopplysningar som vert samla inn via våre skjema vert berre brukt til det føremålet som går fram av det einskilde skjemaet. Når skjemaet ikkje er i bruk meir, vert skjemadata sletta.

I tilfelle der vi ønskjer å lagra opplysingane til seinare bruk skal du kunna samtykka eller avslå. Eit samtykke kan trekkjast tilbake kva tid som helst. Vi bed aldri om opplysningar som er å rekna som sensitive ved utfylling av skjema.

I nokre tilfelle – til dømes søknadsprosessar knytt til studentutveksling eller liknande – kan det vera naudsynt å lasta opp vitnemål, karakterutskrifter eller andre dokument. Sendinga av opplasta filer er kryptert slik at tredjepart ikkje kan få tak i desse. Filene vert lasta opp filarkivet i publiseringsverktøyet, og er berre tilgjengeleg for gruppene av NHH-tilsette som er nemnde over. Det går ingen kopi av opplasta filer via e-post. Når sakshandsamaren har fått søknader og filer, vert dei opplasta filene sletta frå filarkivet. Nettserverane er plasserte ved NHH, og IT-seksjonen ved IT-sjefen har det daglege ansvaret for drift, vedlikehald, tryggleik og utvikling.

Nyheitsbrev

NHH bruker Click Dimensions nyheitsbrevsystem integrert med Microsoft Dynamics Customer Relations Management-system (CRM). Viss du vel å abonnera på nyheitsbreva våre, vert opplysningane du gir oss lagra i CRM-systemet på Microsoft sine serverar. Microsoft er databehandlar. Microsofts personvernerklæring

Viss du vil avslutta abonnementet kan du melda deg av via lenke i nyheitsbrevet du får. Om du er tidlegare NHH-student som er medlem av nettverket NHH Alumni, kan du logga deg inn via portal-løysinga vår, sjå kva opplysningar vi har lagra om deg og gje eller trekka tilbake ulike samtykke. Les meir om personvern hos NHH Alumni (engelsk tekst)

I ein overgangsperiode fram til hausten 2018 kan du melda deg på nyheitsbrev frå FAIR ved å fylla inn e-postadresse i eit felt på nettsida deira og senda inn. Adressa vert lagra i lister i nyheitsbrevsystemet MailChimp basert på kva nyheitsbrev du vil ha. Du kan melda deg av via ei lenke i nyheitsbrevet du mottek. Opplysningane vert lagra hos MailChimp, som er databehandlar. MailChimps personvernerklæring

Chat

NHH bruker live chat-verktøy frå Edialog24 på biblioteksidene på nhh.no. Edialog24 er databehandlar i henhold til databehandlaravtale med NHH. Server er plassert i Noreg. Før du startar ein chat for første gong, vil du måtta lesa og eventuelt samtykka i brukarvilkåra.