Gründerskolen

Gründerskolen

Viss du er interessert i entreprenørskap og internasjonal forretningsutvikling, og ønsker å kombinera studiar i entreprenørskap med arbeidspraksis i utlandet er Gründerskolen noko for deg.

Gründerskolen er eit tverrfagleg studieprogram med fokus på nyetablering og innovasjon i eit internasjonalt perspektiv. Les meir om programmet på Gründerskolens nettsider.

oppbygging av studiet

Gründerskolen har tre delar:

  1. Introduksjonsemne som du tar ved NHH (NBD405 - New Business Development in Practice)
  2. 10 veker utanlandsopphald (juni – august) i San Fransisco, Boston eller Toronto. Her vil du ha ulønna arbeidspraksis på fulltid i ei oppstartsbedrift, i tillegg til undervising ved eitt av våre samarbeidsuniversitet
  3. Avsluttande emne i form av ei skriftleg refleksjonsoppgåve

Gründerskolen er eit samarbeid mellom mange utdanningsinstitusjonar i Noreg og vert administrert av Senter for entreprenørskap ved Universitetet i Oslo.

Søknadsfrist: 15. oktober

Opptakskrav

Les om opptakskrava og kven som kan søka på Gründerskolens nettsider.

Søknadsinformasjon

Les meir om korleis du søker på nettsidene til Gründerskolen. Krava til kva søknaden skal innehalde, inkludert makslengde på motivasjonsbrevet, går fram av nettsidene til Gründerskolen. Merk at du som NHH-student berre vil verta vurdert ut frå skriftleg søknad - du vil ikkje verta intervjua. 

Innpass i masterstudiet

Når du har fullført Gründerskolen kan du velja å innpassa programmet i masterstudiet i økonomi og administrasjon 

  • enten som støtteprofil (30 studiepoeng) 
  • eller som eit valfritt emne (7,5 studiepoeng) 

Merk at dersom du vel å innpassa Gründerskolen som støtteprofil, skal mastergraden din innehalde valfrie emne tilsvarande 15 studiepoeng i staden for 22,5 studiepoeng. NBD405 kan ikkje inngå blant dei valfrie emna.

For å få studiet innpassa må du melda frå til opptak@nhh.no så snart UiO har registrert at du har bestått Gründerskolen. Hugs å presisera kva for ein av dei to mogelege innpassa du ønsker.  

Viss du vel å innpassa Gründerskolen som støtteprofil, kan du ikkje bytta støtteprofil til utveksling etterpå. 

NB! Du kan ikkje kombinera Gründerskolen som støtteprofil med hovudprofil i New Business Development (NBD). Dersom du har NBD som hovudprofil kan du kun innpassa Gründerskolen som valfritt emne (7,5 studiepoeng).

Du kan heller ikkje kombinera Gründerskolen med INTERN-A-M i mastergraden. Dersom du tar både Gründerskolen og INTERN-A-M, vil INTERN-A-M kome på ei karakterutskrift utanom vitnemålet.

Sosialt entreprenørskap

Har du idear om korleis ein kan løysa eit sosialt problem gjennom å skapa ei bærekraftig bedrift? Sommarprogrammet Sosialt entreprenørskap gjev deg kunnskap og verktøy for å realisera dette.

Senter for entreprenørskap ved Universitetet i Oslo er ansvarleg for programmet. Du kan få det innpassa i masterstudiet i økonomi og administrasjon ved NHH etter same reglar som for Gründerskolen (sjå over). Les meir om sosialt entreprenørskap på UiO sine nettsider

NB! Du kan ikkje kombinera Sosialt entreprenørskap som støtteprofil med hovudprofil i New Business Development (NBD). Viss du har NBD som hovudprofil kan du berre innpassa Sosialt entreprenørskap som valfritt emne (7,5 studiepoeng).

Du kan heller ikkje kombinera Sosialt Entreprenørskap med INTERN-A-M i mastergraden. Dersom du t ar både Sosialt Entreprenørskap og INTERN-A-M, vil INTERN-A-M kome på ei karakterutskrift utanom vitnemålet.