Dobbelgradsprogrammet

Dobbelgradsprogrammet

Er du ambisiøs og motivert til å utfordra deg sjølv akademisk? Grip sjansen til å ta to mastergradar på to år!

Utvid ditt akademisk perspektiv ved å ta ein dobbelgrad ved NHH! Programmet lét deg utforska eit nytt akademisk felt og få djupare kulturell kunnskap ved å bu i utlandet eit heilt år. Mange tidlegare dobbelgradsalumni har hatt stor suksess med karriere i utlandet i ettertid. 

Merk at du må vera NHH-student for å søka på dobbelgradsprogrammet. Dersom du er ein student ved ein annan institusjon (ikkje ein av NHHs dobbelgradspartnarar) og du ynskjer å ta ein dobbelgrad ved NHH, må du fyrst søka deg til masterstudiet i økonomi og administrasjon

Dobbelgradsstudentar studerer eit år ved NHH i Bergen, og tar det andre året ved eit av NHHs høgt rangerte dobbelgradspartnarar. Når du er ferdig med studiet, vil du få to mastergradar; éin i økonomi og administrasjon frå NHH, og ein annan frå ein av NHHs dobbelgradspartnarar. 

Informasjonsmøte hausten 2023

Me arrangerer eit informasjonsmøte tysdag 3. oktober. Her vil du få informasjon om dobbelgradsprogrammet, søknadsfristar og meir. Du vil også få høve til å stilla spørsmål om dobbelgradsprogrammet. 

Partnaruniversitet

Masterstudentar på fyrste året må passa på at studieplanen deira er i samsvar med krava til partneruniversitetet (sjå "programstruktur"). Ta kontakt med dobbelgradskoordinatoren dersom du har spørsmål om dette. 

  • Bocconi, Italia

    Bocconi, Italia

    Akkreditering: AACSB, EQUIS, AMBA (Triple Crown)

    Kombiner ein hovudprofil i ECN, ENE eller STR ved NHH med Economics and Management of Innovation and Technology (EMIT) ved Bocconi, ein hovudprofil i MBM ved NHH med Marketing Management ved Bocconi, eller ein hovudprofil i STR ved NHH med Management ved Bocconi. Me tilrår at studentar søker på fleire program då EMIT-programmet ved Bocconi er veldig populært. 

    • Språk: Undervisningsspråket er engelsk 
    • Masteroppgåva: Du skriv oppgåva di åleine, med rettleiar frå Bocconi og birettleiar frå NHH. Merk at Bocconi tildelar 18-20 ECTS for masteroppgåva, medan kravet frå NHH er 30 ECTS. Rettleiaren frå NHH skal sikra at oppgåva er av eit omfang og kvalitet som tilfredsstiller nasjonale krav. Oppgåva skal leverast til sensur ved Bocconi. Hugs at du må søka om å få skriva oppgåva di åleine innan 1. oktober
    • Skulepengar: Ingen, men du må betala ei avgift for uteksaminering på €365
    • Erasmus+: Du har rett på eit Erasmus+ stipend
    • Dokumentasjon av språkkunnskapar: Vanlege krav. Studentar ved Bocconi må også ta italienskkurs t.o.m. A2-nivået 
    • Studentar må fullføra eit internship på 10 veker (utanfor Italia) eller 12 veker (innanfor Italia) for å fullføra dobbelgraden. Kontakt dobbelgradskoordinatoren for meir informasjon om dette
    • Merk at Bocconi ikkje godkjenn masterkurs med bestått/ikkje bestått. Kontakt dobbelgradskoordinatoren for meir informasjon om dette
    • Anna: Du må fylgja ei spesifikk studieplan ved NHH for å ta dobbelgrad ved Bocconi
    • NB! Viss du er ein italiensk statsborgar eller har tidlegare søkt på MSc-programmet ved Bocconi utan hell, er du dessverre ikkje kvalifisert til å søka på dobbelgradsprogrammet ved Bocconi

    Merk at berre studentar med fylgjande hovudprofil kan ta dobbelgraden ved Bocconi: 

    ECN ved NHH, Economics and Management of Innovation (EMIT) ved Bocconi

    • Programstruktur
    • Du må ta sju fastsette kurs ved NHH. Desse erstattar obligatoriske kurs ved Bocconi 
    • Eit valfag ved NHH eller Bocconi må innfri NHHs etikkrav

    ENE ved NHH, Economics and Management of Innovation (EMIT) ved Bocconi

    • Programstruktur 
    • Du må ta fire fastsette kurs ved NHH. Desse erstattar obligatoriske kurs ved Bocconi 
    • Du må ta hovudprofilen din ved NHH i det fyrste året 
    • Eit valfag ved NHH må innfri NHHs etikkrav

    MBM ved NHH, Marketing Management ved Bocconi

    • Programstruktur 
    • Du må ta fem fastsette kurs ved NHH. Desse erstattar obligatoriske kurs ved Bocconi 
    • Bocconi-kurset Understanding Consumer II vert godkjent som eit NHH MBM valfag
    • Eit valfag ved NHH må innfri NHHs etikkrav

    STR ved NHH, Economics and Management of Innovation and Technology (EMIT) ved Bocconi

    • Programstruktur 
    • Du må ta fem fastsette kurs ved NHH. Desse erstattar obligatoriske kurs ved Bocconi 
    • Du må ta hovudprofilen din ved NHH i det fyrste året 
    • BUS 445 Sustainable Business Models innfrir NHHs etikkrav

    STR ved NHH, Management ved Bocconi

    • Programstruktur 
    • Du må ta fem fastsette kurs ved NHH. Desse erstattar obligatoriske kurs ved Bocconi 
    • Du må ta hovudprofilen din ved NHH i det fyrste året
    • Eit valfag ved NHH må innfri NHHs etikkrav
  • HEC Montréal, Canada

    HEC Montréal, Canada

    Akkreditering: AACSB, EQUIS, AMBA (Triple Crown)

    Kombiner ein hovudprofil i ENE ved NHH med ein Master of Science in Global Supply Chain Management ved HEC Montréal. 

    • Programstruktur 
    • Språk: Undervisningsspråket er engelsk 
    • Masteroppgåva: Du skriv oppgåva di åleine, med rettleiarar frå HEC Montréal og NHH. Hugs at du må søka om å få skriva oppgåva di åleine innan 1. oktober
    • Skulepengar: Ingen
    • Dokumentasjon av språkkunnskapar: Vanlege krav
    • Studentar må fullføra eit internship på minst 4 veker for å fullføra dobbelgraden. Kontakt dobbelgradskoordinatoren for meir informasjon om dette
  • HEC Paris, Frankrike

    HEC Paris, Frankrike

    Akkreditering: AACSB, EQUIS, AMBA (Triple Crown)

    Kombiner hovudprofilen i ENE ved NHH med masterprogrammet Sustainability and Social Innovation ved HEC Paris.

    • Programstruktur 
    • Språk: Undervisningsspråket er engelsk 
    • Masteroppgåva: Du skriv oppgåva di åleine i andre semester, med rettleiarar frå HEC Paris og NHH. Hugs at du må søka om å få skriva oppgåva di åleine innan 1. oktober
    • Skulepengar: Du må betala skulepengar på €24,525. Du vil få høve til å søka på stipend direkte frå HEC Paris
    • Erasmus+: Du kan ikkje få Erasmus+ stipend 
    • Dokumentasjon av språkkunnskapar: Vanlege krav
    • Studentar må fullføra ein 16-vekers "professional experience" som ein del av graden. Dette kan vera eit internship medan du studerer eller ein fulltidsjobb etter du er uteksaminert. Kontakt dobbelgradskoordinatoren for meir informasjon om dette
  • Ivey Business School, Canada

    Ivey Business School, Canada

    Akkreditering: EQUIS

    Kombiner ein kvar hovudprofil ved NHH med masterprogrammet i International Business ved Ivey Business School, eller BAN ved NHH med masterprogrammet i Business Analytics ved Ivey Business School. 

    • Programstruktur for International Business 
    • Programstruktur for Business Analytics 
    • Språk: Undervisningsspråket er engelsk 
    • Masteroppgåva: Du skriv oppgåva di åleine, med rettleiarar frå Ivey Business School og NHH. Hugs at du må søka om å få skriva oppgåva di åleine innan 1. oktober
    • Skulepengar: Ingen
    • Dokumentasjon av språkkunnskapar: Vanlege krav
    • Studentar må fullføra eit "professional experience" internship. Internshipet må vara 8 veker (for International Business) eller 10 veker (for Business Analytics). Jobberfaring kan erstatta internship. Kontakt dobbelgradskoordinatoren for meir informasjon om dette
  • Louvain School of Management, Belgia

    Louvain School of Management, Belgia

    Akkreditering: EQUIS

    Kombiner hovudprofilen i ENE eller BAN ved NHH med Supply Chain Management ved Louvain School of Management, eller ein kvar hovudprofil ved NHH med Business Engineering eller Management Science ved Louvain School of Management.

  • Luiss, Italia

    Luiss, Italia

    Akkreditering: EQUIS, AMBA

    Kombiner hovudprofilen i ENE ved NHH med Strategic Management ved Luiss Business School i Roma

    • Programstruktur
    • Språk: Undervisningsspråket er engelsk 
    • Masteroppgåva: Du skriv oppgåva di åleine, med rettleiarar frå Luiss og NHH. Hugs at du må søka om å få skriva oppgåva di åleine innan 1. oktober. Du må munnleg forsvara oppgåva di
    • Skulepengar: Ingen, men du må betala ei avgift for uteksaminering på €200 og ein lokalskatt på €140
    • Erasmus+: Du har rett på eit Erasmus+ stipend
    • Dokumentasjon av språkkunnskapar: Vanlege krav
    • I samband med masteroppgåva vil du gjera prosjektarbeid som vert organisert av Luiss. Dersom du organiserer det sjølv, kan prosjektarbeidet verta erstatta med eit internship i Roma. Kontakt dobbelgradskoordinatoren for meir informasjon om dette
    • Anna: Du må fylgja ei spesifikk studieplan ved NHH for å ta dobbelgrad ved Luiss
  • Mannheim Universität, Tyskland

    Mannheim Universität, Tyskland

    Akkreditering: AACSB, EQUIS, AMBA (Triple Crown)

    Kombiner ein kvar hovudprofil ved NHH med Master in Management ved Mannheim Universität. 

    • Programstruktur 
    • Det er fem obligatoriske kurs i dobbelgradprogrammet: CC501 Decision AnalysisCC502 Applied Econometrics eller CC 503 Empirical MethodsCC 504 Corporate Social ResponsibilityBE 510 Business Economics IBE 511 Business Economics II
    • Somme NHH-kurs kan erstatte obligatoriske kurs ved Mannheim, slik at du kan ta fleire valfag. Du finn ei liste over kursekvivalentar her
    • Språk: Undervisningsspråket er engelsk 
    • Masteroppgåva: Du skriv oppgåva di åleine, med rettleiarar frå Mannheim. Hugs at du må søka om å få skriva oppgåva di åleine innan 1. oktober. Du vil få oppgåvetema tildelt av Mannheim
    • Skulepengar: Ingen
    • Erasmus+: Du har rett på eit Erasmus+ stipend
    • Dokumentasjon av språkkunnskapar: Vanlege krav
    • Merk at Mannheim ikkje godkjenn masterkurs med bestått/ikkje bestått. Kontakt dobbelgradskoordinatoren for meir informasjon om dette
    • Anna: Du kan lesa meir om å vera dobbelgradsstudent ved Mannheim her
  • Nova School of Business and Economics, Portugal

    Nova School of Business and Economics, Portugal

    Akkreditering: AACSB, EQUIS, AMBA (Triple Crown)

    Kombiner hovudprofilen i FIE ved NHH med International Master in Finance eller Master in Finance ved Nova.

    • Programstruktur 
    • Språk: Undervisningsspråket er engelsk 
    • Masteroppgåva: Du skriv oppgåva di åleine, med rettleiarar frå Nova. Hugs at du må søka om å få skriva oppgåva di åleine innan 1. oktober
    • Skulepengar: Ingen
    • Erasmus+: Du har rett på eit Erasmus+ stipend
    • Dokumentasjon av språkkunnskapar: Vanlege kravfor Master in Finance. Sjå spesialkrava for International Master in Finance her
    • Merk at Nova ikkje godkjenn bestått/ikkje bestått kurs. Kontakt dobbelgradskoordinatoren dersom du har spørsmål om dette 
    • Anna: For International Master in Finance, må du laga ein 4 min. video der du fortel meir om kor du ser deg sjølv om fem år, karrieremessig 
    • NB! Du kan ikkje søka på dobbelgradsprogrammet med Nova dersom du har tidlegare fått avslag på opptak av MSc-programmet ved Nova
  • University of Queensland, Australia

    University of Queensland, Australia

    Akkreditering: AACSB, EQUIS

    Kombiner ein kvar hovudprofilen ved NHH med Global Management ved University of Queensland.

    • Programstruktur 
    • Språk: Undervisningsspråket er engelsk 
    • Masteroppgåva: Du skriv oppgåva di åleine, med rettleiarar frå University of Queensland og NHH. Hugs at du må søka om å få skriva oppgåva di åleine innan 1. oktober
    • Skulepengar: Ingen
    • Dokumentasjon av språkkunnskapar: Du må ha ein TOEFL IBT karakter på 100 (min. skriftleg resultat på 21, og lese-, snakke- eller lytteresultat på 19), eller TOEFL papirbasert resultat på 570 (min. skriftleg resultat 5.0 og lytte- og leseresultat på 5.4) eller IELTS-resultat på 6.5 (min. 6.0 skriftleg/munnleg) før du byrjar på UQ. Les meir om det her
    • Du kan få fritak frå språkkrava dersom du har norsk vintemål frå vidaregåande (min. karakter 4 i engelsk), eller viss du innfrir krava i Part B i PPL 3.40.14d2 - Table 2 
    • Merk at du må ta tre obligatoriske kurs ved University of Queensland. Les meir om søknadsprosessen til UQ her.
  • Kompatibilitetsoversikt

    Kompatibilitetsoversikt

    Partnarinstitusjon Land Spesialisering Hovudprofil på NHH Plassar
    Bocconi Italia EMIT, Marketing, Marketing Management ENE, STR, MBM

    7 (2-3 per spesialisering)

    HEC Montréal Canada Global Supply Chain Management ENE 2
    HEC Paris Frankrike Sustainability and Social Innovation (SASI) ENE, alle 2-3
    Ivey Canada International Business, BAN Alle, BAN 5
    Louvain Belgia Management Science, Business Engineering, Supply Chain Management Alle, ENE 6
    Luiss Italia Strategy Management ENE 5
    Universidade Nova de Lisboa Portugal Finance, International Master's in Finance FIE 5
    Universität Mannheim Tyskland Management Alle 6
    University of Queensland Australia Global Management Alle 5

Opptak 

Søknadsfristen er 1. november kvart år. For å få plass i dobbelgradsprogrammet må du tilfredsstilla karakter-, studieprogresjon- og språkkrava. I tillegg ynskjer me at du er motivert og personleg eigna. 

Søknadskrav- og prosess