Søk på dobbelgradprogrammet

Søk på dobbelgradprogrammet

Søknadsfristen er 1. november 2022

Kven kan søka?

  • Masterstudentar ved NHH i fyrste semester, uansett hovudprofil. Masterstudentar som byrjar i vårsemesteret og MRR-studentar kan dessverre ikkje søka til dobbelgradprogrammet
  • Bachelorstudentar ved NHH på siste året som ikkje skal ha opphald mellom bachelor og master
  • Studentar som har gyldig opphald mellom bachelor- og mastergraden kan ikkje søkja opptak til dobbelgrad
  • Du må ha minimum snitt på C for å koma inn i programmet. Somme skular krev høgare snitt
  • Du må innfri språkkrava (sjå nedanfor) 
  • Merk at du ikkje kan søka deg til ein skule i land du har statsborgarskap i. Kontakt dobbelgradkoordinatoren for spørsmål om dette
  • NB! Du kan ikkje søka på både CEMS og dobbelgradprogrammet samstundes. Dersom du allereie har kome inn på CEMS-programmet, vil du ikkje verta vurdert for dobbelgradprogrammet

UTVALSKRITERIA 

Me vel kandidatar basert på fylgjande kriteria: 

  • Godt karaktersnitt, minimum C. Me vurderer bachelorkarakterar dersom du er bachelorstudent, og karakterar frå haustsemesteret viss du er masterstudent 
  • Studieprogresjon, 30 ECTS per semester frå NHH
  • Motivasjon, akademisk og personleg, for dobbelgradsprogrammet generelt og skulen/studieprogram spesifikt 
  • Personleg dugleik 
  • Språkkunnskapar 

Dersom to studentar med tilnærma karaktersnitt konkurrerer om same plass, vil kandidaten med høgast score på dei øvrige kriteria verta prioritert.

Korleis søker du?

Søk i Søknadsweb mellom 5. oktober og 1. november med alle nødvendige dokument (sjå nedanfor) 

Aktuelle kandidatar vil få invitasjon til intervju i slutten av november. Du vil få beskjed om du har kome inn i slutten av januar. Somme skular krev ein ekstra intervjurunde i ettertid

SØKNADSWEB

 

  • SØKNADSDOKUMENT

    SØKNADSDOKUMENT

    Du må lasta opp fylgjande dokument i Søknadsweb før søknadsfristen: 

    • Offisiell karakterutskrift frå bachelorstudiet, dersom du ikkje tok graden ved NHH 
    • Motivasjonsbrev, på engelsk. Motivasjonsbrevet må vera på maks éi side, og må innehalda din akademisk og personleg motivasjon for å søka på dobbelgradprogrammet. Skriv gjerne kva skule du ynskjer å gå på og kvifor 
    • CV, på engelsk 
    • Dokumentasjon på engelskkunnskapar
  • Språkkrav

    Språkkrav

    Du må ha gode engelskkunnskapar for å få plass ved dobbelgradprogrammet. Dette kan du stadfesta blant anna ved å ha:

    • engelsk som morsmål
    • ferdig bachelorgrad, der heile graden var tatt på engelsk 
    • gyldig TOEFL/IELTS-test (sjå minimumresultat nedanfor). Testane er gyldige i maks to kalenderår

    Du kan ta ein TOEFL ITP-test ved NHH. 

    Minimumstandarden for testresultata (TOEFL): 

    • TOEFL Institutional Testing Programme (ITP): 600 
    • TOEFL Computer-based (CPT): 233 
    • TOEFL Internet-based (IBT): 90 

    NB! Studentar som søker på University of Queensland må ha minimum TOEFL IBT-resultat på 100. 

    Du kan lesa meir om TOEFL på nettsida til språktesten

    Minimumstandarden for testresultata (IELTS): 

    • IELTS: 6.5 

    NB! Studentar som søker på University of Queensland må ha minimum IELTS-resultat på 7.

    Du kan lesa meir om IELTS på nettsida til språktesten