Studierettleiing
Grunna situasjonen med koronaviruset skjer studierettleiing no kun på e-post og telefon.
Studierettleiaren er gjerne den første du kontaktar når du har spørsmål om studia dine, eller korleis handtere livet som student.
Studierettleiaren kan mellom anna hjelpe deg med:
- Spørsmål om opptak
- Innpass av studium frå andre undervisningsstadar
- Utdanningsplan
- Studierett
- Spørsmål om eksamen
- Forsinka studieprogresjon
- Tilpassa utdanningsplan §2,7
- Tilrettelegging av studia
- Tilrettelegging av eksamen
- Permisjon
Studierettleiing om internasjonale moglegheiter
- Utveksling
- CEMS Masters in International Managment (CEMS MIM)
- Dobbelgrad
- Internasjonale karrieremogelegheiter
- Andre internasjonale moglegheiter og tenester
Dei ulike studierettleiarane har sine spesialfelt som dei kan mest om, så viss du har veldig spesifikke spørsmål kan det vere lurt å oppsøke den som kan mest om dette. Alle vil kunne svare på generelle spørsmål om utveksling og internasjonale moglegheiter.
Opningstider og kontaktinformasjon
Studierettleiing:
- E-post: student@nhh.no
- Telefon: 55 95 92 00
-
I perioden måndag 11. januar til måndag 1. februar har vi timebestilling kvar dag kl. 09.00-15.00.
Studierettleiing om internasjonale moglegheiter:
- E-post: int.stud@nhh.no
- Telefon: 55 95 92 00
- Opent etter denne timeplanen
BESTILL STUDIERETTLEIING INTERNASJONALE MOGLEGHEITER
All studierettleiing skjer på telefon.
Du kan finne ledig time og bestille sjølv i lenka over. Alle avtalar vil for tida skje over telefon. Logg inn med Feide (som på Studentweb). Vi vil ringe deg så tett opp til timen din som er råd, dersom timen blir mykje forsinka vil vi gje deg beskjed. Hugs at det kan vere mange som ønsker rettleiing, så det er viktig at du avbestiller timen dersom du ikkje skal nytta han.
Er du ikkje student på NHH, kontakt Servicesenteret for å booke time.
Fagleg rettleiing
Dersom du har faglege spørsmål om studia dine t.d. om;
- Fagleg innhald og opplegg i kurs utover det som står i kursskildringa. Kontakt kursansvarleg.
- Fagleg innhald i bachelorprogrammet i økonomi og administrasjon (BØA). Kontakt Programleiar for BØA.
- Fagleg innhald og tilrådde kurs i hovudprofilen din i masterprogrammet i økonomi og administrasjon (MØA). Kontakt profilkoordinatoren for din hovudprofil, eller programleiar for MØA.
- Fagleg innhald i masterprogrammet i rekneskap og revisjon (MRR) Kontakt programleiar for MRR
Du finn oversikt over kurs, studieprogram og profilar i MØA under "emner i studia ved NHH". Under kvar enkelt profil finn du kven som er profilkoordinator for din profil.
Nokon å snakke med
NHH og SAMMEN har mange personar med teieplikt som du kan snakke med om alt.
- Studierettleiar (finn din studierettleiar under "bestill studierettleiing)
- Rådgjevar (SAMMEN)
- Psykolog
- Studentprest
- SAMMEN sitt karrieresenter