Studentombod

Studentombod

Har du fått avslag på ein søknad, er du mistenkt for juks eller har du opplevd trakassering i studiesituasjonen? Det kan vera mange grunnar til at ein kan trengja bistand i saker som gjeld studiesituasjonen.

Studentombodet på NHH avgjer ikkje saker, men vil kunne rådgje deg i alle saker som gjeld tilhøve mellom deg som student og NHH. Typiske saker studentombodet kan hjelpa til med er saker som gjeld:

  • Formell feil på eksamen
  • Avslag på søknadar tilrettelegging, utvida studierett, innpass, utveksling etc.
  • Mistanke om juks
  • Varsling
  • Trakassering

Vidare vil studentombodet kunne rådgje om prosessen vidare i saker, kva dokumentasjon som er viktig, korleis du best fremjar saka di m.m. Du må sjølv fremja saka di, men studentombodet vil kunne bidra med råd om korleis du bør framstilla saka.

Hjelp frå studentombodet er gratis og uforpliktande, i tillegg til at studentombodet sjølvsagt har teieplikt.

Målet for studentombodet er at studentar som er i konflikt med NHH skal få ei best mogleg sakshandsaming, få innsyn i sine moglegheiter til å vinna fram og ikkje oppleva seg overkøyrd av NHH.

Sigbjørn Råsberg er studentombod på NHH. Du kan avtala møte med han via telefon eller epost. Sigbjørn har kontor i etasjen over biblioteket.