Sei frå - varslingsrutinar ved NHH

Sei frå - varslingsrutinar ved NHH

Viss du som student eller tilsett ved NHH oppdagar brot på lovreglar eller etiske normer, som for eksempel mobbing, trakassering, diskriminering, ureielegheit, økonomisk utruskap med meir, er det viktig at du seier frå.

Varsling for studentar

Du skal varsle dersom du opplever, observerer eller mistenkjer alvorlege, kritikkverdige forhold ved NHH. Sei frå om læringsmiljøet ditt!

Du kan varsle via e-post til stud.varsel@nhh.no

Dersom du vil varsle via ei kryptert løysing, kan du bruke NHHs nettskjema for varsling.

Gå til skjema for varsling

Skjemaet blir sendt til prorektor for utdanning Stig Tenold, prorektor for forsking Malin Arve og rådgjevar Randi Holmås.

Ønskjer du å varsle anonymt, nyttar du same skjema, men utan å oppgje namnet ditt.

Du vil bli beden om å oppgje e-postadresse, men dette er berre for mottak av kvittering. E-postadressa vert ikkje lagra når det vert varsla anonymt.

Ved anonym varsling kan du også varsle via brev eller telefon til:

Anonyme varsel er i dei fleste tilfelle vanskelegare å følgje opp, men vi vil uansett gjere vårt beste for å undersøkje tilhøve det vert varsla om.

Varsling for tilsette

Du skal varsle dersom du oppdagar skadelege, uetiske eller straffbare tilhøve ved NHH.

Du kan varsle ved å sende varselet ditt til varsel@nhh.no.

Som tilsett kan du også varsle til næraste leiar, verneombod eller tillitsvald.

Du kan også varsle til

Ved anonym varsling kan du varsle via brev eller telefon til

Anonyme varsel er i dei fleste tilfelle vanskelegare å følgje opp, men vi vil uansett gjere vårt beste for å undersøkje tilhøve det vert varsla om.

Slik behandlar vi varsel

Varselet bør innehalde:

  • fullt namn
  • beskrivelse av kva du har opplevd/observert
  • stad, dato og eventuelt klokkeslett for hendinga
  • eventuelle vitne

Alle varsel vert teke alvorleg og vert teke tak i med ein gang. Varslingssaker vert behandla konfidensielt ved at varselet og namnet ditt ikkje vil bli kjent for fleire enn det som er naudsynt for å behandle saka.

Den som vert skulda for noko har rett til å få vite om skuldinga, få innsyn i saka og få uttale seg. Det vil i dei fleste saker innebera at den som vert skulda vil få vite kven som har varsla.

Når du har varsla vil du få ei stadfesting på at varselet er motteke og saka vert behandla så raskt som mogleg. Viss det vert avdekka kritikkverdige tilhøve, skal tiltak setjast i verk for å rette opp tilhøvet.

Du skal ikkje oppleve negative konsekvensar ved å seia ifrå.

Varsel vert arkivert i NHHs arkivsystem. Dei er unntatt offentligheit og kun rektor og arkivleiar har tilgang, i tillegg til dei som er nemnt over.