Ei verd av moglegheiter

Ei verd av moglegheiter

VEL EMNE I SPRÅK OG INTERKULTURELL KOMMUNIKASJON!

Som student ved NHH har du ei unik moglegheit til å integrera emne i språk og interkulturell kommunikasjon i graden din. Språkevne og kulturforståing er stadig viktigare i ei globalisert verd, og disse valemna rustar deg til ein karriere i dagens internasjonale næringsliv.

Bachelorstudentar kan velja mellom 5 framandspråk: engelsk, fransk, spansk, tysk og japansk. Språkundervisninga er skreddarsydd for deg som NHH-student, med fokus på praktisk og yrkesrelevant språkkompetanse i tillegg til samfunns- og kulturkunnskap.

Masterstudentar som skal på utveksling eller internship og som ønskjer å ta språkemne for å førebu seg til utanlandsopphaldet, kan be om tilgang til desse emna ved å kontakte fsk@nhh.no. Merk at språkemne er på bachelornivå og difor ikkje kan inngå i mastergraden.

Ønsker du å reisa på utveksling til fransk-, tysk- eller spanskspråklege skoler som underviser på lokalspråket må du oppfylla krava til språkkunnskapar. Gode kunnskapar i framandspråk gjev deg òg moglegheita til å ta ein CEMS-mastergrad.

Ein NHH-grad med dokumenterte språk- og kulturkunnskapar vil gje deg eit solid konkurransefortrinn om du ønsker spennande jobbar i internasjonale miljø.

engelsk

Emne i engelsk:

ENG10 English for Business I

ENG11  English for Business II

Lurar du på noko om emne i engelsk?
Ta kontakt med Gisle!

Last ned presentasjonen om engelsk valfag

fransk

EmnE i FRANSK: 

FRA21 Fransk for næringslivet

FRA22 (lenke til FRA22 kommer snart)

Lurar du på noko om emne i fransk?
Ta kontakt med Annelise!

Last ned presentasjonen om fransk valfag

Spansk

Emne i spansk:

SPA10  Spansk språk

SPA20 Den spansktalande verda i dag: økonomi, samfunn og kultur

SPA13 Economía y sociedad en el mundo hispanohablante

Lurar på du på noko om emne i spansk?
Ta kontakt med Margrete!

Last ned presentasjonen om spansk valfag

tysk

Emne i tysk:

TYS10 Tysk økonomisk språk I

TYS11  Tysk økonomisk språk II

Lurar du på noko om emne i tysk?
Ta kontakt med Bjørnulf!

LAST NED PRESENTASJONEN OM TYSK VALFAG

japansk

Emne i japansk

JAP10 Japanese for Business I

JAP11  Japanese for Business II

JAP12 Japanese for Business III

Lurar du på noko om emne i japansk?
Ta kontakt med Kristin!

LAST NED PRESENTASJONEN OM JAPANSK VALFAG

internship abroad

Internship Abroad-programmet kombinerer praksisopphald i utlandet med fagleg arbeid som lærer deg å observera, skildra og reflektera over kva det inneber å jobba i eit interkulturelt miljø. Me tilbyr òg eit Internship Abroad-emne for masterstudentar. Kvart emne gjev 7,5 studiepoeng.

Les meir om Internship Abroad-programmet

En verden av muligheter banner.PNG