Søk om utveksling

Søk om utveksling

Søknadsweb opnar i midten av mai for bachelorstudentar som ønsker å søka om utveksling i påfølgande studieår. Søknadsfrist er 1. juni.

!

Søknadsfrist 1. februar (master) / 1. juni (bachelor).

Bachelorstudentar søker innan 1. juni for utveksling i vårsemesteret i neste kalenderår. Masterstudentar søker innan 1. februar for utveksling i påfylgjande akademiske år, haust eller vår.

Me sakshandsamer ikkje utvekslingssøknadar til studentar som allereie har takka ja til plass i CEMS- eller dobbelgradprogrammet.

  • Søk i Søknadsweb

    Søk i Søknadsweb

    GÅ TIL SØKNADSWEB

    • Vel "Ny Søknad". Fram til søknadsfristen kan du bruka "Mine Søknader" for å endra søknad og "Mine Dokument" for å endra opplasta dokumentasjon.
    • I Søknadsweb kan du priortera opptil 20 vertsinstitusjonar. Somme vertsinstitusjonar har fleire campusar, og du må søka på rett campus. Du kan søka på fleire campusar på ein vertsinstitusjon.
  • Søknadsdokument

    Søknadsdokument

    • Dersom du skal søka til Rikkyo, må du legga ved eit motivasjonsbrev
    • Dersom du søker til MBA-plass, må du legga ved CV med arbeidserfaring
    • Dersom du søker på ein vertsinstitusjon med språkkrav, må du legga ved dokumentasjon på språkkunnskapar.
    • Dersom du har hatt tilpassa studieløp eller gyldig permisjon, må du legga ved dokumentasjon
    • Last opp alle dokument samla i ei PDF-fil med namnet ditt som dokumenttittel.
  • Språkkunnskapar

    Språkkunnskapar

    • Somme vertsinstitusjonar har krav til språkkunnskapar. Du kan ta valfag innanfor språk på NHH som ein del av din bachelorgrad.
    • Engelsk: Nokre vertsinstitusjonar har spesifikke krav til dokumentasjon av engelskkunnskapar, t.d. karakteren 4 eller betre i engelsk frå vidaregåande skule. I lista over utvekslingsstadar er slike krav oppførte for dei vertsinstitusjonane det gjeld. Det er ditt ansvar å passa på å samla all dokumentasjon for alle vertsinstitusjonane du søker på. 
    • Tysk/fransk/spansk: Viss du søker fransk-, tysk- eller spanskspråklege vertsinstitusjonar som underviser på lokalspråket, må du kunna dokumentera at du har eller vil oppnå språkkunnskapar tilsvarande to modular (15 studiepoeng) i det respektive språkvalfaget før du reiser ut. Merk at språkfag frå vidaregåande skule ikkje er tilstrekkeleg.
  • Korleis takkar eg ja eller nei til ein plass?

    Korleis takkar eg ja eller nei til ein plass?

    • Du takkar ja eller nei til den tildelte plassen i Søknadsweb. 
    • Du vil få tilsendt lenka til ein utvekslingskontrakt som må fyllast ut etter at fristen for å takka ja i Søknadsweb er ute.
    • Om du skal på utveksling til Europa (utanom Sveits og Storbritannia), er du ein Erasmus+ student og er plikta til å gjera deg kjent med Erasmus+ Student Charter (PDF, 273 kb) før du takkar ja til plassen.
    • Skal du seia ifrå deg plassen du er blitt tildelt, må du takka nei i Søknadsweb. Det er viktig at du frigjer plassen slik at me kan nytta han i restplassuttaket.
  • Kan eg byta plass eller søka på restplassar?

    Kan eg byta plass eller søka på restplassar?

    • Alle som ikkje fekk tilbod om utvekslingsplass i hovudopptaket, får tilbod om å søka på restplass. 
    • Studentar som har fått tilbod om utvekslingplass i hovudopptaket, vil ikkje få tilbod om å søka på restplass. 
    • Tilbodet om restplass og informasjon om restplassopptaket vil verta sendt til din NHH-mail. 
    • Du kan ikkje byta den plassen du har fått tildelt i hovudopptaket, heller ikkje til ein skule du hadde lenger nede på prioriteringslista.
  • Søk vertsinstitusjonen om opptak

    Søk vertsinstitusjonen om opptak

    • Alle studentar som får tilbod om ein utvekslingsplass frå NHH, må også søka vertsinstitusjonen om opptak. For å få opptak må du hugsa på å: fylgja søknadsfristar og svarfristar, oppfylla eventuelle språkkrav, oppretthalda eventuelle karakterkrav,  betala eventuelle skulepengar og halda ein høfleg tone i korrespondanse med vertsinstitusjonen.
    • Du vil motta informasjon om korleis du søker om opptak, bustad og visum frå vertsinstitusjonen per e-post etter at NHH har nominert deg.
    • Hugs at alle vertsinstitusjonar har ulike krav til søknadsdokument, ulike tidspunkt for fristar, og at dei sender ut informasjon til studentar på ulike tidspunkt. Du skal difor ikkje uroa deg om du ikkje har fått informasjon frå vertsinstitusjonen medan andre studentar har fått ein e-post.