Førebu utvekslingsøknaden

Førebu utvekslingsøknaden

Les deg godt opp på søknadskrava til utveksling og vertsinstitusjonen før du søker til utveksling. Her finn du informasjonen du treng til å søka.

Generelle krav

Både bachelor- og masterstudentar kan søka opptil 20 plassar. Masterstudentar kan søka til plassar i både haust- og vårsemesteret. 

  • Kvalifikasjonskrav

    Kvalifikasjonskrav

    • Bachelorstudentar som vil på utveksling i fjerde semester må ha fullført minst 45 studiepoeng på to semester før opptak til utveksling.
    • Bachelorstudentar som ønsker å dra på utveksling i sjette semester må fullføra alle obligatoriske emne før utreise.
    • Bachelorstudentar som har avlyst utveksling i fjerde semester utan gyldig grunn vert nedprioriterte om dei søker på utveksling på nytt i sjette semester.
    • Du vert ikkje nedprioritert viss du trekte deg frå utveksling i bachelorprogrammet, og vil søka på utveksling i masterprogrammet.
    • Masterstudentar som vil på utveksling må ha fullført minst 15 studiepoeng ved NHH i fyrste semester før opptak til utveksling. 
    • Masterstudentar kan ikkje kombinera utveksling med støtteprofil i eit anna fagområde enn hovudprofilen ved NHH.
    • Studentar som har takka ja til CEMS- eller dobbelgradsplass vil ikkje vera vurderte til utveksling
    • Studentar som i augneblikket har opphald mellom bachelor- og mastergraden kan ikkje søka opptak til utveksling på masternivå.
    • Studentar må ha studierett når dei søkjer på utveksling.
    • Som hovudregel kan du ikkje reisa på utveksling til eit land der du har statsborgarskap. Viss du har spørsmål rundt dette, ber me deg ta kontakt med oss.
  • Utvekslingssemester

    Utvekslingssemester

    • Bachelorstudentar kan reisa i fjerde eller sjette semester. Me tilrår studentar å reisa i fjerde semester.
    • MØA-studenter kan reisa i tredje eller fjerde semester. Me tilrår studentar å reisa i tredje semester. Interne studentar har også moglegheit til å reisa i andre semester.
    • MRR-studenter kan reisa i tredje eller fjerde semester. Me tilrår studentar å reisa i tredje semester.
    • Det er berre mogleg å dra på utveksling som ein del av ein grad i normert studietid. Alle semestera du har hatt aktiv studierett, tel med i rekninga.
  • Utveksling i sjette semester

    Utveksling i sjette semester

    • Bachelorstudentar som ønsker å dra på utveksling i sjette semester må fullføra alle obligatoriske emne før utreise.
    • Du vil få vitnemålet noko seinare enn dine medstudentar fordi innpass av utveksling er gjennomført i september og oktober.
    • Me tilrår ikkje å dra på utveksling i sjette semester dersom du planlegg å ta mastergrad utanfor NHH ettersom me ikkje kan garantera at du vil få vitnemålet ditt i tide. 
  • CV og motivasjonsbrev

    CV og motivasjonsbrev

    • Du treng ikkje senda CV eller motivasjonsbrev, frå og med skuleåret 2023-2024. Dei einaste unntaka er:
    • Dersom du søker til Rikkyo University, må du legga ved eit motivasjonsbrev der du skriv kvifor du er motivert til å ta eit internship i Japan, som utveksling ved dette universitetet er kombinert med.
    • Dersom du søker til MBA-plass, må du legga ved CV som viser at du oppfyller krav til arbeidserfaring.
    • Dersom du søker til ein institusjon med språkkrav, må du legga ved dokumentasjon på språkkunnskapar.
  • Progresjon

    Progresjon

    • Dersom du har normert progresjon, vil du få 10 tilleggspoeng ("progresjonspoeng").
    • Du har normert progresjon viss du har 22,5 eller fleire studiepoeng i semesteret (for masterstudentar) eller 45 eller fleire studiepoeng i studieåret (for bachelorstudentar som reiser i 4. semester). 
    • Innpassa fag vert rekna med i progresjonskravet. 
    • Du kan søka på utveksling sjølv om du ikkje har normert studieløp, men du vil då stilla lenger bak i køen sidan du ikkje får tilleggspoeng.
    • Viss du har tatt for få fag på grunn av medisinske årsaker, må du dokumentera dette. Legeerklæringa må vera spesifisert. 
  • Free Movers

    Free Movers

    • Du kan dra som ein "free mover" viss du vil reisa på utveksling til eit universitet NHH ikkje har avtale med, eller ein skule du ikkje fekk plass ved i hovud- eller restplassopptaket. 
    • Du må søka på eiga hand, og sjølv ta ansvar for søknadsprosessen. Du er ansvarleg for å ta kontakt med vertsinstitusjonen om eventulle krav. Du må sjølv finna ut av fristar og opptakskrav. Du går glipp av godar for NHH-studentar, t.d. fritak frå krav om språktest eller rabatt på skulepengar. 
    • Du vil ikkje få "statement of English proficiency" og du kan ikkje få førehandsgodkjent emna du tar som ein "free mover". Sidan du ikkje kan vita om dei studiane du tek vil inngå i graden din, vil du ikkje få støtte frå Lånekassen for delstudiar i utlandet. 
    • Når du kjem tilbake til NHH etter studieopphaldet som "free mover", må du søka om innpass av studiane du har tatt i utlandet. 
  • Svar på søknaden

    Svar på søknaden

    • Bachelorstudentar får svar på søknaden i slutten av august eller byrjinga av september.
    • Masterstudentar får svar på søknaden i slutten av februar eller byrjinga av mars.

 

Utvekslingsdestinasjon

Usikker på kor du ønsker å dra på utveksling? La deg inspirera på vår inspirasjonsside

  • Utvekslingsstadar

    Utvekslingsstadar

    • NHH kjem ikkje til å senda studentar til Russland i skuleåret 2023-2024. Utanom dette vert lista for bachelor- og masterstudentar oppdatert jamleg. 
    • Besøk heimesidene til dei vertsinstitusjonane du er interessert i å dra til. Me tilrår deg òg å lesa gjennom studentrapportar
  • Vertsinstitusjon

    Vertsinstitusjon

    • Gjer grundige undersøkingar for å finna ut om dei institusjonane du søker på passar for deg og dine interesser.
    • Har du eit ønske om å ta emne innan for spesielle fagområde, må du sjekka om dei universiteta du kan tenkja deg å dra til faktisk tilbyr emne innanfor gjeldande fagområde som er tilgjengeleg for innreisande studentar. Nokre av partnarane våre tilbyr ei mengde emne innanfor ulike fagområde, medan andre er mindre og meir spesialiserte. 
  • Studentrapportar

  • Semesterdato

    Semesterdato

    • Pass på at vertsinstitusjonane har høvelege semesterdato for deg.
    • Den beste kjelda er alltid heimesida til vertsinstitusjonen. Dersom du ikkje finn semesterdatoen direkte på nettsida, kan det ofte hjelpa å søkja på «academic calendar/semester dates» og liknande. 
  • Visum

    Visum

    • Ta kontakt med vertsinstitusjonen om du har spørsmål om visum. Me tilrår deg òg å sjå gjennom UDs reiseinformasjon

 

Språk

Viss det står to språk på nettsida, t.d. "engelsk og fransk", er det nok emne på engelsk til å berre ta engelskspråklege emne. Kan du begge, har du berre fleire emne å velja mellom. 

  • Engelskkrav

    Engelskkrav

    • Dersom du må ta ein offisiell IELTS eller TOEFL-test, treng du berre ta den før du søkjer opptak til vertsinstitusjonen ditt etter at NHH har nominert deg, ikkje før søknadsfristen til utveksling generelt. 
    • NHH arrangerer TOEFL ITP-testar to gonger i året. NB! Ikkje alle vertsinstitusjonar godkjenn TOEFL ITP-testar. 
  • Spansk-, fransk- og tyskkrav

    Spansk-, fransk- og tyskkrav

    • Dersom det er spansk/fransk/tysk språkkrav, må du ha tatt eit språkkurs der nivået kjem tydeleg fram. 
    • Du kan òg ha språket som morsmål eller tatt kurs ved andre institusjonar før avreise, t.d. Folkeuniversitetet.
    • Det er viktig at du kan dokumentera språkkunnskapane dine, og legg dokumentasjonen ved når du søkjer til utveksling. Les meir om språkkrava her. 

 

Karakterar 

Utveksling er tilgjengeleg for alle uavhengig av karaktersnitt. Somme vertsinstitusjonar har likevel karakterkrav. Dersom det er konkurranse om plassane er det karaktersnittet som avgjer kven som får plass. 

  • Karakterar frå vdg.

    Karakterar frå vdg.

    • Karakterar frå vidaregåande trengst ikkje med mindre du tok heile vidaregåande i utlandet eller IB.
    • Når du søker direkte til vertsinstitusjonen, vil du derimot ofte måtte lasta opp ein kopi av karakterane frå vidaregåande. 
  • Tidlegare snitt

    Tidlegare snitt

    • NHH deler ikkje ut tidlegare snitt av omsyn til personvern.
  • Karaktersnitt

    Karaktersnitt

    • Snittet vert rekna ut ifrå alle karakterane du har fått ved NHH. 
    • Bokstavkarakterar vert erstatta med tal på fylgjande vis: A=5, B=4, C=3, D=2 og E=1. Det er berre emne og studiepoeng med talkarakter som vert tatt med.
    • Bestått/ikkje bestått tel som ein del av progresjonen, men ikkje som ein del av karaktersnittet. 
  • Karakterkrav

    Karakterkrav

    • På sida med utvekslingsplassar på bachelornivå og på masternivå står det informasjon om eventuelle karakterkrav ved individuelle vertsinstitusjonar.
  • Progresjon og karaktersnitt

    Progresjon og karaktersnitt

    • Dersom du oppfyller progresjonskravet, vil me legga til 10 ekstra "poeng" i systemet. Eit A-snitt på 5 vert difor registrert som 15 med progresjon.
    • Innpassa karakterar vert ikkje rekna med i snittet, men i progresjonen. NB! Dette gjeld frå og med bacheloruttaket med utreise våren 2024, og vil gjelda både bachelor- og masteruttak.
  • Klage

    Klage

    • Snittet vert rekna ut på ein bestemt dato, "opptaksdagen". Denne datoen varierer frå år til år, og me vil informera om den på infomøtet om utveksling før søknadsfristane. 
    • Dersom du har klaga på ein karakter, men ikkje fått svar innan opptaksdagen, så vil ikkje den karakteren tella med i snittet eller i progresjonen. Juridisk sett «eksisterer» ikkje denne karakteren medan den vert klaga på.