Innpass av eksterne emne

Innpass av eksterne emne

Dersom du har emne frå andre lærestadar, kan du søke om å få dei innpassa i graden din ved NHH.

Søknadsfrist

1. september for emne i haustsemesteret

1. februar for emne i vårsemesteret

Fristen for å søke innpass hausten 2018 er no ute. Søknadsskjemaet blir lagt ut igjen like etter nyttår og neste søknadsfrist er 1. februar 2019.

Vi rår deg til å søke innpass så tidleg som mogeleg i studiet, gjerne i ditt første semester. Du kan ikkje søke om innpass før du har byrja studiane dine ved NHH. Seksjon for opptak har heller ikkje kapasitet til å gjere førehandsvurderingar av innpass for potensielle studentar.

Krav til dokumentasjon

For at ein søknad skal reknast som komplett, må han innehalde følgande dokumentasjon:

  1. Resultatutveksling/karakterutskrift: NHH kan hente resultata dine frå dei fleste andre lærestadane i Noreg. For at resultata dine skal kunne hentast, må du samtykke til resultatutveksling i StudentWeb. Dette gjer du under "Min profil". Dersom du har utdanning frå ein lærestad som tillèt resultatutveksling med NHH, treng du ikkje laste opp karakterutskrift/vitnemål for å vise resultata dine.

    OBS! Nokre få lærestadar, til dømes BI, tillèt ikkje resultatutveksling med NHH. Slik utdanning må du framleis dokumentere med ein offisiell karakterutskrift med stempel og underskrift frå lærestaden. Utskrifter frå studentportalar på internett er ikkje gyldig dokumentasjon.

  2. Emneomtale: Alle søknadar må innehalde ein offisiell emneomtale inkludert pensumoversikt, samt gjerne forelesings-/emneplan. Merk at det må gå fram av emneomtalen at den gjeld for akkurat det semesteret du tok emnet. Emneomtalen kan vere ein direkte link til lærestaden si heimeside eller ei vedlagt PDF-fil.

Merk at alle dokument må vere i PDF-format. Andre format, samt dokument som inneheld «+», «/», «?» og tilsvarande teikn i filnamnet kan ikkje opnast.

 Du er sjølv ansvarleg for at søknaden du sender inn er komplett.

Kva emne kan innpassast?

Emnet du ønsker innpassa må fylle tre krav:

  1. Det må ha same omfang (studiepoeng)som emnet du søker innpass for.
  2. Det må vere på same nivå (bachelor/master) som emnet du søker innpass for.
  3. Det må ha same innhald/læringsutbytte som emnet du søker innpass for.

Oversikt over tidlegare avslag og innvilga innpass (Excel 715 kb)

Uspesifisert innpass

Bachelor

Studentar som byrja bachelorstudiane sine ved NHH hausten 2015 eller seinare, kan ikkje søke om uspesifisert innpass.

Studentar som byrja bachelorstudiane sine ved NHH hausten 2014 eller tidlegare, kan i tillegg til ordinært innpass etter reglane over, søke om uspesifisert innpass for inntil to valfrie økonomisk-administrative emne («VOA-fag»). Uspesifisert innpass vil seie at innhaldet ligg innanfor det økonomisk-administrative fagområdet, men at emnet ikkje nødvendigvis har same innhald som eitt av emna i bachelorstudiet. For å få innvilga uspesifisert innpass, kan ikkje emnet overlappe innhaldsmessig med nokon av dei obligatoriske emna i bachelorstudiet. 

Master

Studentar ved masterstudiet i økonomi og administrasjon eller rekneskap og revisjon kan ikkje søke om uspesifisert innpass.

Søkeprosessen

  • Du må sende inn éin søknad for kvart NHH-emne du ønsker innpass for.
  • Søk kun innpass for eitt NHH-emne på grunnlag av det same eksterne emnet samtidig. Dersom du søker innpass for fleire NHH-emne på grunnlag av det same eksterne emnet, vil berre den første søknaden du sender inn bli behandla. Skulle du få avslag på denne søknaden, kan du i neste semester sende inn ein ny søknad på grunnlag av eit anna eksternt emne.  
  • Du kan kombinere fleire eksterne emne i ein søknad om innpass for eitt NHH-emne. Motsett, kan eitt eksternt emne kun nyttast til innpass éin gong. Dette gjeld sjølv om det eksterne emnet er på 15 studiepoeng eller meir.  
  • Dersom du søker innpass for eit emne det undervisast i same semesteret, bør du undervisnings- og vurderingsmelde deg både i emnet du søker innpass for og emnet du eventuelt ønsker å erstatte dette med. Det kan ta tid å få svar på søknaden, og du må vere førebudd på å ta eksamen i emnet i tilfelle avslag.
  • Ver klar over at eit teljande eksamensforsøk i eit emne du har fått innvilga innpass for, fører til at innpasset blir annullert. «Ikkje møtt» til eksamen reknast også som eit teljande eksamensforsøk. Det er derfor svært viktig at du hugsar å slette vurderingsmeldinga i emnet dersom du får søknaden din innvilga. 
  • Emne som er innpassa i graden ved NHH vil ikkje gå fram av foreløpige karakterutskrifter. På vitnemålet vil emnet stå med emnetittel og lærestad, samt «innpassa»/«recognized». Dersom du ønsker å dokumentere karakteren din i emnet, må du legge fram ein karakterutskrift frå lærestaden. 

Svar på søknaden

Du får normalt svar på søknaden innan ein månad etter søknadsfristen. Dersom han krev fagleg vurdering, må du rekne med lenger svarfrist. Du får svar på søknaden i din digitale postkasse.