Sommarkurs i Shanghai
Delta på sommarkurs ved Nordic Centre ved Fudan University og oppnå ettertrakta fyrstehandskunnskap om Kina.
Nordic Centre er eit felles prosjekt mellom Fudan University i Shanghai og ei rekke partnerskular i Norden. NHH har moglegheit til å senda tre studentar til Nordic Centre sine sommarkurs. I 2022 vil sommarkurset vera fysisk i Göteborg og det er ingen deltakaravgift.
Søknadsfrist: 8. mars 2022
I 2022 tilbyr Nordic Centre eit kurs: Business and Innovation in China (pdf, 2,59MB). Kurset er retta mot studentar som har liten eller ingen erfaring frå Kina og har eit arbeidsomfang som tilsvarar 5 ECTS. Studiepoenga kan ikkje verta innpassa i bachelor- eller mastergradar ved NHH.
Kva kostar det?
I 2022 vil sommarkurset vera gratis. Du må betala opphald og mat sjølv.
koRLEIS søker eg?
Din søknad vil vera vurdert på grunnlag av dine karakterar ved NHH, din motivasjon og di erfaring. Du må senda fylgjande dokument til int.stud@nhh.no for å søka:
- Søknadsskjema til Nordic Centre (Word 260kb)
- CV på engelsk.
Vennleg inkluder fylgjande i tittelen på e-posten: "Søknad sommarkurs Fudan/Nordic Centre". Merk at søknadsskjemaet må vera levert i Word-format.
Du vil få svar på søknaden frå NHH på e-post innan 20. mars. NHH vel ut tre studentar og nominerer dei til Nordic Centre. Nordic Centre gjer dei utvalte studentane endeleg svar på søknaden i midten av april.
Kontakt
- Telefon
- +47 55 95 92 00
- E-post
- int.stud@nhh.no