Utveksling

Utveksling

Som NHH-student har du moglegheit til å få eit spennande studieopphald i utlandet som ein integrert del av studiane. Eit utvekslingsopphald gjev både sosial og fagleg kompetanse som kjem til nytte i studiane og når du skal ut og søka jobb.

!

Søknadsfrist 1. februar (master) / 1. juni (bachelor).

Informasjonsmøte for studentar som er interesserte i å dra på utveksling hausten 2025 eller våren 2026 vert arrangert 22. januar 12.30-13.30 i Aud A!

I alt har me utvekslingsavtaler med meir enn 190 universitet og handelshøgskular i meir enn 50 land. Det er viktig at du får eit godt fagleg opplegg når du er på utveksling. NHH tilbyr difor berre utvekslingsalternativ som held høg fagleg standard.