Under og etter utveksling

Under og etter utveksling

Dette treng du å vita når du er på utvekslingsopphald og etter du har kome heim.

TRENG DU HJELP?

Viss du blir utsett for ei uforutsett hending, er det viktig å vita kva du skal gjera.

  • Akutt hjelp

    Akutt hjelp

    • Kontakt lokalt politi, brannvesen og/eller ambulanse/lege i akutte situasjonar. Dersom du ikkje kan gjera deg forstått, må du få tak i nokon som kan fungera som tolk.
  • Mindre alvorlege situasjonar

    Mindre alvorlege situasjonar

    • Kontakt koordinatoren din ved vertsinstitusjonen og/eller den administrative koordinatoren din ved NHH i mindre alvorlege situasjonar som ikkje er akutte. 
  • Unntakstilhøve

    Unntakstilhøve

    • Ved unntakstilhøve skal du følge råd og pålegg frå lokale styresmakter.
  • Faresituasjon

    Faresituasjon

    • Fylg råda som vert gjevne frå næraste norske ambassade eller konsulat/Utanriksdepartementet i faresituasjonar. Ha telefonnummeret til den næraste norske utanriksstasjonen (ambassade eller konsulat) og andre viktige telefonnummer lett tilgjengelege.
  • Registrer deg ved utanriksstasjonen

    Registrer deg ved utanriksstasjonen

    • Registrer deg ved nærmaste norske utanriksstasjon når du er komen til studiestaden. 
  • Fylg lover og reglar

    Fylg lover og reglar

    • Fylg lover og reglar i det landet du skal opphalda deg i, og ver merksam på at forhold, normer og reglar (både skrivne og uskrivne) kan vera annleis enn det som gjeld i Noreg. Ei god guidebok eller nettside om landet kan gje ein del retningslinjer.
  • Hald familien din oppdatert

    Hald familien din oppdatert

    • Dersom ein farleg situasjon skulle oppstå i landet, ta kontakt med familien din heime for å gje beskjed om at du er trygg. Dette gjeld også dersom du ikkje er i nærleiken av hendinga. Familien din har ikkje alltid oversikt over dei geografiske tilhøva.
  • Mistrivst du?

    Mistrivst du?

    • Dersom du mistrivst og ønsker å avbryta utanlandsopphaldet, snakk først med koordinator ved vertsinstitusjonen og den administrative koordinatoren din ved NHH. 
  • Sjømannskyrkja

    Sjømannskyrkja

  • Sjømannskyrkja sin nødnummer-app

    Sjømannskyrkja sin nødnummer-app

    • Last ned Sjømannskyrkja sin nødnummer-app før utreise. Appen inneheld alle lokale nødnummer uansett kva for eit land du oppheld deg i.

 

Karakterar og innpass

  • Stryk

    Stryk

    • Dersom du strauk i eit emne, og du ikkje kan eller vil ta eksamen på nytt ved vertsinstitusjonen, må du ta dei manglande studiepoenga ved NHH når du kjem tilbake. Dette gjeld også dersom du reiste ut i siste semester av bachelor- eller mastergraden.
    • Ikkje-fullførte studiepoeng ved vertsinstitusjonen får ikkje konsekvensar for Erasmus+ stipendet, men kan påverka omgjering frå lån til stipend ved Lånekassen. 
    • Hugs å søka om fullføringstid dersom du strauk i eit eller fleire emne på utveksling 6. semester (bachelor) eller 4. semester (master).
  • Karakterutskrift

    Karakterutskrift

    • Når du kjem heim etter utveksling, er du sjølv ansvarleg for å passa på at vertsinstitusjonen sendar karakterutskrifta til deg, eller til NHH, direkte. Det må vera ein verifisert PDF-fil med stempel/signatur/digital signering, eller fysisk kopi. Det kan ikkje vera ein skjermdump. Utskrifta skal du senda til international@nhh.no. Me sendar den vidare til riktig saksbehandlar for endeleg innpass. 
  • MRR

    MRR

    • For å kvalifisera til tittelen statsautorisert revisor, må du ha karakteren C eller betre på alle eksamenar som inngår i mastergraden. Dette kravet gjeld også for emne som er tatt på utveksling. 
    • Kravet gjeld berre når det er brukt bokstavkarakterar som vurderingsuttrykk på eksamen (se Forskrift om revisjon og revisorer, § 1-1). Det betyr at C-kravet ikkje gjeld for emne der det er brukt talkarakterar som vurderingsuttrykk på eksamen. 
    • Sjå  https://www.finanstilsynet.no/konsesjon/revisor/personlig-godkjenning-som-revisor/ for meir informasjon.
  • Innpass

    Innpass

    • Sakshandsamingstida på innpass kjem an på kva semester du har vore på utveksling, og kor fort du leverer karakterutskrift frå vertsinstitusjonen til NHH. Vanlegvis tar det t.d. lenger tid dersom du har vore på utveksling om våren enn om hausten.
    • Ver også merksam på at det kan ta tid før vertsinstitusjonen leverer ut karakterutskrifta. NHH kan ikkje legga inn innpass før me har fått dette dokumentet. 
  • Utveksling og vitnemål

    Utveksling og vitnemål

    • Emne du tar på utveksling vert innpassa til bestått/ikkje bestått. NHH innpassar berre emne som er bestått etter krava til vertsinstitusjonen.
    • Når du er ferdig med bachelor- eller mastergraden din, vil det berre stå emnenamn, studiestad og talet på studiepoeng og «bestått» på dei emna du tok på utveksling. 
  • Vitnemålsportalen

    Vitnemålsportalen

    • Vitnemålsportalen viser ei oversikt over alle emna du har bestått ved NHH. Emne du har bestått ved ein annan lærestad utanfor Noreg vil ikkje vera synleg i Vitnemålsportalen.
    • Dersom du treng å visa til karakterane du har fått i utlandet, må du legga ved karakterutskrifta du får frå vertsinstitusjonen for å dokumentera dei konkrete emna du tok og resultata du fekk.

 

rapportar

  • Studentrapport

    Studentrapport

    • Når du kjem heim att frå utveksling må du fylla ut ein studentrapport. 
    • Rapporten vert sendt til din NHH e-post mot slutten av din utvekslingsperiode.
  • Erasmus+ rapport

    Erasmus+ rapport

    • Erasmus+ studentar vil motta ein eigen rapport direkte frå Erasmus+ systemet. 
    • NHH kan ikkje senda denne rapporten ut til studentar som for ein eller annan grunn ikkje får denne frå Erasmus+ systemet.