Før avreise

Før avreise

Legg grunnlaget for ein god utveksling så snart du har fått opptak til vertsinstitusjonen . Det er viktig at du har riktig og oppdatert visum, vaksinar og forsikring. Du bør også tenkja på bustad og konfliktnivået i vertslandet du skal til. Lista nedanfor gjer deg tips til korleis du kan førebu deg til utveksling.

AKADEMISK

Alle studentar som reiser på utveksling, skal i utvekslingssemesteret også betala semesteravgift og semesterregistrera seg ved NHH.

  • Semesteravgift

  • Studentweb

    Studentweb

    • Registrer deg i Studentweb, med «UTVEKSLING, 0 ECTS» før utveksling. Du treng ikkje melda deg opp til undervisning eller vurdering til emne ved NHH. 
    • Etter utvekslingsopphaldet vil NHH innpassa emna ved vertsinstitusjonen. Emna vil vera vekta som bestått. Emna som er ikkje bestått vert ikkje innpassa.
    • Du kan melda deg opp til å ta opp eksamenar ved NHH på like vilkår som elles når du er på utveksling.
  • Utvekslingskontrakt

    Utvekslingskontrakt

    • Studenter som har takka ja til tilbod om utveksling må signera ein utvekslingskontrakt.
    • Opplysningane du har oppgjeve i kontrakten vil NHH bruka i ein krisesituasjon. Det er difor viktig at du gjev korrekte og oppdaterte opplysningar i kontrakten og er kjent med innhaldet i kontrakten ved signering.
    • Registrer deg med korrekte kontaktopplysningar i Studentweb ved NHH i tida du oppheld deg i utlandet.

 

Trekk

Ønsker du å avbryta det planlagte utvekslingsopphaldet?

  • Trekk frå utveksling

    Trekk frå utveksling

    • Dersom du vil avbryta utvekslingsopphaldet, må du gje beskjed til international@nhh.no, i tillegg til vertsinstitusjonen og Lånekassen.
    • Du har rett til å trekkja seg frå utveksling til ein kvar tid, uansett grunn.
    • Bachelorstudentar som har avlyst utveksling i fjerde semester utan gyldig grunn vert nedprioriterte om dei søker på utveksling på nytt i sjette semester.
    • Du vert ikkje nedprioritert viss du trekte deg frå utveksling i bachelorprogrammet, og vil søka på utveksling i masterprogrammet.
  • Utsetta utvekslingsplass

    Utsetta utvekslingsplass

    • Studentar kan ikkje utsetta utveksling eit semester eller år utan dokumentasjon på særskilde grunnar eller sjukdom.
    • Masterstudentar kan ikkje bytta utvekslingssemester frå haust til vår eller vår til haust utan dokumentasjon på særskilde grunnar eller sjukdom.
    • Ved sjukdom er det nødvendig å få legeerklæring med konkret diagnose. NHH vurderer om sjukdommen eller diagnosen kvalifiserer til utsetting eller bytting av utvekslingssemester.
  • Konfliktsituasjonar

    Konfliktsituasjonar

    • Uheldigvis kan internasjonale eller lokale konfliktar oppstå i byen/regionen/landet du har søkt utveksling til. 
    • NHH fylgjer UDs reiseråd, og avlyser ikkje utveksling til byar/regionar/land med eit høgt konfliktnivå med mindre UD har åtvara norske borgarar og studentar ved norske universitet mot å reisa dit.
    • Dersom du ønsker å trekkja deg frå utveksling eller takkar nei til tildelt plass, vil du difor ikkje få spesialhandsaming. Du kan heller ikkje forandra på rekkefylgja i prioriteringslista di, etter fristen.

 

ØKONOMISK 

Det finst ulike kjelder til finansiering av utvekslingsopphald.

  • Lånekassen

    Lånekassen

    • Søk lån og stipend frå Lånekassen så snart du får opptaksbrev frå vertsinstitusjonen innanfor eller utanfor Norden.
    • Basisstøtta frå Lånekassen er lik den du får til vanleg. Skal du til ein vertsinstitusjon som krev skulepengar, må du legga ved dokumentasjon med nøyaktig sum på skulepengar.
    • Du kan i nokre tilfelle få ekstra stipend til å dekka skulepengar om du skal til ein vertsinstitusjon som er på Lånekassens si tilleggstipendliste. Les meir om tilleggstipend.
    • For å få full støtte frå Lånekassen må du ta 30 studiepoeng på utveksling.
    • Du kan få ekstra stipend frå Lånekassen viss du tek språkkurs i undervisningsspråket før delstudiet byrjar. Lånekassen sitt regelverk for støtte til språkkurs finn du her.
    • Du treng ikkje å legga ved dokumentasjon frå NHH om at du skal på utveksling, denne informasjonen sender NHH direkte til Lånekassen.
  • Erasmus+ stipend

    Erasmus+ stipend

    • Viss du skal på utveksling i Europa (unnteke Sveits og Storbritannia), vil du få erasmusstipend. Dette gjeld også dobbelgrad- og CEMS-studentar. 

    Meir om Erasmus+ stipend

  • Nordplusstipend

    Nordplusstipend

    • Du kan få eit nordplusstipend i staden for erasmusstipend dersom du skal på utveksling i Norden. Nordplusstipendet er mindre enn eramusstipendet, men kan i nokre tilfelle gje bustadgaranti ved vertsinstitusjonen (til dømes ved Göteborgs Universitet).

    Meir om Nordplusstipendet

 

Førehandsgodkjenning

Det er lurt å søka opp informasjon om kva emne vertsinstitusjonen tilbyr til innreisande studentar på sine nettsider. Du søker om førehandsgodkjenning her.

  • Tidlegare godkjente fag

    Tidlegare godkjente fag

    • Lista over førehandsgodkjente emne viser kva emne som er tidlegare godkjent. Det går også an å søka førehandsgodkjenning for nye emne.
    • Lista finn du på Canvas, i filmappa til «International Opportunities», og du søker om dette på denne nettsida.
    • Når det er få emne som er godkjent frå før kan det bety at det er ein vertsinstitusjon som ikkje har det største emnetilbodet, men det kan òg bety at det er ein ny vertsinstitusjon som NHH enno ikkje har sendt så mange studentar til.
  • Obligatoriske emne

    Obligatoriske emne

    • Det er berre emne som allereie er på lista over tidlegare godkjente emne som kan erstatta obligatoriske emne.
  • Sakshandsamingstid

    Sakshandsamingstid

    • Vår sakshandsamingstid er på maks tre veker. Me sakshandsamer søknadar fortløpande, men det er ofte stor pågang rett før semesterstart. Det er difor lurt å ikkje venta til siste liten før du sender inn søknaden din.
    • Kontoret er stengt ein periode i fellesferien i juli og i samband med jula, så viss du treng svar på førehandsgodkjenningssøknaden i denne perioden må du sende inn søknaden din tidleg nok til at du kan få svar før. 
  • ECTS

    ECTS

    • ECTS står for the European Credit Transfer and Accumulation System. Alle utdanningsinstitusjonar i Noreg brukar ECTS, slik at 1 ECTS = 1 norsk studiepoeng. 60 ECTS er det same som eit fullt årsstudium. 
  • Utanlandske studiepoengsystem

    Utanlandske studiepoengsystem

    • I oversikta over førehandsgodkjente emne vil det for dei vertsinstitusjonane som ikkje brukar ECTS stå kva 30 ECTS tilsvarar i lokale studiepoeng. Lokale studiepoeng kan heita mykje forskjellig, inkludert credits, units, points eller liknande. 
    • Du skal på utveksling alltid ta det antalet studiepoeng som tilsvarar full semesterbelastning, 30 ECTS. Emne kan ha ulik vekting og det er ikkje sikkert at det som tilsvarar 4 emne ved NHH er 4 emne ved vertsinstitusjonen din.
  • Endring

    Endring

    • Send ny søknad om førehandsgodkjenning dersom du har endra emne. Informer oss om kva emne du ikkje lenger skal ta. 

 

Reise 

Pass på at du har alt av nødvendige dokument i di utvekslingsperiode. 

  • Id-papir

    Id-papir

    • Sørg for å ha gyldige id-papir i det landet du skal reisa til før du drar. Merk at norsk førarkort ikkje er gyldig ID utanfor Noreg!
    • Ta også digitale kopiar av viktige id-papir, t.d. pass. 
  • Visum

    Visum

    • Det er ikkje krav om visum i EU/EØS-land, men du må registrera deg når du kjem fram. Les meir om destinasjonen din hos Utanriksdepartementet.
    • Viss du treng visum, må du ordna det før du reiser på utveksling. For å kunne søka må du ha eit offisielt opptaksbrev frå vertsinstitusjonen. NHH har ikkje høve til å framskunda denne prosessen.
    • Du er sjølv ansvarleg for å søka om visum før du reiser på utveksling. Pass på at passet ditt er gyldig i heile perioden du skal vera på utveksling. Nokre land krev at passet skal vera gyldig i seks månadar etter heimreise.

 

Helse og Forsikring

Det er viktig at du har forsikring for heile utvekslingsopphaldet, inkludert reise til og frå vertslandet. Ver obs på at ei vanleg reiseforsikring ofte berre dekker kortare opphald og ferieturar i utlandet.

  • Vaksine

    Vaksine

    • Ta naudsynte vaksinar før du reiser. På sida til Utanriksdepartementet kan du sjekka om du treng å ta vaksinar for landet du skal reisa til. Dobbelsjekk også vaksinekrav for eventuelle destinasjonar du har planlagt å reisa til. Somme vaksinar må du ta i god tid før avreise.
    • På nettsida til Helse Norge kan du sjekka kva vaksinar du allereie har. 
  • Innanfor EU/EØS

    Innanfor EU/EØS

    • Europeisk helsetrygdkort gjev deg rett til naudsynt medisinsk behandling på same vilkår som borgarar i landet du skal på utveksling til i EU/EØS og Sveits. Les meir og bestill Europeisk helsetrygdekort hjå Helfo.
    • Helserettane du har etter EØS-avtalen er avgrensa, og inkluderer ikkje reise- og ulukkesforsikring og dekkjer ikkje innbu, heimtransport ved sjukdom eller liknande.
  • Utanfor EU/EØS

    Utanfor EU/EØS

    • Nokre universitet krev at du teiknar ei obligatorisk forsikring som dei sjølv tilbyr, særskilt i USA.
    • Dei fleste av NHH sine partnaruniversitet godtek medlemskap i Folketrygda.
    • Universiteta i Australia gjev norske statsborgarar fritak frå å kjøpa Overseas Student Health Cover (OSHC).
    • Helserettane du har etter medlemskap i Folketrygda inkluderer ikkje reise- og ulukkesforsikring og dekkjer ikkje innbu, heimtransport ved sjukdom eller liknande. 
    • NB! Du kan mista retten til dekning av utgifter til helsetenester viss du tek arbeid av noko art medan du er student i utlandet. Les meir om medlemskap i folketrygda hjå NAV.

 

Å vera i utlandet 

God førebuing er viktig for å trivast som utvekslingsstudent. Me tilrår at du les deg opp på vertsinstitusjonen- og landet.

  • Bustad

    Bustad

    • Arranger bustad etter du har fått opptak til vertsinstitusjonen.
    • NB! Ikkje inngå leigeavtale før du har fått opptak til vertsinstitusjonen.
    • Me tilrår at du held deg til tilbydarar som er seriøse og anerkjente, t.d. aktørar som er godkjende og kvalitetssikra av vertsuniversitetet, AirBnB eller liknande store aktørar. 
    • Mange vertsinstitusjonar tilbyr bustad ved/nær campus for utvekslingsstudentar. Sjekk om du kvalifiserer til dette så fort som mogleg etter du har fått opptak til vertsinstitusjonen.
    • Leit etter sider om «housing» eller «accommodations» på heimesida til vertsinstitusjonen. Dei fleste hotell/hostell tilbyr også faste månadsprisar for folk som ynskjer langtidsleige. Dette må du kontakta hotellet/hostellet direkte om.
    • Ver open for å dela rom med andre studentar i dyre byar, då dette ofte er betydeleg billigare enn å leiga individuelle rom. 
  • Likestilling og mangfald

    Likestilling og mangfald

    • Du kan som regel ikkje venta å få tilrettelegging i lik grad ved vertsinstitusjonen slik du får ved NHH. Det er mange skular som ikkje tilbyr t.d. bruk av datamaskin eller utvida tid under eksamen.
    • Ta kontakt med vertsinstitusjonen dersom du har spørsmål rundt tilrettelegging. NHH kan ikkje påverka våre partnarar sitt regelverk eller praksis i slike saker. 
    • Ikkje alle land har dei same lovene og haldningane som Noreg. Dersom du høyrer til ei minoritetsgruppa, bør du sjekka dei lokale lovane og generelle samfunnshaldningane og normene i landet du skal reisa til.
    • Studentar med færre moglegheiter kan få eit tilleggstipend om dei reiser med Erasmus+
  • Berekraftig livstil

    Berekraftig livstil

    • Det er mykje du kan gjera for å leva meir berekraftig på utveksling. Green Erasmus har veldig gode tips til ting du kan tenkja på for å ta gode val for miljø og klima.