Ta emne på utveksling
Du må søka til Seksjon for internasjonale relasjonar om førehandsgodkjenning av emne du ønsker å ta på utveksling.
Du kan få inntil 30 studiepoeng frå utveksling innpassa i graden din ved NHH.
Merk at sjølv om du får NHH sin signatur på eit skjema (opptak, val av emne ved vertsuniversitetet ditt eller liknande), er ikkje dette gyldig som ei førehandsgodkjenning frå NHH. Du må alltid avklara førehandsgodkjenning av emna du skal ta på utveksling, ved å senda inn ein søknad til NHH.
- Søknadsskjema for bachelorstudentar
- Ei liste med tidlegare førehandsgodkjente emne er tilgjengeleg på Canvas.
- Søknadsskjema for masterstudentar som byrja i 2021
- Ei liste med tidlegare førehandsgodkjente emne er tilgjengeleg på Canvas.
- Hugs å senda skjemaet til international@nhh.no
- Søknadsskjema for masterstudentar som byrja før 2021
- Ei liste med tidlegare førehandsgodkjente emne er tilgjengeleg på Canvas.
- Hugs å senda skjemaet til international@nhh.no
-
Bachelorstudentar
Bachelorstudentar
Bachelorstudentar skal som hovudregel berre ta valfag på utveksling. Du treng ikkje gjera endringar i utdanningsplanen din før avreise, men fylgja normal utdanningsplan dei tre første semestera ved NHH.
Her finn du kva emne du skal ta kvart semester medan du er bachelorstudent ved NHH.
Bachelorstudentar kan reisa ut i fjerde semester (vår). Studentar som ikkje har reist ut i fjerde semester, kan reisa på utveksling i sjette semester (vår). Føresetnad for utveksling i sjette semester er at du har fullført alle obligatoriske emne før avreise, slik at du kan ta valfag på utveksling.
NHH tilrår bachelorstudentar å reisa ut i det fjerde semesteret sitt.
- Du kan flytta BED3 og SAM3 frå fjerde til sjette semester.
- Du kan flytta MET4 frå fjerde til femte semester då dette emnet òg går i haustsemesteret.
På denne måten vil du kunna reisa på utveksling og berre ta valfag ute. Dette gjer det enklare for deg å velja emne ved vertsuniversitetet medan du er på utveksling.
Bachelorstudentar som ønsker å reisa ut i det sjette semesteret sitt, må ha fullført alle obligatoriske emne før avreise.
- Du kan flytta BED5 og SOL4 frå sjette til fjerde semester.
- Du kan flytte MET4 frå fjerde til femte semester då dette emnet òg går i haustsemesteret.
Du kan erstatta opptil tre obligatoriske emne medan du er på utveksling, om du reiser i det fjerde semesteret ditt og tek emne frå lista over godkjende obligatoriske emne. Det er ikkje mogleg å søka om godkjenning for nye obligatoriske emne.
- Lista over tidlegare godkjende obligatoriske og valfrie emne ved NHH sine partnarskular finn du i Canvas.
Ver merksam på at sjølv om emne som erstattar obligatoriske emne ved NHH, står i emnekatalogen til vertsuniversitet, er det ikkje sikkert dei vert tilbydde i det semesteret du skal reise ut. Då må du endra utdanningsplanen din ved NHH slik at du får teke dei obligatoriske emna i løpet av normert studietid ved NHH. Du kan sjekka om emna du ønsker å ta, vert tilbydde i det semesteret du skal reise ut ved å gå inn på nettsidene til vertsuniversitetet. Ver også merksam på at du ved nokre vertsuniversitetet må ta ein kombinasjon av fleire emne for å erstatta eitt obligatoriske emne ved NHH. Du kan ikkje ta eitt av emna som er ein del av ein slik kombinasjon, og få det innpassa som eit valfritt emne ved NHH. Er berre eitt av emna i kombinasjonen tilgjengeleg, går det heller ikkje an å få det emnet åleine innpassa som det obligatoriske emnet ved NHH.
- Språkemne på utveksling
- Du har ikkje tidlegare teke emne i språket: Språkemne du tek på utveksling, må gjera at du endar på minimum A2-nivå. Dette gjeld alle dei store europeiske språka, tysk, fransk, spansk, nederlandsk, italiensk og portugisisk. Dette betyr at innføringsemne vanlegvis ikkje vil verta godkjende.
- Du har tidlegare teke emne i språket på NHH eller vidaregåande skule: Språkemne du tek på utveksling, må gjera at du endar på minimum B1-nivå. Dette gjeld alle dei store europeiske språk, tysk, fransk, spansk, nederlandsk, italiensk og portugisisk. Språkemne som overlappar med emne du har fullført ved NHH, vil ikkje verta godkjende.
- Språk som er svært annleis enn norsk, til dømes japansk og kinesisk: Innføringsemne på lågare nivå enn A2 kan verta godkjende. Merk at språkemnet må vera teke parallelt med dei andre emna du tek i løpet av semesteret. Dette inneber at me ikkje vil godkjenne intensivemne som går over få veker.
-
Masterstudentar med start før hausten 2021
Masterstudentar med start før hausten 2021
Du skal ta minst det som tilsvarar 22,5 NHH studiepoeng innanfor fagområde som ikkje overlappar med hovudprofilen din. Du kan ta inntil 7,5 studiepoeng innanfor same fagområde som hovudprofilen din.
Utvekslingsstøtteprofil kan bestå av emne frå ulike fagområde utanfor hovudprofilen din, så lenge det er innanfor NHH sine fagområde på masternivå.
Når vi vurderer emne for førehandsgodkjenning vil vi ta utgangspunkt i hovudprofilen din og du vil få emne førehandsgodkjent for å kunne inngå som ein del av støtteprofilen din eller som eit valfritt emne. Emne innanfor same fagområde som hovudprofilen din kan berre førehandsgodkjennast som valfrie emne. Emne innanfor andre fagområde kan både inngå i støtteprofilen din eller som valfritt emne.
Merk at vanleg støtteprofil tatt på utveksling ikkje vil verta innpassa som ein av dei fagspesifikke støtteprofilane på NHH, men vil verta kalla "utveksling" på vitnemålet ditt.
Høve til å ta ein spesialisert støtteprofil ved utvalde skuler på utveksling var ei prøveordning frå 2017-20 og vart avvikla f.o.m. skuleåret 2020-21.
-
Masterstudentar med start frå hausten 2021
Masterstudentar med start frå hausten 2021
Det er eit krav at du skal ta 30 studiepoeng medan du er på utveksling. Når du vel emne på utveksling må du passa på følgjande:
- Du kan ikkje ta emne som overlappar med emne du allereie har tatt på NHH, eller planlegg å ta.
- Du må velja emne på masternivå ved vertsuniversitetet som er innanfor NHH sin fagkrets.
- Du kan ikkje få godkjent språkemne som ein del av NHH-graden din.
Masterstudentar skal ta det som tilsvarar fire av seks valfrie emner i graden sin på utveksling (30 studiepoeng). Emna kan vera både innanfor same fagområde som hovudprofilen din (inntil 22,5 studiepoeng) eller dei kan vera frå andre fagområde.
Når me vurderer emne for førehandsgodkjenning, tek me utgangspunkt i hovudprofilen din. Du vil få emna førehandsgodkjent som anten innanfor eller utanfor fagområde for hovudprofilen din. Du har sjølv ansvar for å legga opp studieplanen din, slik at du oppfyller krava til både hovudprofilen din og den valfrie delen av graden din innan endt grad.
Innan endt grad skal du ha fullført og bestått 22,5 ECTS i emne med ein annan emnekode enn hovudprofilen din. Dersom du enda ikkje har møtt dette kravet, må du sørga for at du tar eit eller flere emne med ein annan emnekode som ein del av studieplanen din på utveksling.
-
MRR-studentar
MRR-studentar
Du må ta valfrie emne på utveksling:
- Du må ta emne tilsvarande 30 studiepoeng.
- Du må ta emne som er på masternivå og innanfor NHH sin fagkrets.
- Du kan ikkje ta emne som overlappar med emne du allereie har tatt på NHH.
- Du kan ikkje ta obligatoriske MRR-kurs som står att i graden.
- Du kan ikkje få godkjent språkemne som ein del av NHH-graden.
Søk om førehandsgodkjenning
Du søker om førehandsgodkjenning som andre masterstudentar - sjå søknadsskjema øvst på denne sida.
Godkjenning som statsautorisert revisor
Finanstilsynet vurderer eventuelle søknader om personleg godkjenning som statsautorisert revisor og har oversikt over alle krav du må oppfylle (til dels karakterkrav til emne som inngår i graden). Har du spørsmål om krava i tilknyting til utveksling, kontakt Finanstilsynet for meir informasjon.
-
Korleis får eg emna inn i graden min ved NHH?
Korleis får eg emna inn i graden min ved NHH?
Studiepoenga du fullfører ved vertsskulen din på utveksling, vil verta innpassa i graden din ved NHH når Seksjon for internasjonale relasjonar har motteke fylgjande:
- søknad om førehandgodkjenning av emne i forkant av utvekslingsopphaldet ditt
- ei original karakterutskrift frå vertsskulen din
- returnert elektronisk spørjeskjema om utvekslingsopphaldet ditt. Du vil få tilsendt ei personleg lenkje per e-post etter avslutta opphald.
Dei fleste vertsskular sender karakterutskrifter direkte til NHH. Du vil få vidaresendt originalen til deg når me har overført studiepoenga du har fullført, i databasane våre. Du treng ikkje å ta kontakt med Lånekassen for å få registrert studiepoenga dine. Ver merksam på at enkelte skular, spesielt skular i USA, vanlegvis sender karakterutskrifter til studentane og ikkje til NHH. Får du karakterutskrifta tilsendt til deg, må du vidaresenda eller visa fram karakterutskrifta til Seksjon for internasjonale relasjonar slik at me kan ta ein kopi.
RESULTATUTVEKSLING MELLOM NOREG, SVERIGE OG FINLAND
Resultat kan delast elektronisk mellom utdanningsinstitusjonar i Noreg, Sverige og Finland. Studentar på utveksling i Sverige eller Finland må gjera fylgjande etter avslutta utvekslingsopphald:
- 1) Logg på StudentWeb
- 2) Sjekk at det er hukt av "ja" for utveksling av eksamensresultat med andre institusjonar i profilinnstillingar
- 3) Trykk på "Resultat" heilt øvst
- 4) Vel "Import av resultat frå utanlandsk institusjon" heilt nedst på sida
- 5) Vel Sverige eller Finland
- 6) Trykk på den grøne knappen "Go to chosen country"
- 7) Svar på kort spørjeundersøking
- 8) Send ein e-post til international@nhh.no for å gje oss melding når dette er gjort.