Informasjon for Erasmus+ studentar
Viss du skal reisa på utveksling til Europa, inkludert Tyrkia og Island, deltek du i Erasmus+ programmet. Du er ikkje ein Erasmus+ student om du skal på utveksling til Sveits eller Storbritannia.
Dersom du har fått utvekslingsplass ved eit europeisk universitet innanfor EU/EØS, har du rett på Erasmus+ stipend. Du vil automatisk vera lagt til ei Canvas-gruppe i god tid før avreise. Der vil du få all informasjon du treng og dine rettar og plikter for å motta fyrste- og andre del av stipendet.
NB! Bachelorstudentar må ha tatt 60 studiepoeng før avreise for å motta Erasmus+ stipend.
Viss du skal ha internship i Europa, kan du søka på Erasmus+ stipend. Du kan lesa meir om internship og praksismoglegheitar på denne sida.
-
Finansiering av utvekslingsopphaldet ditt
Finansiering av utvekslingsopphaldet ditt
Som Erasmus+ student kan du få Erasmus+ stipend medan du er på utveksling. Du kan få stipendet viss du har søkt og vorte teken opp i NHHs utvekslingsprogram til Europa, og har registert deg med kontonummer i NHHs skjema for Erasmus+ stipend.
- Stipendet er på €410 per månad for studentar som reiser til lågkostnadssland og på €460 per månad for studentar som reiser til høgkostnadsland (Danmark, Finland, Island, Irland, Liechtenstein, Luxembourg, Sverige og Storbritannia). Studentar som reiser med mindreårige barn, kan få eit tilleggsstipend på €200 per månad.
- 70% av stipendet vert utbetalt i september for deg som skal på utveksling i haustsemesteret og i februar for deg som skal på utveksling i vårsemesteret (basert på eit fire månadar langt semester).
- Dei resterande 30% av stipendet vert utbetalte i semesteret etter at du har vore på utveksling og berreetter at du har oppfylt alle pliktene som Erasmus+ student.
- Om utvekslingsopphaldet ditt varar kortare/lenger enn fire måneder, vil stipendbeløpet ditt verta justert etter det.
Viss du trekkjer deg må du betala tilbake heile Erasmus+ stipendet dersom opphaldet har vart mindre enn 2 månader. Dersom utvekslingsopphaldet har vart meir enn 2 månadar når du trekkjer deg, må du berre betala tilbake stipendet for den tida som står att av utvekslingsopphaldet.
Viss du vert sjuk eller må avbryta Erasmus-opphaldet av andre gode grunnar, kan du søka om fritak frå å betala tilbake heile eller delar av stipendet. Legeattest må leggast ved ein slik søknad.
-
EKSTRA STIPEND TIL STUDENTAR MED FÆRRE MOGLEGHEITER
EKSTRA STIPEND TIL STUDENTAR MED FÆRRE MOGLEGHEITER
Erasmus+ skal fremja lik tilgang og høve for deltaking i programmet. Studentar med færre moglegheiter har difor høve til å få eit tilleggstipend på mellom €200 og €250 per månad. Definisjonen på studentar med færre moglegheiter er fastsett av Direktorartet for høyere utdanning og kompetanse med utgangspunkt i retningslinjer frå Erasmusprogrammet.
Fylgjande kategoriar er vedtekne:
- Studentar med barn under 18 år: Dette gjeld uavhengig av talet på barn du har. Barnet treng heller ikkje vera med på opphaldet. Studentar skal skriva under på ei erklæring ("Declaration of Honour") for å stadfesta at dei høyrer til kategorien.
- Studentar med nedsett funksjonsevne og kroniske sjukdommar: Alle studentar som fell inn under SNs definisjon: "Students who have long-term physical, mental, intellectual or sensory impairments which, in interaction with various barriers, may hinder their full and effective participation in society on an equal basis with others" (United Nations Convention on the Rights of Persons with Disabilities, UNCRPD) kjem inn under denne kategorien. Definisjonen er brei, men viser til at nedsett funksjonsevne og den kroniske sjukdommen må vera varig. Studentar som kjem inn under denne kategorien kan levera ei stadfesting frå legen på at dei fell inn under definisjonen ovanfor.
- Studentar med flyktningsstatus: Alle studentar med flyktningsstatus fell inn under denne kategorien. Studentar skal skriva under på ei erklæring ("Declaration of Honour") for å stadfesta at dei høyrer til kategorien.
Viss du høyrer til ein av kategoriane ovanfor, må du gje beskjed til NHH om dette når du sendar inn Erasmus+ stipendavtalen.
-
Språk og språktest
Språk og språktest
Du må ha gode nok språkkunnskapar
I Erasmus+ avtalen står det kva språknivå universiteta krev at du skal ha for å fylgja undervisninga hjå dei, anten i engelsk eller eit anna språk. Dei fleste universiteta krev nivå B1 eller B2 frå CEFR (Common European Framework of Reference for Languages).
Fleire og fleire universitet i Europa har krav til dokumentasjon av språkkunnskapar for studentar som søkjer om opptak. Du må då stadfesta at du har nok kunnskapar i språket til å kunna fylgja undervisninga og avleggja eksamen på det språket undervisninga er på. Kontakt Seksjon for internasjonale relasjonar om du treng slik dokumentasjon i søknadsprosessen.
Ta EU Academy språktesten
For Erasmus+ studentar som reiser ut på studie- eller praksisopphald er det obligatorisk å ta ein språktest før du reiser på utveksling. Målet er å måla språkleg utbytte i tillegg til fagleg utbytte av eit utvekslingsopphald. Nokre universitet ønsker at studentar legger ved språktest med søknaden, og då kan du som oftast bruka denne testen.
Slik går du fram for å ta språktesten:
Testen heitar Placement test og finst på alle 24 EU-språk. Fyrste må du registrera deg slik det er skildra her. Deretter kan du fylgja denne steg for steg skildringa:
- Gå til EU-Academy og logg inn her: https://academy.europa.eu/
- I søktefeltet "What do you want to learn today", skriv inn "Placement test"
- Du kan sjå alle tilgjengelege språktestar, men det er mogeleg å filtrera
- Klikk på språktesten du skal ta
- Inne på sida, trykk "Enrol"
- Trykk deretter på "Attempt quiz now"
- Testen tar 10-45 minutt
- Når du har svart på alle spørsmål, trykk på "Finish attempt"
- Siste side viser språknivået ditt
-
Online Learning Agreement
Online Learning Agreement
Alle Erasmus+ studentar må ha ein Learning Agreement eller læringsavtale før dei drar på utveksling. Denne skal signerast av studenten, Erasmus+ koordinator ved NHH og vertsuniversitetet.
NHH brukar Online Learning Agreement (OLA), som vert signert digitalt av alle parter:
- Du må sjølv oppretta ein Online Learning Agreement her. NB! Du må bruka Chrome, Edge eller Firefox - ikkje Internet Explorer
- Du logger på via Feide eller Google. Me tilrår Feide-login, og merk at du må registrera deg fyrste gangen du logger på via Feide
- Du må fylla ut alle felt før du signerer OLA. Me har laga ei detaljert brukarrettleiing som kan vera til god hjelp med dette
- Når du har signert, vert din OLA sendt til NHH ("Sending Institution")
- Dersom alt er i orden, signerer NHH din OLA, og den vert sendt vidare til vertsuniversitetet ("Receiving Institution") for den siste signaturen
Du får beskjed på e-post når ein part har signert.
Det har vore ei omlegging av OLA og det er ikkje mogleg å senda OLA til universitet som ikkje er tilknytta det digitale Erasmus+ systemet. Mange vil kopla seg på innan 2023, men det er tekniske forseinkingar og nokre universitet vil difor kopla seg på seinare. Du finn ein Word-versjon i Erasmus+ gruppa på Canvas.
Vennleg last opp ein PDF-versjon av din OLA på Canvas-gruppa når avtalen er ferdigsignert av alle parter.
-
DINE PLIKTER
DINE PLIKTER
Som mottakar av eit Eramus+ stipend må du oppfylla følgande plikter:
- Du må lesa Erasmus+ student mobility charter. Dokumentet inneheld informasjon om NHHs,brettane og pliktene vertsuniversitetet og du har i samband med utvekslingsopphaldet ditt.
- Du må fylla ut stipendkontrakten og returnera han til NHH via Canvas.
- Ta ein Erasmus+ språktest i språket du skal studera på (Online Linguistic Support; OLS) før og etter utvekslingsopphaldet ditt. Viss du oppnår nivå B1 eller lågare, får du tilbod om å ta eit nettbasert språkkurs frå Erasmus+ i forkant av utvekslinga. Oppnår du eit høgare nivå og indikerer at du ønsker eit nettbasert språkkurs i det lokale språket, vil du automatisk få tildelt dette etter fullført språktest. Testresultatet ditt vil ikkje diskvalifisera deg frå utveksling, og vertsuniversitetet vil ikkje få tilgang til resultatet ditt. Du vil få ein e-post med beskjed om korleis du gjennomfører testen. Les meir om OLS her.
- Levera inn Erasmus+ Online Learning Agreement når du har meldt deg opp i faga du ønsker å ta ved vertsuniversitetet. Du vil få ein e-post med invitasjon til dette. Dette er ikkje det same som å søka om førehandgodkjenning av kurs til NHH. Meir om førehandsgodkjenning av kurs.
- Levera inn Confirmation of Stay (Word, 61kb) i slutten av semesteret ditt i utlandet. Stadfestinga må vera signert av ein representant frå vertsuniversitetet og returnert til NHH via Canvas. Datoene i CoS skjema er grunnlag for stipendrekninga.
- Rapportera til EU-kommisjonen ved å fylla ut eit spørjeskjema om utvekslingsopphaldet ditt. Du vil få ei personleg lenke til spørjeskjemaet i slutten av utvekslingsopphaldet. Dette spørjeskjemaet er ulikt spørjeskjemaet som du får frå NHH. Du må fylla ut både skjemaet frå EU og frå NHH.
NHH sitt Erasmus Policy Statement (pdf, 100kb) skildrar institusjonen sin strategi for å oppfylla pliktene i Erasmus charteret (pdf 1MB).