Slik jobbar vi med berekraft
Berekraft er eit sentralt omgrep i all verksemd ved NHH. Her finn du døme på korleis vi arbeider med temaet i forsking, undervisning, formidling, ulike samarbeid og i den dagelge drifta ved høgskulen.
NHHs strategi slår fast at høgskulen skal vera ei drivkraft for nærings- og samfunnsutviking og utdanna menneske for verdiskaping og berekraftig utvikling. Studentar, tilsette og alumni er engasjerte, opne og ambisiøse og brenn for å bidra til postiv endring i samfunnet.
I 2019 var desse måla formulert i eksistenserklæringa «Saman for berekraftig verdiskaping».
Ambisjonen reflekterer at berekraft – både med omsyn til klima, miljø og ressursforvaltning, og til sosial berekraft som støtter opp om inkluderande vekst og ikkje-polariserte samfunn – lenge har vore prioriterte tema på NHH, og i stadig større grad er integrert i all aktivitet.
Eit konkret døme er at berekraft er teke inn som eit eige læringsmål for alle studieprogramma.
NHHs arbeid på området er forankra i FNs globale berekraftsmål, og særleg til følgjande konkrete mål:
- 4 God utdanning
- 8 Anstendig arbeid og økonomisk vekst
- 10 Mindre ulikhet
- 12 Ansvarlig forbruk og produksjon
NHH har også slutta seg til Principles for Responsible Management Education (PRME), eit FN-støtta initiativ for å auka medvitet om berekraft ved handelshøgskular og styrka tilbodet til studentane på dette feltet.
Det må rapporterast om tiltak og utvikling annakvart år.
Kontakt oss
Har du innspel eller forslag til berekraftsarbeidet ved NHH?
Fulltidsprogramma ved NHH
Berekraft er ein del av læringsutbytebeskrivelsar og læringsmål for bachelor- og masterprogramma. Eit stort og stigande utval av emne handlar spesifikt om ulike aspekt ved berekraft.
Nokre døme frå bachelor-nivå:
- Business Ethics, Social Responsibility, and Sustainability
- Environmental Economics and Markets
- Sustainable Investments
Master-nivå:
I 2020 hadde over 19% av masteroppgåvene ved NHH tema som omfatta etikk, ansvarlegheit og berekraft, ein oppgong på 9% frå året før.
Saman med CEMS-skulane CBS og Esade har NHH utvikla og er vert for det opne, nettbasert kurset SUSTBUS- Sustainable Business Models. Kurset spring m.a. ut av NHH-masteremnet med same namn og CEMS MIM, og er støtta av Erasmus Plus.
Videreutdanning
Livslang læring og ansvarleg leiarskap er sentrale element i NHHs vidareutdanningstilbod hos NHH Executive.
Ei rekkje program, modular og kurs er spesifikt retta mot ansvarleg styring, berekraftige forretningsmodellar o.l.
- Sustainable Business Strategy
- Bærekraftig finansiell analyse
- Bærekraft og sirkulær business
- Merkevaren og bærekraft
MBA-spesialiseringa i Seafood Management vart utvikla for å bidra til meir berekraftig innovasjon og for å bidra til å gjera bransjen meir ansvarleg.
Forskning
Alle forskingssentra ved NHH arbeider i tråd med FNs berekraftsmål.
Ei rekkje av sentra har klima, miljø, ulikskap og rettferdsspørsmål som kjerne for aktiviteten sin. Her er nokre av dei:
- CSB - Centre for Sustainable Business
- ENE - Energy, Natural Resources and the Environment
- FAIR - Centre for Experimental Research on Fairness, Inequality and Rationality
- Macro, Risk and Sustainability centre
Mange NHH-forskarar er med i regjeringsoppnemnde ekspertutval med tema innan foretningsetikk, ansvarlegheit og berekraft, til dømes:
- Havbruksskatteutvalget (2019)
- Klimaomstillingsutvalget (2020)
- Ekspertgruppe om finansiell klimarisiko (2021).
Stadig fleire doktorgradsavhandlingar tek for seg tema innanfor berekraft i brei forstand. Tre døme:
- Ranveig Falch: The economics of inequality
- Grete Helle: Can formal controls stimulate responsible behaviour?
- Aija Rusina: Tax havens: Heaven or hell?
Les meir om NHH-forsking og berekraft i PRME-rapportens kapittel 4 - Research
Samarbeid
NHH samarbeider om klima-, miljø- og berekraftsinitiativ med ei rekke aktørar frå næringslivet, det offentlege og akademia. Her er nokre døme.
- SFI-en Climate Futures arbeider tverrfaglig for å finna betre metodar for å takla klimarisiko. Norce leier prosjektet. NHH og SNF er blant forskingspartnarane.
- Skift - næringslivets klimaledere er eit initiativ som samlar verksemder som vil vera pådrivarar for at Noreg når klimamåla sine innan 2030. NHH vart kunnskapspartnar i Skift i mars 2021
- Norsk klimastiftelse er ei grønn tankesmie som arbeider for eit samfunn utan menneskeskapte utslepp av klimagassar. NHH har vore del av stiftinga sitt råd sidan 2010, og innleidde eit tettare samarbeid i 2019.
- Energiomstilling Vest er ei kunnskapsklyngen som samlar NHH, UiB, HVL og NORCE for å mobilisere til økt forsking og innovasjon innan energiomstilling.
NHHS
Noregs handelshøgskoles studentforeining (NHHS) har ei rekkje undergrupper som arbeider med berekrafts- og ansvarlegheitsspørsmål.
- NHHS Green Team arbeider for å gjera høgskulen og studentforeininga meir miljøvenlege og å spreia kunnskap om berekraft. (Illustrasjonen er Green Teams logo-symbol)
- NHH Aid er eit studentdrive utviklingsprosjekt som samlar inn pengar til nye skular i Malawi i samarbeid med Unicef.
- NHHS Energi arbeider med å auke interessa for energisektoren blant studentane. I 2021 arrangerte dei konferanse med hovudtema karbonfangst og -lagring.
- Næringslivutvalget arrangerer årleg Karriere med mening, der ideelle og humanitære organisasjonar presenterer karrieremogelegheiter for NHH-studentane.
Alumni
NHH Alumni er eit nettverk for alle som har ein grad frå NHH. Blant medlemstilboda er konferansar, seminar og webinar, og mange av desse handlar om berekraft.
- Alumnikonferansen 2020 hadde berekraft som hovedtema med programpostane "Grønn finans: ESG and shareholder value maximization", "Digitale innovasjon for bærekraftig vekst" og "Bærekraftig verdiskapning kan ikke velges vekk"
- NHH Alumni Webinar: Latterlig viktig – et skråblikk på bærekraft
- NHH alumni webinar: Digital markedsføring
Formidling
Forskningsmagasinet NHH Bulletin formidlar NHH-forsking gjennom artiklar, video og kronikkar, og har eigne temasider for blant anna:
Forskarane Lars Jacob Tynes Pedersen og Sveinung Jørgensen tek opp berekraft frå ei rekkje ulike, næringsorientert perspektiv i podcast-serien Bærekraftseventyret
NHH-professor Thorolf Rafto var djupt engasjert i arbeid med menneskerettar. Saman med Rafto-stiftinga, arrangerer NHH og NHHS konferansen The Rafto Challenge, der store selskap vert invitert for å diskutera menneskerettsdilemma dei møter i verksemda si.
NHHs Vårkonferanse 2021 tok for seg polarisering og ulikskap og konsekvensar for næringslivet.
Miljøfyrtårn-sertifisering
Miljøfyrtårn er eit norsk verktøy for sertifisering og miljøleiing som hjelper offentlege og private verksemder til å heva og dokumentera miljøinnsatsen sin, og få eit konkurransefortrinn via berekraft.
NHH vart miljøfyrtårn-sertifisert hausten 2020. Sertifikatet gjeld for tre år av gangen.
Institusjonen rapporterer på alt frå sjukefråvær og innkjøp til avfallshandtering, klimagassutslepp og energibruk.