Organisasjon

Organisasjon

Fagleg organisering

  • Styret er NHHs øvste styringsorgan.
  • Ekstern styreleiar vert utpeikt av Kunnskapsdepartementet.
  • Rektor er høgskulens øvste faglege og administrative leiar og tilsett på åremål.
  • Seks institutt er grunneiningane i NHHs organisasjonsstruktur.
  • Prorektorane for utdanning og forsking har det øvste faglege ansvaret for fulltidsprogramma.
  • Utdanningsutvalet og Utval for forsking, formidling og forskarutdanning (FFF) er rådgjevande organ for prorektorane.
  • Ei rekkje andre råd og utval bidreg også til kvalitetssikring og utvikling av læringsmiljø og arbeidsmiljø.

Administrativ organisering

  • Administrasjonen er organisert i åtte avdelingar, der nokre er vidare inndelt i seksjonar, og rektoratets stab.
  • Prorektor for utdanning leiar Studieadministrativ avdeling.
  • Prorektor for forsking leiar Forskingsadministrativ avdeling.
  • Prorektor for fagressursar leiar HR- og IT- og Eigedomsavdelinga.
  • Dei resterande avdelingane har administrative leiarar.