Rektors leiargruppe 2021- 2025

Rektors leiargruppe 2021- 2025

NHH har tilsett rektor og ekstern styreleiar. Rektors leiargruppe består av tre prorektorar og to direktørar.

Rektor Øystein Thøgersen er øvste fagleg og administrativt ansvarlege og høgskulens fremste offisielle representant. Han er tilsett i eit åremål på fire år frå 1. august 2021 til 31. juli 2025.

Karen Helene Ulltveit-Moe vart utnemd som ny styreleiar ved NHH våren 2021.

NHH har tre prorektorar for høvesvis utdanning, forsking og fagressursar. Prorektorane har det daglege ansvaret for sine område. 

REKTORAT 2021-2025
Øystein Thøgersen, Rektor 
E-post: oystein.thogersen@nhh.no
Tlf. 55 95 92 17
Stig Tenold, Prorektor for utdanning
Epost: stig.tenold@nhh.no
Tlf. 55 95 95 73
Malin Arve, Prorektor for forsking 
E-post: malin.arve@nhh.no
Tlf. 55 95 91 52
Frode Sættem, Prorektor for fagressursar
E-post: frode.sattem@nhh.no
Tlf. 55 95 92 72
DIREKTØRAR
Bjørg Marit Eknes, Direktør for organisasjon og verksemdsstyring
E-post: bjorg.eknes@nhh.no
Tlf. 55 95 99 98
Geir Mikalsen, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: geir.mikalsen@nhh.no
Tlf. 55 95 93 49

Last ned høgoppløyselege portrettfoto av rektoratet

rektor øystein Thøgersen

Rektor Øystein Thøgersen. Foto: Eivind Senneset
Foto: Eivind Senneset

Øystein Thøgersen (f. 1964) frå Oslo er professor ved Institutt for samfunnsøkonomi, der han har arbeidd sidan 1999. Thøgersen er siviløkonom frå BI og avla doktorgrad ved NHH i 1995.

Thøgersens primære forskingsinteresser er internasjonal makroøkonomi, finansmarknader og finanspolitikk.

Han har vore instituttleiar ved Institutt for samfunnsøkonomi, medlem i styret ved NHH sidan 2013 og er styreleiar for SNF. Han sat i hovudstyret til Noregs bank frå 2004 til 2009. Thøgersen har også bidrege aktivt til utforming av praktisk politikk, blant anna som medlem av eit utval som gjev råd til Finansdepartementet og som leiar av eit ekspertutval som vurderte praktiseringa av handlingsregelen forbruk av oljeinntekter.

Thøgersens profilside ved Institutt for samfunnsøkonomi

PROREKTOR FOR UTDANNING, Stig tenold

Stig Tenold. Foto: Hallvard Lyssand
Foto: Hallvard Lyssand

Stig Tenold (f. 1970) er frå Bergen og er professor i økonomisk historie ved Institutt for samfunnsøkonomi. Han er siviløkonom frå NHH I 1993, og byrja forskarkarriera same stad umiddelbart. Han fekk dr. oecon-graden i 2001 og vart professor i 2009.

Tenolds primære forskingsfelt er maritim historie både frå økonomihistorisk og forretningshistorisk vinkel. Han har skrive fleire bøker om emna og har publisert over 30 artiklar i fagfellevurderte tidsskrift. Han er ein av to redaktørar for bokserien Palgrave Studies in Maritime Economics,  og har nyleg gjeve ut Sjøfartsbyen? Bergen og skipsfarten 1973—2008 (Gyldendal, 2023). 

Tenold vann masterstudentane ved NHH sin pris for framragande undervisning i 2011, og bachelorstudentane sin undervisningspris i 2019. Han har jamnleg undervist i maritim historie og økonomi ved andre universitet i Europa og Asia. Våren 2021 fekk han status som merittert undervisar ved NHH. 

Stig Tenolds profilside ved Institutt for samfunnsøkonomi

Prorektor for forsking, Malin Arve

Malin Arve. Foto: Odd Mehus
Foto: Odd Mehus

Malin Arve er førsteamanuensis ved NHHs Institutt for foretaksøkonomi, der ho vart tilsett i 2015.

Forskinga hennar rettar seg m.a. mot mikroøkonomi, kontraktar og insentivteori, og offentlege innkjøp og investeringar. Ho har publisert i American Economic Review, Journal of Public Economics og Journal of Public Economic Theory.

Arve tok doktorgrad i økonomi ved Toulouse School of Economics i 2011, og var deretter postdoktor ved Universitetet i Mannheim.

Malin Arves profilside ved Institutt for foretaksøkonomi

prorektor for fagressursar, frode sættem

Frode Sættem. Foto: Odd Mehus
Foto: Odd Mehus

Frode Sættem (f. 1960) er professor ved Institutt for foretaksøkonomi. Han er siviløkonom frå NHH i 1984, tok doktorgrad i 1990 og vart professor i 2004.

Sættem forskar og underviser innan finansiell økonomi. Hans faglege arbeid relaterer seg til finansinstrument og finansinstitusjonar, finansiell og realøkonomisk integrasjon og finansregnskapets rolle i kapitalmarknaden. Han har fått studentane sin førelesarpris (bronsesvampen) for sin undervisningsinnsats og har motteke NHHs pris for framragende lærerinnsats. Han har i ei årrekkje også vore engasjert i NHHs etter- og videreutdanning (NHHE) og i aktivitetar ved Samfunns- og næringslivsforskning (SNF) ved NHH.

Sættem har mange verv ved høgskulen og ved SNF. Han var instituttleiar ved Institutt for foretaksøkonomi frå 2010 til 2017. I perioden 2018 – 2021 var han medlem av NHHs styre og han var styreleiar for høgskulens fond og legat i 2020 og 2021. Han var i mange år leiar av Senter for finansiell økonomi ved SNF og er for tida leier av fagrådet ved NHHE.

Som prorektor for fagressursar har Sættem eit særlig ansvar for å videreutvikle høgskulens strategiar og aktivitetar knytta til rekruttering og oppfølging av faglege medarbeidarar.

Frode Sættems profilside ved Institutt for foretaksøkonomi

Direktør for organisasjon og verksemdsstyring, Bjørg Marit Eknes

Bjørg Marit Eknes. Foto: Helge Skodvin
Foto: Helge Skodvin

Bjørg Marit Eknes (f. 1969) er direktør for organisasjon og verksemdsstyring, og har det overordna ansvaret for områda eigedom, HR, IT og økonomi.

Eknes er utdanna siviløkonom frå NHH og har ein Executive MBA in Technology and Innovation of Finance frå NHH Executive. Ho har også ein MBA fra Bond University i Australia og har gjennomført AFFs Solstrandprogram.

Eknes kom til NHH frå Sparebanken Vest, der ho var del av konsernleiinga i ei årrekkje, sist som direktør for strategiske alliansar. Ho er styreleiar i NCE Finance Innovation og medlem av fleire styre.

I 2020 vart Eknes kåra til ei av Noregs 50 fremste tech-kvinner av Abelia og ODA-nettverket.

Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt, geir mikalsen

Geir Mikalsen. Foto: Helge Skodvin
Foto: Helge Skodvin

Geir Mikalsen (f. 1965) er direktør for kommunikasjon og eksterne relasjonar, og leiar for Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt. Hans ansvarsområde omfattar m.a. mediehandtering, forskingsformidling, samarbeid med næringsliv, alumniarbeid, marknadsføring, digitale kanalar, internkommunikasjon, organisering av ulike arrangement, og publikums- og studentsørvis.

Mikalsen er cand. polit. frå Universitetet i Bergen med hovudfag i samanliknanade politikk.

Han kom til NHH frå stillinga som marknads- og kommunikasjonsssjef i Bergen næringsråd. Han har også vore konserndirektør kommunikasjon i Rieber & Søn, og har lang fartstid frå TV2, blant anna som informasjonssjef og kanalsjef.