Søkeprosess master
Slik går du fram når du skal søke om opptak til NHHs masterprogram, forkorta MØA og MRR.
1. Kva masterprogram ønsker du å studere?
NHH tilbyr to masterprogram: master i økonomi og administrasjon (MØA) og master i rekneskap og revisjon (MRR). Programma har opptak til haustsemesteret.
- Du kan søke på MØA og MRR, toårig løp, i prioritert rekkefølge.
- Dersom du søker på MRR, eittårig løp, må du prioritere mellom Bergen og Oslo som studiestad.
2. Er du kvalifisert?
Finn ut kva opptakskrav som gjeld for det masterprogrammet du ønsker å søke på:
- Opptakskrav master i økonomi og administrasjon
- Opptakskrav master i rekneskap og revisjon, toårig løp
- Opptakskrav master i rekneskap og revisjon, eittårig løp (Bergen og Oslo)
3. Registrer søknaden din
Du søker i SøknadsWeb og søknadsfristen er 15. februar.
Før du søker, rår vi deg til å setje deg godt inn i kva dokumentasjon du må laste opp for at søknaden skal vere komplett, kva format filene må vere i og kva namn du skal gi dei.
- Les meir om krav til dokumentasjon for MØA og MRR, toårig løp
- Her kan du lese om krav til dokumentasjon for MRR, eittårig løp
4. Omprioritere søknadsalternativa dine
Du kan omprioritere søknadsalternativa dine fram til 15. februar. Dersom du får tilbod om opptak på førsteprioriteten din, vil det andre søknadsalternativet falle bort.
5. Dokumentere utdanning vårsemesteret
Har du fått tilbod og avsluttar utdanninga di våren 2024? Frist for å dokumentere utdanning som vert avslutta vårsemesteret før studiestart er 1. juli for toårig master og 15. august for eittårig MRR. Vi kan dessverre ikkje garantere at dokumentasjon som kjem etter fristen blir tatt omsyn til, men sakshandsamar så langt det praktisk let seg gjere. Det er ulike krav til korleis du skal dokumentere utdanning frå vårsemesteret, alt etter kvar du har utdanninga di frå. Les meir om dokumentasjonskrav for MØA/MRR toårig løp og MRR eittårig løp.
6. Svar på søknaden
Svar på søknad om opptak til master kjem på følgande datoar:
- Søkarar til MØA og MRR toårig løp: 15. mai.
Frist for å svare på tilbodet er 22. mai.
- Søkarar til MRR eittårig løp: 12. april.
Frist for å svare på tilbodet er 19. april.
Om du har utdanning som vert avslutta i vårsemesteret, vil eit eventuelt tilbod om opptak vere betinga.
Svaret vert publisert i SøknadsWeb, i tillegg til at du får e-post til e-postadressa du oppgav i søknaden din. Hugs at du sjølv er ansvarleg for å lese og følge opp alle e-postar frå oss innan fristane du får.
7. Venteliste
Dersom du er kvalifisert for opptak til det masterprogrammet du søker på, men ikkje når opp i rangeringa slik at du får tilbod om studieplass, vert du plassert på ei venteliste. Nokre gongar vert det køyrd eit suppleringsopptak der det blir gitt plass til søkarar på venteliste, andre gongar ikkje. Du kan altså ikkje rekne med å få tilbod om studieplass sjølv om du står langt oppe på ventelista. I teorien kan det verte supplert heilt fram til studiestart.
8. Reservasjon av studieplass
Dersom du får tilbod om studieplass, men ikkje har høve til å studere i år, kan du i enkelte tilfelle søke om å få reservert studieplassen i eitt eller to år. Meir informasjon om reservasjon av studieplass finn du her.
Kontakt
- E-post
- opptak@nhh.no
Viktige datoar og fristar
1. november: SøknadsWeb opnar
15. februar: Søknadsfrist alle søkarar
15. februar: Omprioriteringsfrist
12. april: Svar på søknad MRR eittårig
19. april: Frist for å svare på tilbod, MRR eittårig
15. mai: Svar på søknad MØA/MRR toårig
22. mai: Frist for å svare på tilbod, MØA/MRR toårig
1. juli: Ettersendingsfrist vitnemål for søkarar som fullfører graden våren 2024
10. august: Frist for å søke reservasjon av studieplass