Reservasjon av studieplass

Reservasjon av studieplass

Du kan få reservert studieplassen i eitt eller to år på grunnlag av førstegongsteneste, fødsel/adopsjon eller andre tungtvegande årsaker, som til dømes langvarig sjukdom.

Søknadsfrist

!

10. august

Korleis reservere studieplassen?

Dersom du har fått tilbod om studieplass ved NHH og ønsker å reservere plassen i eit år eller to, må du fylle ut og sende inn følgjande søknadsskjema innan søknadsfristen: 

Søknad om reservasjon av studieplassen

Du må dokumentere årsaken til at du ønsker å reservere studieplassen.

NB! Merk at dersom du ønsker å reservere studieplassen i to år, må du dokumentere at du har behov for reservasjon i to år. Godkjent dokumentasjon er til dømes tenesteinnkalling, fødsels- eller adopsjonsattest eller legeattest.

Merk også at du ikkje kan søke reservasjon av studieplassen dersom du har fått betinga opptak og betingelsen ikkje er fylt når fristen for å reservere studieplassen går ut.

Svar på søknaden

Du får svar på søknaden innan studiestart. 

Reservert studieplass frå i fjor?

Dersom du fekk innvilga reservert studieplass i fjor, er du garantert å få denne studieplassen i år dersom du søker på same studium og takkar ja til tilbodet innan fristen.

Søke andre studium med reservert studieplass?

Dersom du er søkar til bachelorstudiet (via Samordna opptak), gjeld følgande:
Om du søker på andre studiar, må du prioritere desse høgare enn studiet du har reservert. Då må du også sende inn dokumentasjonen din på nytt. Om du får tilbod på eit av dei nye studieønska, mistar du den reserverte studieplassen.

Dersom du er søkar til masterstudia (via SøknadsWeb), kan du fritt søke opptak til andre studiar utan å miste den reserverte studieplassen. 

Permisjon

Dersom du vert sjuk, gravid eller innkalla til førstegongsteneste undervegs i studiane, skal du i staden for reservert studieplass søke om permisjon.