Opptak master i økonomi og administrasjon

Opptak master i økonomi og administrasjon

For søkarar med bachelorgrad frå ein annan lærestad enn NHH, er det opptak til masterstudiet i økonomi og administrasjon kvar haust.

Informasjonen på denne sida gjeld for deg som har norsk bachelorgrad. Dersom du har bachelorgrad frå ein utanlandsk lærestad, skal du søke opptak gjennom det internasjonale masteropptaket. Dette gjeld også dersom du er norsk statsborgar. Her kan du lese om opptakskrava og søke gjennom det internasjonale masteropptaket (på engelsk).

Slik søker du

!

Søknadsfristen er 15. februar

Søk opptak her frå 1. november (Søknadsweb) 

Søknadsweb er no stengt for søknadar til hausten 2024. Det åpnast opp for søknadar til hausten 2025 den 1.11.2024. 

  • All kommunikasjon mellom deg og seksjon for opptak vil gå føre seg via e-post. Du må derfor bruke ei e-postadresse som fungerer og sjekke denne med jamne mellomrom. Legg til opptak@nhh.no i e-postsystemet for å unngå at viktig informasjon frå oss hamnar i søppelfilteret. Det er ditt eige ansvar å lese og følge opp alle e-postar frå oss.
  • Vel Mastergradsstudier i hovudmenyen og klikk på Søk ved alternativet Masteropptak MØA og MRR toårig høst 2024. Vel søknadsalternativ 1500 Master i økonomi og administrasjon. Du kan velje å føre opp berre dette søknadsalternativet, eller du kan velje å setje opp 1400 Master i regnskap og revisjon som søknadsalternativ to. Du kan endre prioritet mellom masterprogramma fram til søknadsfristen 15. februar. 

Krav til dokumentasjon

Oversikt over søkeprosessen og viktige fristar

Opptakskrav

1. Fullført bachelorgrad eller tilsvarande

2. Fagkrav

Du må ha minst 120 studiepoeng innan økonomisk-administrative fag, og følgande fagområde, inkludert underkategoriar, må inngå i dei 120 studiepoenga:

Metodefag: minst 20 studiepoeng, maksimalt 30

  • Matematikk for økonomar
  • Statistikk for økonomar
  • Samfunnsvitskapeleg metode

Samfunnsøkonomi: minst 15 studiepoeng, maksimalt 30

  • Makroøkonomi
  • Mikroøkonomi

Bedriftsøkonomisk analyse: minst 30 studiepoeng, maksimalt 45

  • Finansrekneskap
  • Økonomistyring
  • Investeringsanalyse og finansiering

Administrasjonsfag: minst 30 studiepoeng, maksimalt 45

  • Marknadsføring
  • Organisasjonsteori og leiing
  • Foretaksstrategi

Etikk, samfunnsansvar og bærekraft: minst 7,5 studiepoeng, maksimalt 15

Dersom du har ein bachelorgrad i økonomi og administrasjon frå ein norsk lærestad, fyller du alltid desse fagkrava, uavhengig av kva tidspunkt du fullførte/fullfører graden på. Dersom du har ein annan bachelorgrad, må du sjølv gjere ei vurdering av korleis du fyller fagkrava. Seksjon for opptak har dessverre ikkje kapasitet til å gjere førehandsvurderingar av fagkrav for søkarar; det er først i sakshandsaminga at vi kan gjere ei vurdering av fagkombinasjonen din.

3. Norsk- og engelskkrav

  • Dersom du har generell studiekompetanse (GSK), fyller du kravet til norsk- og engelskkunnskapar. Sjekk om du fyller GSK-kravet på Samordna opptak sine nettsider.
  • Dersom du ikkje har GSK, må du fylle norsk- og engelskkravet tilsvarande GSK. Les meir om korleis du fyller norsk- og engelskkravet på Samordna opptak sine nettsider.

Rangering av søkarar

Sjølv om du fyller opptakskrava (punkt 1-3 over), er du ikkje garantert å få tilbod om opptak. Søkarane vert i tillegg rangert etter karaktergjennomsnittet av dei norske studiepoenga sine. Omrekning av bokstavkarakterar skjer slik: A=5, B=4, C=3, D=2, E=1. 

Utrekning av karaktergjennomsnitt:

  • Vi reknar karaktergjennomsnittet av maksimalt 180 studiepoeng. Dersom talet på studiepoeng ikkje kan summerast til nøyaktig 180, reknar vi av det næraste mogelege talet over 180. Karakterar i emne som fyller fagkrav vert alltid rekna med.
  • Resultat frå vårsemesteret 2024 og resultat frå utveksling vert ikkje rekna inn i karaktergjennomsnittet.
  • Dersom du etter haustsemesteret 2023 har færre enn 120 norske studiepoeng med bokstavkarakterar, kan du få avslag på søknaden. For søkarar som har fulgt normert studieprogresjon, kan det gjerast unnatak frå kravet om 120 norske studiepoeng med bokstavkarakterar. Det vil til dømes kunne gjelde søkarar som har mykje "bestått" som følge av pandemien.

For alle søkarar som fullfører graden og/eller som tek eksamen vårsemesteret 2024 i emne som er med å fylle fagkrav, vil eit eventuelt tilbod vere betinga. Søkarar som står igjen med meir enn 30 studiepoeng våren 2024 kan få ein ekstra betingelse utover å fullføre graden / fylle fagkrav.

Dersom du har resultat frå andre norske karaktersystem enn bokstavsystemet, vil du få søknaden individuelt vurdert.

Kontakt

E-post
opptak@nhh.no

Karaktergrense MØA siste tre år

  • 2023

    2023

    Hovudopptak: 3,93

     

  • 2022

    2022

    Hovudopptak: 3,88

    Ingen supplering

  • 2021

    2021

    Hovudopptak: 3,94

    Ingen supplering