Opptak master i rekneskap og revisjon, eittårig løp

Opptak master i rekneskap og revisjon, eittårig løp

Det er opptak til det eittårige løpet i masterstudiet i rekneskap og revisjon kvar haust.

Vi arbeider med å oppdatere informasjonen på denne sida. Oppdatert informasjon vil vere tilgjengeleg innan søkjeportalen opnar 1. januar 2027.

!

Søknadsfrist 15. februar

Les meir om søkjeprosessen og finn viktige datoar og fristar i opptaket.

Opptakskrav

For å vere kvalifisert for opptak til det eittårige løpet i masterstudiet i rekneskap og revisjon, må du ha ei av mastergradene nedanfor og oppfylle dei tilhøyrande krava. Sjå kva krav som gjeld under den aktuelle mastergrada.
  • Mastergrad i økonomi og administrasjon (siviløkonom)

    Mastergrad i økonomi og administrasjon (siviløkonom)

    Du må ha ei fullført mastergrad i økonomi og administrasjon, eller tilsvarande, med karakteren C eller betre i minst 60 av studiepoenga. Masteroppgåva må vere på 30 studiepoeng og skal vere inkludert i dei 60 studiepoenga. Dersom du har tatt MØA på NHH og har emne som er obligatoriske i MRR-grada, må desse innpassast. I tilfelle der resultatet i dei obligatoriske emna ikkje fyller karakterkravet til statsautorisert revisor, kan gjentak skje etter gjeldande reglar. 

    Søkjarar med den gamle fireårige siviløkonomgraden må søkje opptak til det toårige løpet.

  • Utanlandsk økonomisk-administrativ mastergrad

    Utanlandsk økonomisk-administrativ mastergrad

    • Du må ha ei bachelorgrad med minst 90 studiepoeng innanfor det økonomisk-administrative fagområdet.
    • Du må ha ei mastergrad innanfor det økonomisk-administrative fagområdet med tilsvarande karakteren C eller betre i minst 60 av studiepoenga. Masteroppgåva må vere på 30 studiepoeng og skal vere inkludert i dei 60 studiepoenga.

    Bachelor- og mastergrada må til saman oppfylle følgjande minimumskrav:

    • 5 studiepoeng innan matematikk og statistikk
    • 5 studiepoeng innan samfunnsøkonomi
    • 5 studiepoeng innan bedriftsøkonomi (økonomistyring, investering/finansiering og finansregnskap må inngå)

    Dersom du har utanlandsk mastergrad, må du normalt ta enten GMAT- eller GRE-testen for å vere kvalifisert som søkjar. Les meir om krava til minimumsscore, kva typar testar vi akepterer, kva fristar som gjeld, og kva grupper som er fritatt frå testen på våre engelske nettsider.

  • Mastergrad i rettsvitskap

    Mastergrad i rettsvitskap

    Du må ha ei fullført mastergrad i rettsvitskap med karakteren C eller betre i minst 60 av studiepoenga på masternivå. Du må ha tatt emne som tilsvarar NHH-emna ACC440 Foretaksrett og ACC441 Skatte- og avgiftsrett, med karakteren C eller betre. Masteroppgåva må ha eit omfang på 30 studiepoeng og skal vere inkludert i dei 60 studiepoenga.

    For å vere kvalifisert som søkjar, må du også ha minst følgande forkunnskapar:

    • 5 studiepoeng innan matematikk og statistikk
    • 5 studiepoeng innan  samfunnsøkonomi
    • 5 studiepoeng innan bedriftsøkonomi (økonomistyring, investering/finansiering og finansregnskap må inngå)

    Studiepoenga må vere på bachelornivå eller høgare.

Norsk- og engelskkunnskapAR

For alle søkjargruppene er det krav til norsk- og engelskkunnskapar.

  • Dersom du har generell studiekompetanse (GSK), fyller du kravet til både norsk- og engelskkunnskapar. Sjekk om du fyller GSK-kravet på Samordna opptak sine nettsider.
  • Dersom du ikkje har GSK, må du fylle norsk- og engelskkravet på andre måtar. Les meir om korleis du fyller norsk- og engelskkravet på Samordna opptak sine nettsider.

Rangering

Søkjarar som oppfyller opptakskrava, er ikkje automatisk sikra studieplass. Dersom det er fleire kvalifiserte søkjarar enn tilgjengelege studieplassar, blir søkjarane rangerte etter ein samla poengsum som består av karaktergjennomsnittet og eventuelle tilleggspoeng for revisjonspraksis.

  • Karaktergjennomsnitt master i økonomi og administrasjon

    Karaktergjennomsnitt master i økonomi og administrasjon

    Søkjarane vert rangert etter karaktergjennomsnittet av dei norske resultata sine, i tillegg til eventuelle praksispoeng (sjå under). Omrekning av bokstavkarakterar skjer slik: A=5, B=4, C=3, D=2, E=1.

    Utrekning av karaktergjennomsnitt:

    • Dersom du etter hausten 2026 har meir enn 120 norske studiepoeng på masternivå, reknar vi karaktergjennomsnittet av dei beste 120 studiepoenga.
    • Dersom talet på studiepoeng ikkje kan summerast til nøyaktig 120, reknar vi av det næraste mogelege talet over 120.
    • Dersom du etter hausten 2026 har mellom 75 og 120 norske studiepoeng, reknar vi karaktergjennomsnittet av alle studiepoenga.
    • Dersom du etter hausten 2026 har færre enn 75 norske studiepoeng med bokstavkarakterar på master, kan du få avslag på søknaden. For søkjarar som har fulgt normert studieprogresjon, kan det gjerast unnatak frå kravet om 75 norske studiepoeng med bokstavkarakterar.
    • Resultat frå vårsemesteret 2027 og frå utveksling vert ikkje rekna inn i karaktergjennomsnittet.
  • Karaktergjennomsnitt utanlandsk økonomisk-administrativ mastergrad

    Karaktergjennomsnitt utanlandsk økonomisk-administrativ mastergrad

    Dersom universitetet/høgskulen du har tatt mastergraden din ved nyttar ECTS-systemet, vert karaktergjennomsnittet utrekna på same måte som for søkjarar med master i økonomi og administrasjon (siviløkonom). Dersom universitetet/høgskulen du har tatt mastergraden din ved nyttar eit anna karaktersystem, vert søknaden din vurdert individuelt på grunnlag av karakterar og eventuelle praksispoeng (sjå under). 

  • Karaktergjennomsnitt master i rettsvitskap

    Karaktergjennomsnitt master i rettsvitskap

    Søkjarane vert rangert etter karaktergjennomsnittet av heile mastergraden, i tillegg til eventuelle praksispoeng (sjå under). Omrekning av bokstavkarakterar skjer slik: A=5, B=4, C=3, D=2, E=1.

    Utrekning av karaktergjennomsnitt:

    Karaktergjennomsnittet vert rekna av resultat som er avlagt til og med haustsemesteret 2026. Vi reknar ikkje med resultat frå vårsemesteret 2027 eller frå utveksling. 

  • Revisjonspraksispoeng

    Revisjonspraksispoeng

    For alle søkjargrupper gjeld det at dersom du har har vore tilsett i 100% stilling som revisjonsmedarbeidar etter fullført master, kan du ha krav på tilleggspoeng. Praksisen må vere basert på standardar utgitt av International Assurance and Auditing Standards Board for å vere godkjent. Praksispoenga vert lagt til karaktergjennomsnittet.

    1 års revisjonspraksis innan 1.9. i opptaksåret gir 0,2 tilleggspoeng
    2 års revisjonspraksis 1.9. i opptaksåret gir 0,4 tilleggspoeng

    Du får ikkje poeng for praksis utover 2 år. 

poenggrenser

Master i rekneskap og revisjon, eittårig løp, Bergen:

  • 2026: alle kvalifiserte søkjarar fekk tilbod om studieplass
  • 2025: alle kvalifiserte søkjarar fekk tilbod om studieplass
  • 2024: alle kvalifiserte søkjarar fekk tilbod om studieplass

Master i rekneskap og revisjon, eittårig løp, Oslo: 

  • 2026: 4,00
  • 2025: 4,00
  • 2024: 4,13

Krav til dokumentasjon

Finn informasjon om kva dokumentasjon du må laste opp i søknaden.

Slik søkjer du

  • Gå til søkjeportalen og vel "Mastergradsstudier" i hovudmenyen.
  • Klikk på "Søk" ved "Masteropptak MRR ettårig høst 2027". Vel så eitt av søknadsalternativa:
  1. 1409 Master i regnskap og revisjon - Bergen
  2. 1408 Master i regnskap og revisjon - Oslo

Du kan velje å føre opp berre eitt søknadsalternativ. Dersom du ønskjer å søkje på begge alternativa, må du prioritere mellom dei. Du kan endre prioriteringa fram til søknadsfristen 15. februar.

All kommunikasjon om søknaden blir send til e-postadressa du registrerer i søkjeportalen.

Betinga tilbod

Dersom du fullfører grada våren 2027, vil eit eventuelt tilbod vere betinga av at du fullfører grada.

Dersom du står att med meir enn 37,5 studiepoeng våren 2027, vil tilbodet få ein ekstra betingelse. Vi kjem då til å rekne ut karaktergjennomsnittet ditt på nytt når vårresultata er komne, for å sikre at du framleis har eit karaktergjennomsnitt over endeleg poenggrense. 

Kontakt

E-post
opptak@nhh.no