Krav til dokumentasjon MRR, eittårig løp

Krav til dokumentasjon MRR, eittårig løp

Les informasjonen på denne sida nøye før du lastar opp dokumentasjon til søknaden din.

Kva dokument må lastast opp

Søknadsskjema

Alle søkarar, også dei som kun har resultatutveksling eller har utdanning frå NHH, må fylle ut og laste opp søknadsskjema. Skjemaet gir oss viktig informasjon om kva utdanningsbakgrunn du har og kor langt du har kome i studieløpet. Du finn søknadsskjemaet her:

Søknadsskjema 2024 MRR eittårig løp - nynorsk

Søknadsskjema 2024 MRR ettårig løp - bokmål

  • Kall fila: soknadsskjema.pdf

Utdanning

Søkarar med utdanning frå lærestad som nyttar resultatutveksling:

Vi har automatisk tilgang til resultata dine gjennom resultatutveksling. Du treng difor ikkje laste opp dokumentasjon på utdanning, kun søknadsskjemaet. Dersom du fullfører utdanning våren 2024, må du sende ein e-post til opptak@nhh.no når du har fått siste resultat frå våren (frist 15. august). Vi får ikkje automatisk beskjed når du får nye resultat.

Har du utveksling? Sjå informasjon under pkt. 3 om utanlandsk utdanning.

Merk! Dersom skulen ikkje har registrert at graden din er fullført innan 15. august, må du i staden laste opp ei offisiell stadfesting frå skulen på at graden er fullført og bestått.

Søkarar med utdanning frå BI:

Vi har ikkje tilgang til resultata dine, og du må difor laste opp dokumentasjon på utdanning.

- Fullført utdanning hausten 2023 eller før?
Du dokumenterer resultat og fullført grad ved hjelp av ein nedlasta PDF frå BIs portal Digital Certificate når du søker. Det er ikkje tilstrekkeleg å dele vitnemålet berre via lenke, då ho kun er gyldig i ein avgrensa periode.

- Fullfører du utdanning våren 2024? Du dokumenterer resultata dine ved hjelp av Vitnemålsportalen når du søker. Les her om korleis du hentar ein digitalt signert PDF-fil. Merk at resultat delt via lenke ikkje er tilstrekkeleg, då lenka kun er gyldig i ein avgrensa periode. Når du har fått alle resultata dine frå våren 2024 (frist 15. august), dokumenterer du desse og fullført grad ved hjelp av BIs portal Digital Certificate (sjå informasjon i avsnittet over). 

- Har du utveksling i tillegg?
Sjå informasjon under pkt. 3 om utanlandsk utdanning.

Søkarar med utanlandsk utdanning:

Vi har ikkje tilgang til resultata dine, og du må difor laste opp dokumentasjon på utdanning.

- Søkarar med utveksling: du dokumenterer resultata dine ved hjelp av ein offisiell karakterutskrift med stempel og underskrift frå skulen.

- Søkarar med utanlandsk grad som er fullført hausten 2023 eller før:
du dokumenterer både resultata dine og fullført grad når du søker ved å laste opp ditt endelege offisielle vitnemål med stempel og underskrift frå skulen.

- Søkarar med utanlandsk grad som fullførast våren 2024: du dokumenterer resultata dine med ein offisiell karakterutskrift med stempel og underskrift frå skulen når du søker. Når du har fått sensurane frå våren 2024 (frist 15. august), lastar du opp ditt endelege, offisielle vitnemål med stempel og underskrift frå skulen.

  • Dersom du har dokumentasjon å laste opp, kall fila: masterutskrift.pdf, bachelorvitnemål.pdf eller mastervitnemål.pdf

Revisjonspraksis

Dersom du har mellom eitt og to års revisjonspraksis etter at du har avslutta mastergraden din, kan du ha krav på tilleggspoeng. For å dokumentere dette, må du laste opp ei stadfesting frå arbeidsgivar på at du har arbeida som revisormedarbeidar frå xx.xx. (dato) til xx.xx. (dato). Stadfestinga må vere stempla og underskriven av arbeidsgivar, og praksisen må følgje standardar utgitt av International Assurance and Auditing Standards Board.

  • Kall fila: revisjonspraksis.pdf

Norsk-/engelskkunnskapar

Dersom du har fullført norsk vidaregåande skule, fyller du kravet til norsk- og engelskkunnskapar. Om du har elektronisk vitnemål frå Nasjonal vitnemålsdatabase (NVB), har vi automatisk tilgang til resultata dine og du treng ikkje dokumentere språkkunnskapar.

Dersom du ikkje har vitnemål frå NVB, må du laste opp eit offisielt vitnemål frå vidaregåande skule.

Dersom du ikkje har norsk vidaregåande skule må du fylle kravet til norsk- og engelskkunnskapar. Sjekk på Samordna Opptak sine nettsider korleis du fyller dette kravet.

  • Dersom du har dokumentasjon å laste opp, kall fila: norskkunnskapar.pdf eller engelskkunnskapar.pdf

Utanlandsk utdanning?

Då er det ekstra krav til dokumentasjon:

GMAT-GRE-test

Dersom du ikkje er fritatt frå kravet om GMAT-/GRE-test, (les om fritaka her) må du ta testen og gjere resultatet tilgjengeleg for NHH innan 15. februar. Testresultatet kan maksimalt vere 5 år gamalt og berre offisielle testresultat gjort tilgjengeleg i testdatabasen er gyldig. Vi ber deg i tillegg om å laste opp ein skanna kopi av ditt uoffisielle testresultat. Dersom du ikkje har tatt testen når du søker, ver venleg å indikere kva dato du planlegg å ta han. Hugs at det kan ta inntil 20 dagar frå du tek testen til resultatet er tilgjengeleg for oss.

Programkode GMAT: 7KZ-ZK-01
Programkode GRE: 0686

  • Kall fila: GMAT.pdf eller GRE.pdf

Forklaring av karaktersystem

Dersom lærestaden din nyttar eit anna karaktersystem enn ECTS må du laste opp ei offisiell forklaring av karaktersystemet. Forklaringa finn du som oftast på karakterutskrifta eller vitnemålet ditt.

  • Kall fila: karaktersystem.pdf

Forklaring av studiepoengsystem

Dersom lærestaden din nyttar eit anna studiepoengsystem enn ECTS, må du laste opp ei offisiell forklaring av studiepoengsystemet. Forklaringa finn du som oftast på karakterutskrifta eller vitnemålet ditt. 

  • Kall fila: studiepoengsystem.pdf

RETTLEIING FOR OPPLASTING AV DOKUMENT

  • Skanne og last opp dei originale dokumenta du har mottatt frå lærestaden din i PDF-format.
  • Last berre opp dei dokumenta vi ber om. Andre dokument vert ikkje vurdert og kan forseinke behandlinga av søknaden din. Om mogeleg, last opp alle dokumenta samtidig. 
  • Hugs å skanne begge sider av dokumenta. Dersom eit dokument har fleire sider, lag ei samla fil.
  • Vi ber om at du gir namn til filene slik vi foreslår ovanfor, slik at det er enkelt å sjå når søknaden er komplett.

Viktig informasjon om dokumentasjon

  1. Du er sjølv ansvarleg for å laste opp all relevant dokumentasjon til søknaden innan fristen. Berre resultat frå vårsemesteret kan lastast opp etter søknadsfristen. 
  2. Det er ditt eige ansvar at den dokumentasjonen du har lasta opp er uendra og ekte. Eit tilfeldig utval av studentar vil bli bedne om å vise fram originaldokumentasjon ved studiestart. Studentar som på spørsmål frå NHH ikkje kan legge fram slik dokumentasjon, vil kunne miste studieretten, jf. § 2-9 punkt f i Forskrift om fulltidsstudiene ved Norges Handelshøyskole.
  3. Opplasting av falske dokument er ulovleg og vil bli meldt til politiet.
  4. NHH reserverer seg retten til å kontakte institusjonar og firma for forklaring/verifisering av opplasta dokument.