Falske dokument

Falske dokument

Du er sjølv ansvarleg for at dokumenta du lastar opp når du søker om opptak er korrekte. NHH kallar kvart år inn eit tilfeldig utval av søkarar som må syne fram originaldokumentasjon i etterkant av opptaket.

Bruk av falske dokument er omfatta av straffelova § 361 og § 362 og vert meldt til politiet.

Kva er eit falskt utdanningsdokument?

Eit falskt utdanningsdokument er eit dokument som syner til akademiske grader, kurs og karakterar som eigaren av dokumentet ikkje har fortent. Offisiell kopi/"rett kopi" av eit falskt dokument er å rekne som eit falskt dokument. Det er vanleg å dele falske utdanningsdokument inn i ulike kategoriar:

  1. Endra utdanningsdokument
    Dokumentet er autentisk når det vert utferda, men er i ettertid manipulert ved at innhaldet er endra. 
  2. Falskt dokument/dokument med urett innhald
    Eit slikt dokument kan vere heimelaga eller produsert av profesjonelle aktørar. Det kan etterlikne dokument frå reelle institusjonar og/eller gje seg ut for å vere frå ein institusjon med namn og logo som liknar på etablerte lærestadar eller vere føretak som kun eksisterer på papiret.
  3. Utdanningsdokument "produsert på lærestaden"
    Dette er dokument som er utferda med rette malar, stempel og signaturar, men til personar som ikkje har tatt utdanninga som dokumentet viser til. 
  4. Diploma Mill/Degree Mill/bløffuniversitet
    Dette er føretak som lagar vitnemål og grader utan, eller med berre minimale, tilbod og krav om utdanning. Dei er som regel signert av personar som ikkje har dei naudsynte rettane til å tildele grader og titlar. 

Prosess ved mistanke om falske dokument

  1. Varsel om mistanke. Dersom det er mistanke om at du har nytta falske dokument i ein søknad, vil du bli varsla om dette i eit brev. Du kan gi skriftlege kommentarar til varselet. Normalt er fristen for å sende inn kommentarane tre veker etter at du vart varsla om mistanken.
  2. Vedtak om avslag. Dersom kommentarane dine ikkje fjernar mistanken om falske dokument, vil Seksjon for opptak fatte vedtak om avslag på søknaden din. Samstundes som du vert varsla om vedtaket, vil du få informasjon om klagerett. Frist for å klage på vedtaket er tre veker etter at du vart varsla om vedtaket.
  3. Melding til politiet og varsling av andre institusjonar. I tillegg til at Seksjon for opptak fattar vedtak om avslag på søknaden, vil saka bli meldt til politiet. Samstundes vil NOKUT og dei andre universiteta og høgskulane i Noreg bli varsla om meldinga til politiet.

Konsekvensar av å levere eit falskt dokument

  • Du kan miste retten til å søke høgare utdanning i inntil eitt år. jf. uhl. § 3-7 (8).
  • Du kan bli utestengd frå NHH i inntil eitt år.
  • Du kan miste retten til å ta eksamen i inntil eitt år, både ved NHH og alle andre universitet og høgskular i Noreg.
  • Du kan miste studieretten din.
  • Eksamenar og studiepoeng du allereie har avlagt kan bli annullert.