Dobbelgradsprogrammet

Dobbelgradsprogrammet

Doble moglegheitene – ikkje arbeidsmengda! Som dobbeltgradsstudent tek du det første året av programmet ved NHH i Bergen og det andre året hos ein av våre høgt rangerte partneruniversitet og får to mastergradar på to år.

!

Søknadsfristen er 1. november

NHH student ambassadors. Photo: Helge Skodvin

Ved å fordjupe deg i ei spesialisering eller kombinere interessene dine på tvers av ulike felt vil du få unik fagleg kompetanse og interessante karrieremoglegheiter både nasjonalt og internasjonalt.

Det beste av alt? Ein dobbelgrad krev ikkje dobbel arbeidsmengde. Lærestadane innpassar emne frå kvarandre slik at mengda studiepoeng blir tilsvarande ein vanleg mastergrad eller noko høgare. Når du er ferdig med studiet, vil du få to fullverdige mastergradar; éin i økonomi og administrasjon frå NHH, og ein annan frå vertsuniversitetet ditt.