Ta emne på utveksling

Ta emne på utveksling

Du må søka til Seksjon for internasjonale relasjonar om førehandsgodkjenning av emne du ønsker å ta på utveksling.

Fullførte studiepoeng frå utveksling vert innpassa i graden din ved NHH.

NB! Hugs at dette er ei individuell godkjenning som vert arkivert i utvekslingssaka di, og at du difor må søkja individuelt om førehandsgodkjenning før du melder deg opp til emne på utveksling. Det at medstudentar har fått positivt svar på sin søknad betyr ikkje at du automatisk har fått godkjenning for dei same emna.

Merk at sjølv om du får NHH sin signatur på eit skjema (opptak, val av emne ved vertsuniversitetet ditt eller liknande), er ikkje dette gyldig som ei førehandsgodkjenning frå NHH. Du må alltid avklara førehandsgodkjenning av emna du skal ta på utveksling, ved å senda inn ein søknad til NHH.

Søknadsskjema for bachelorstudentar

  • Ei liste med tidlegare førehandsgodkjente emne er tilgjengeleg på Canvas.

Søknadsskjema for masterstudentar som byrja etter 2021

  • Ei liste med tidlegare førehandsgodkjente emne er tilgjengeleg på Canvas.
  • Hugs å senda skjemaet til international@nhh.no

Andre reglar gjeld dersom du byrja mastergraden din før hausten 2021 og ynskjer å søka utveksling. Ta kontakt med international@nhh.no for meir informasjon.

  • Bachelorstudentar

    Bachelorstudentar

    Du skal ta 30 ECTS medan du er på utveksling. Som hovudregel skal du berre ta valemne. Du treng ikkje gjera endringar i utdanningsplanen din før avreise, men fylgja normal utdanningsplan dei tre fyrste semestera ved NHH. Her finn du kva emne du skal ta kvart semester medan du er bachelorstudent ved NHH.

    Bachelorstudentar kan reisa ut i fjerde semester (vår). Studentar som ikkje har reist ut i fjerde semester, kan reisa på utveksling i sjette semester (vår). Føresetnad for utveksling i sjette semester er at du har fullført alle obligatoriske emne før avreise, slik at du kan ta valfag på utveksling.

    NHH tilrår bachelorstudentar å reisa ut i det fjerde semesteret sitt.

    • Du kan flytta BED3 og SAM3 frå fjerde til sjette semester.
    • Du kan flytta MET4 frå fjerde til femte semester då dette emnet òg går i haustsemesteret.

    På denne måten vil du kunna reisa på utveksling og berre ta valemne ute. Dette gjer det enklare for deg å velja emne ved vertsuniversitetet medan du er på utveksling. Bachelorstudentar som ønsker å reisa ut i det sjette semesteret sitt, må ha fullført alle obligatoriske emne før avreise.

    • Du kan flytta BED5 og SOL4 frå sjette til fjerde semester.
    • Du kan flytte MET4 frå fjerde til femte semester då dette emnet òg går i haustsemesteret. 

    Du kan erstatta opptil tre obligatoriske emne medan du er på utveksling, om du reiser i det fjerde semesteret ditt og tek emne frå lista over godkjende obligatoriske emne. Det er ikkje mogleg å søka om godkjenning for nye obligatoriske emne. Lista over tidlegare godkjende obligatoriske og valfrie emne ved NHH sine partnarskular finn du i Canvas.

    Hugs at sjølv om emne som erstattar obligatoriske emne ved NHH står i emnekatalogen til vertsuniversitetet, er det ikkje sikkert dei vert tilbydde i det semesteret du skal reisa ut. Du er då sjølv ansvarleg for å endra utdanningsplanen din ved NHH slik at du får ta obligatoriske emne i løpet av normert studietid ved NHH. Ver også merksam på at du ved nokre vertsuniversitetet må ta ein kombinasjon av fleire emne for å erstatta eitt obligatoriske emne ved NHH. Du kan ikkje ta eitt av emna som er ein del av ein slik kombinasjon, og få det innpassa som eit valfritt emne ved NHH. Er berre eitt av emna i kombinasjonen tilgjengeleg, går det heller ikkje an å få det emnet åleine innpassa som det obligatoriske emnet ved NHH.

    Bachelorstudentar har lov til å ta språkemne på utveksling.

      • Du har ikkje tidlegare teke emne i språket: Språkemne du tek på utveksling må gjera at du endar på minimum A2-nivå. Dette gjeld alle dei store europeiske språka: tysk, fransk, spansk, nederlandsk, italiensk og portugisisk. Dette betyr at innføringsemne vanlegvis ikkje vil verta godkjende.
      • Du har tidlegare teke emne i språket på NHH eller vidaregåande skule: Språkemne du tek på utveksling, må gjera at du endar på minimum B1-nivå. Dette gjeld alle dei store europeiske språka. Språkemne som overlappar med emne du har fullført ved NHH, vil ikkje verta godkjende.
      • Språk som er svært annleis enn norsk, til dømes japansk og kinesisk: Innføringsemne på lågare nivå enn A2 kan verta godkjende. Merk at språkemnet må vera teke parallelt med dei andre emna du tek i løpet av semesteret. Dette inneber at me ikkje vil godkjenne intensivemne som går over få veker.
  • Masterstudentar med start frå hausten 2021

    Masterstudentar med start frå hausten 2021

    Du skal ta 30 studiepoeng medan du er på utveksling. Når du vel emne på utveksling må du passa på følgjande:

    • Du kan ikkje ta emne som overlappar med emne du allereie har tatt på NHH, eller planlegg å ta.
    • Du må velja emne på masternivå ved vertsuniversitetet som er innanfor NHH sin fagkrets.
    • Du kan ikkje få godkjent språkemne som ein del av NHH-graden din. 

    Masterstudentar skal ta det som tilsvarar fire av seks valfrie emner i graden sin på utveksling (30 studiepoeng). Emna kan vera både innanfor same fagområde som hovudprofilen din (inntil 22,5 studiepoeng) eller dei kan vera frå andre fagområde.

    Når me vurderer emne for førehandsgodkjenning, tek me utgangspunkt i hovudprofilen din. Du vil få emna førehandsgodkjent som anten innanfor eller utanfor fagområde for hovudprofilen din. Du har sjølv ansvar for å legga opp studieplanen din, slik at du oppfyller krava til både hovudprofilen din og den valfrie delen av graden din innan endt grad.

    Innan endt grad skal du ha fullført og bestått 22,5 ECTS i emne med ein annan emnekode enn hovudprofilen din. Dersom du enda ikkje har møtt dette kravet, må du sørga for at du tar eit eller flere emne med ein annan emnekode som ein del av studieplanen din på utveksling. 

  • MRR-studentar

    MRR-studentar

    Du må ta valfrie emne på utveksling:

    • Du må ta emne tilsvarande 30 studiepoeng.
    • Du må ta emne som er på masternivå og innanfor NHH sin fagkrets.
    • Du kan ikkje ta emne som overlappar med emne du allereie har tatt på NHH.
    • Du kan ikkje ta obligatoriske MRR-kurs som står att i graden.
    • Du kan ikkje få godkjent språkemne som ein del av NHH-graden.

    Søk om førehandsgodkjenning

    Du søker om førehandsgodkjenning som andre masterstudentar - sjå søknadsskjema øvst på denne sida.

    Godkjenning som statsautorisert revisor

    Finanstilsynet vurderer eventuelle søknader om personleg godkjenning som statsautorisert revisor og har oversikt over alle krav du må oppfylle (til dels karakterkrav til emne som inngår i graden). Har du spørsmål om krava i tilknyting til utveksling, kontakt Finanstilsynet for meir informasjon.

  • Korleis får eg emna inn i graden min ved NHH?

    Korleis får eg emna inn i graden min ved NHH?

    Når du kjem heim etter utveksling, er du sjølv ansvarleg for å passa på at vertsinstitusjonen sendar karakterutskrifta til deg, eller til NHH, direkte. Det må vera ein verifisert PDF-fil med stempel/signatur/digital signering, eller fysisk kopi. Det kan ikkje vera ein skjermdump. Utskrifta skal du senda til international@nhh.no. Me sendar den vidare til riktig saksbehandlar for endeleg innpass. 

    Hugs å søka om fullføringstid dersom du strauk i eit eller fleire emne på utveksling 6. semester (bachelor) eller 4. semester (master).

     

    Resultatutveksling mellom Noreg, Sverige og Finland

    Resultat kan delast elektronisk mellom utdanningsinstitusjonar i Noreg, Sverige og Finland. Studentar på utveksling i Sverige eller Finland må gjera fylgjande etter avslutta utvekslingsopphald:

    • 1) Logg på StudentWeb
    • 2) Sjekk at det er hukt av "ja" for utveksling av eksamensresultat med andre institusjonar i profilinnstillingar
    • 3) Trykk på "Resultat" heilt øvst
    • 4) Vel "Import av resultat frå utanlandsk institusjon" heilt nedst på sida
    • 5) Vel Sverige eller Finland
    • 6) Trykk på den grøne knappen "Go to chosen country"
    • 7) Svar på kort spørjeundersøking
    • 8) Send ein e-post til international@nhh.no for å gje oss melding når dette er gjort.