Adgangsbegrensa emne master
Nokre emne i masterstudiet er adgangsbegrensa og har derfor ein tidlegare søknadsfrist enn andre emne.
Søknadsfrist
Mandag 18. august
Søkeportal
Søk opptak frå 1. august (Søknadsweb)
Adgangsbegrensa emne hausten 2025
Følgande emne er adgangsbegrensa hausten 2025:
Slik søker du
Dersom du ønsker å ta emnet for første gong:
- Logg deg inn i SøknadsWeb.
- Vel Adgangsbegrensede emner - Adgangsbegrensede emner master.
- Du kan velje inntil tre emne å søke på, og du må prioritere mellom emna. Du kan få tildelt plass i maksimalt to av emna du søker på. Du må skrive kor mange emne du ønsker å få tilbod på. Skriv "7,5" dersom du ønsker tilbod på eitt emne; skriv "15" dersom du ønsker tilbod på to emne.
- Du må gi beskjed i merknadsfeltet dersom du:
- har tatt eksamenar for første gong vårsemesteret 2025 som du manglar sensur på per 18. august (hugs å skrive kva eksamenar dette gjeld)
- har vore på utveksling på masternivå vårsemesteret 2025 og studiepoenga ikkje er registrert per 18. august.
Du er sjølv ansvarleg for å gi beskjed i merknadsfeltet dersom du høyrer til ein eller fleire av desse gruppene.
Vi oppmodar deg om å søke opptak så snart søkeportalen opnar, slik at det vert mest mogeleg tid til å sakshandsame søknadane.
TILBOD OM PLASS OG OPPSTART
- Du får svar på søknaden på e-post innan fredag 22. august.
- Dersom du får tilbod om plass, men ikkje ønsker plassen, må du takke nei i Søknadsweb innan utgangen av søndag 24. august. Då frigjer du plassen til ein student på venteliste.
- Dersom du ikkje takkar nei innan fristen, vert du undervisings- og vurderingsmeldt i emnet i løpet av måndag 25. august. Du vil få tilgang til emnet i Canvas 26. august, så lenge emneansvarleg har aktivert emnet.
- Dei adgangsbegrensa emna har oppstart tidlegast i veke 35. Du finn nøyaktig timeplan for emna på nettsidene.
Kontinuasjonseksamen?
Dersom du ønsker å melde deg til kontinuasjonseksamen i eit adgangsbegrensa emne, skal du ikkje søke opptak i SøknadsWeb. Send i staden ein e-post til opptak@nhh.no der du opplyser om kva eksamen du ønsker å ta om igjen, så melder vi deg opp.
Svar på søknaden
Du får svar på søknaden fredag 22. august kl. 16. Dersom emnet har oppstart seint i semesteret, vil du få svar i god tid før oppmeldingsfristen 1. september (haust)/1. februar (vår). Svar på søknaden kjem på e-post.
Kven får tildelt plass?
Plassane vert tildelt etter kor mange studiepoeng du har avlagt på master ved NHH. Du får mest utteljing dersom du har tatt emne som inngår i same hovudprofil(ar) som det adgangsbegrensa emnet.
I tilfelle der fleire studentar har lik poengsum og det ikkje er nok plassar til alle, vert plassane tildelt ved loddtrekning.
NHH-studentar på utvekslingsopphald ved andre lærestadar, kan ikkje tildelast plassar i adgangsbegrensa emne.