Adgangsbegrensa emne master
Nokre emne i masterstudiet er adgangsbegrensa og har derfor ein tidlegare søknadsfrist enn andre emne.
Søknadsfrist
Måndag 10. januar
Søkeportal
Søk i Søknadsweb frå 22. desember
Adgangsbegrensa emne våren 2022
Følgande emne er adgangsbegrensa våren 2022:
- STR425 Forhandlinger
- STR453 Digitalisering
- STR459 Artificial intelligence and robotics
- ENE470 Climate change: Policies and negociations (Model UNFCCC)
Merk at CEMS-studentar vert prioritert i tildelinga av plassar i ENE470. Sjå "Slik søker du" for informasjon om korleis du registrerer at du er ein CEMS-student i søknaden.
Tilbod om plass og oppstart
- Du får svar på søknaden på e-post fredag 14. januar.
- Dersom du får tilbod om plass, men ikkje ønsker plassen, må du takke nei i Søknadsweb innan utgangen av søndag 16. januar. Då frigjer du plassen til ein student på venteliste.
- Dersom du ikkje takkar nei innan fristen, vert du undervisings- og vurderingsmeldt i emnet i løpet av måndag 17. januar. Du vil få tilgang til emnet i Canvas 18. januar så lenge kurshaldaren har aktivert emnet.
- Dei adgangsbegrensa emna har oppstart tidlegast i veke 3. Du finn nøyaktig timeplan for emna på nettsidene.
Slik søker du
Dersom du ønsker å ta emnet for første gong:
- Logg deg inn i SøknadsWeb.
- Vel Adgangsbegrensede emner - Adgangsbegrensede emner master.
- Du kan velje inntil tre emne å søke på, og du må prioritere mellom emna. Du kan få tildelt plass i maksimalt to av emna du søker på. Du må skrive kor mange emne du ønsker å få tilbod på. Skriv "7,5" dersom du ønsker tilbod på eitt emne; skriv "15" dersom du ønsker tilbod på to emne.
- Du må gi beskjed i merknadsfeltet dersom du:
- har tatt eksamenar for første gong haustsemesteret 2021 som du manglar sensur på per 10. januar (hugs å skrive kva eksamenar dette gjeld)
- har vore på utveksling på masternivå haustsemesteret 2021 og studiepoenga ikkje er registrert per 10. januar.
- er CEMS-student
Du er sjølv ansvarleg for å gi beskjed i merknadsfeltet dersom du høyrer til ein eller fleire av desse gruppene!
Vi oppmodar deg om å søke opptak så snart søkeportalen opnar, slik at det vert mest mogeleg tid til å sakshandsame søknadane.
Kontinuasjonseksamen?
Dersom du ønsker å melde deg til kontinuasjonseksamen i eit adgangsbegrensa emne, skal du ikkje søke opptak i SøknadsWeb. Send i staden ein e-post til opptak@nhh.no der du opplyser om kva eksamen du ønsker å ta om igjen, så melder vi deg opp.
Svar på søknaden
Du får svar på søknaden fredag 14. januar kl. 16. Dersom emnet har oppstart seint i semesteret, vil du få svar i god tid før oppmeldingsfristen 1. september (haust)/1. februar (vår). Svar på søknaden kjem på e-post.
Kven får tildelt plass?
Plassane vert tildelt etter kor mange studiepoeng du har avlagt på master ved NHH. Du får mest utteljing dersom du har tatt emne som inngår i same hovudprofil(ar) som det adgangsbegrensa emnet.
I tilfelle der fleire studentar har lik poengsum og det ikkje er nok plassar til alle, vert plassane tildelt ved loddtrekning.
NHH-studentar på utvekslingsopphald ved andre lærestadar, kan ikkje tildelast plassar i adgangsbegrensa emne.