Time- og eksamensplan

Time- og eksamensplan

Når og kvar er førelesing? Når er eksamen?

Time- og eksamensplan for vårsemesteret 2024 er publisert.

Semesterregistrering og oppmelding til emner våren opnar i Studentweb 22. desember.

Du kan laste ned timeplanen til kalenderen din frå TimeEdit.

Timeplan - her kan du søke opp time- og eksamensplan for alle kurs ved NHH.

Eksamensplan Bachelor - liste over alle eksamenar på bachelornivå.

Eksamensplan Master - liste over alle eksamenar på masternivå.

Slik brukar du time- og eksamensplanen

Vel emnet du vil sjå timeplanen til, og sjekk at du har vald  «emne» i søkefeltet (ikkje rom eller arrangement).

I timeplanane vil også eksamensdatoane stå. Om du ønskjer å berre sjå eksamensdatoar, får du oversikt over desse i eigne lister. 

Du treng ikkje logge inn for å sjå eller søke i time- og eksamensplanen.

Du kan hente kalenderen til dei kursa du ønskjer til din eigen kalender. Her er det to alternativ.

  1. Vel «Abonner», vel kor lenge du ønskjer å abonnera på kalenderen, og kopier adressa i feltet under.
  2. Har du Apple-produkt gjer du følgande: «Tilpass» -> «Eksporter» -> «iCal»

MERK: Berre endringar som er rapportert til Studieadministrativ avdeling vil visast i timeplanen. Sjå derfor førelesningsplanen som vert utdelt av førelesar og/eller lagt ut på Canvas for eventuelle førelesningsfrie dagar eller andre endringar.

Viktig Om eksamensplanen

  • Vi publiserar vanlegvis time- og eksamensplanen mot slutten av desember og juni kvart år.
  • Oversikta viser hovudsakleg skriftlege skuleeksamenar og heimeeksamenar av kortare varighet. Andre heimmeeksamenar og innleveringsfristar for semesteroppgåver og liknande vert publisert fortløpande.
  • Når eksamensplanen er publisert vil vi berre gjere endringar om det er gjort ein feil. Ingen eksamensdatoar vert endra etter at lista er publisert.
  • Vi må ta mange omsyn når ein eksamensplan skal leggast, og kan derfor ikkje ta imot ønske om spesifikke eksamensdatoar. Vi kan heller ikkje opplyse om eksamensdatoar før planen er endeleg og publisert.