Søkjeprosess master

Søkjeprosess master

Slik går du fram når du skal søkje om opptak til NHH sine masterprogram.

Vi arbeider med å oppdatere informasjonen på denne sida. Oppdatert informasjon vil vere tilgjengeleg innan søkjeportalen opnar 1. januar 2027.

Kva masterprogram ønskjer du å studere?

NHH tilbyr tre masterprogram:

Programma har opptak til haustsemesteret.

Du kan søkje på MØA, MBDS og MRR (toårig løp), i prioritert rekkjefølgje.

Du kan søke på MRR (eittårig løp), og prioritere mellom Bergen og Oslo som studiestad.

Er du kvalifisert?

Finn ut kva opptakskrav som gjeld for det masterprogrammet du ønskjer å søkje på:

- Opptakskrav MØA, MBDS og MRR (toårig løp)

- Opptakskrav MRR eittårig løp - Bergen og Oslo

Registrer søknaden din

Du søkjer i SøknadsWeb og søknadsfristen er 15. februar.

Før du søkjer, rår vi deg til å setje deg godt inn i kva dokumentasjon du må laste opp for at søknaden skal vere komplett, kva format filene må vere i og kva namn du skal gi dei. 

Omprioritere søknadsalternativa dine

Du kan omprioritere søknadsalternativa dine fram til søknadsfristen 15. februar. Dersom du får tilbod om opptak, vil søknadsalternativ med lågare prioritet falle bort.

Dokumentere utdanning vårsemesteret

Har du fått tilbod om opptak og avsluttar utdanninga di vårsemesteret før studiestart? Frist for å dokumentere utdanning som vert avslutta i vårsemesteret er 1. juli for toårig master og 15. august for MRR (eittårig løp). Det er ulike krav til korleis du skal dokumentere utdanning frå vårsemesteret, alt etter kvar du har utdanninga di frå. Les meir om dokumentasjonskrav for toårig master og MRR (eittårig løp). 

Svar på søknaden

Svaret vert publisert i SøknadsWeb, i tillegg til at du får e-post til adressa du oppgav i søknaden din. Du svarar på tilbodet om studieplass i SøknadsWeb og fristen for å svare finn du også der.

Om du har utdanning som vert avslutta i vårsemesteret, vil eit eventuelt tilbod om opptak vere betinga.

Venteliste

Dersom du fyller opptakskrava til det/dei masterprogrammet/-a du søkjer på, men ikkje når opp i rangeringa, blir du tildelt ein plass på ventelista. Dato for eventuell utsending av tilbod til søkjarar på venteliste: 20. juni.

Reservasjon av studieplass

Dersom du får tilbod om studieplass, men ikkje har høve til å studere i år, kan du i enkelte tilfelle få reservert studieplassen i eitt eller to år. Meir informasjon om reservasjon av studieplass finn du her.

Kontakt

E-post
opptak@nhh.no

Viktige datoar og fristar

1. januar: SøknadsWeb opnar, alle søknadar

15. februar: Søknadsfrist/omprioriteringsfrist, alle søknadar

10. april: Svar på søknad, MRR eittårig

17. april: Frist for å svare på tilbod, MRR eittårig

15. mai: Svar på søknad MØA/MRR toårig

22. mai: Frist for å svare på tilbod, MØA/MRR toårig

20. juni: Mogeleg tilbod til venteliste, MØA/MRR toårig, MRR eittårig

1. juli: Frist for å dokumentere fullført grad MØA/MRR toårig

10. august: Frist for å søke reservasjon av studieplass, alle søknadar

15. august: Frist for å dokumentere fullført grad MRR eittårig