Krav til dokumentasjon MRR, eittårig løp

Krav til dokumentasjon MRR, eittårig løp

Les informasjonen nøye før du lastar opp dokumentasjon. Du er sjølv ansvarleg for at søknaden inneheld all nødvendig dokumentasjon innan gjeldande fristar.

Vi arbeider med å oppdatere informasjonen på denne sida. Oppdatert informasjon vil vere tilgjengeleg innan søkjeportalen opnar 1. januar 2027.

Kva dokument må du laste opp?

  • Søknadsskjema

    Søknadsskjema

    Alle søkjarar må fylle ut og laste opp årets søknadsskjema. Skjemaet gir oss viktig informasjon om kva utdanningsbakgrunn du har og kor langt du har kome i studieløpet. Søknadar utan søknadsskjema vert ikkje behandla.

    Søknadsskjema MRR eittårig løp 2027 (bokmål)

    Søknadsskjema MRR eittårig løp 2027 (nynorsk)

    • Kall fila: soknadsskjema.pdf
  • Utdanning

    Utdanning

    utdanning frå lærestad med resultatutveksling

    Du treng ikkje laste opp dokumentasjon på utdanning. Vi har automatisk tilgang til resultata dine gjennom resultatutveksling. Sjå kva lærestadar som har resultatutveksling med NHH her. 

    Dersom du tek utdanning våren 2027, må du sende oss ein e-post når siste resultat for våren er kome og lærestaden din har registrert at graden er fullført. Du kan sjå kva resultat vi har tilgang til og om graden din er registrert fullført under "Eksterne resultat" i Søknadsweb. 

    Utdanning frå BI

    Vi har ikkje tilgang til resultata dine, så du må laste opp dokumentasjon. Du må dokumentere både bachelor- og mastergraden din. Godkjend dokumentasjon er ein digitalt signert PDF-fil frå Vitnemålsportalen. Resultat delt via lenke er ikkje tilstrekkeleg. 

    Les her om korleis du hentar ein digitalt signert PDF-fil.
    Her finn du informasjon om korleis du verifiserer ein digital signatur.

    - Dersom mastergraden er fullført hausten 2026 eller før, last opp ein PDF-fil som viser resultata dine, samt at graden er fullført når du søkjer. Pass på at namnet på graden, samt dato for fullføring står øvst på dokumentet.

    - Dersom du fullfører mastergraden våren 2027, last først opp ein PDF-fil med resultata du har fått hittil når du søkjer, og så ein ny PDF-fil når alle resultata dine for våren er komne og BI har registrert at graden din er fullført. Pass på at namnet på graden, samt dato for fullføring står øvst på dokumentet.

    Utanlandsk utdanning

    Vi har ikkje tilgang til resultata dine, så du må laste opp dokumentasjon. Du må dokumentere både bachelor- og mastergraden din.

    - Dersom mastergraden er fullført hausten 2026 eller før: last opp ditt endelege, offisielle vitnemål når du søkjer.

    - Dersom graden fullførast våren 2027: last opp ein offisiell karakterutskrift når du søkjer. Når du har fått sensurane frå våren 2027, lastar du opp ditt endelege, offisielle vitnemål.

    • Kall fila: masterutskrift.pdf, mastervitnemål.pdf, bachelorvitnemål.pdf

    Utveksling?

    Du dokumenterer resultata dine ved hjelp av ein offisiell karakterutskrift frå lærestaden.

    • Kall fila: utveksling.pdf

    Ettersendingsfrist 15. august

    Frist for å dokumentere utdanning frå våren er 15. august.

  • Emneomtalar

    Emneomtalar

    Nokre søkjarar frå alle tre søkjargrupper kan bli bedt om å laste opp emneomtalar. Dersom dette gjeld deg, vil du få epost om det.

    • Kall fila: emneomtalar.pdf
  • Revisjonspraksis

    Revisjonspraksis

    Dersom du har enten eitt eller to års revisjonspraksis etter at du har avslutta mastergraden din, kan du ha krav på tilleggspoeng. For å dokumentere dette, last opp ei stadfesting frå arbeidsgivar på at du har arbeida som revisormedarbeidar i 100% stilling frå xx.xx. (dato) til xx.xx. (dato). Stadfestinga må vere stempla og underskriven av arbeidsgivar, og praksisen må følgje standardar utgitt av International Assurance and Auditing Standards Board.

    • Kall fila: revisjonspraksis.pdf
  • Norsk- og engelskkunnskapar

    Norsk- og engelskkunnskapar

    Du må dokumentere norsk- og engelskkunnskapar. Dersom du har fullført norsk vidaregåande skule med generell studiekompetanse (GSK), fyller du kravet. Om du har elektronisk vitnemål, har vi automatisk tilgang til resultata dine og du treng ikkje laste opp dokumentasjon.

    Dersom du ikkje har norsk vidaregåande skule, må du fylle kravet til norsk og engelsk på andre måtar. Sjekk på Samordna opptak sine nettsider korleis du kan fylle norsk- og engelskkravet.

    • Kall fila: norskkunnskapar.pdf eller engelskkunnskapar.pdf
  • Utanlandsk mastergrad - ekstra dokumentasjonskrav

    Utanlandsk mastergrad - ekstra dokumentasjonskrav

    Dersom du er søkjar til MRR med utanlandsk mastergrad, kan det vere ekstra krav til dokumentasjon:

    GMAT- eller GRE-TEST

    For nokre søkjarar er det krav om GMAT-/GRE-test. Om det gjeld deg, må du gjere resultatet tilgjengeleg for NHH innan 15. februar. Les om korleis du dokumenterer testresultata og finn informasjon om kven som er friteken frå kravet om test på dei engelske nettsidene. 

    • Kall fila: GMAT.pdf eller GRE.pdf

    FORKLARING AV KARAKTERSYSTEM

    Dersom lærestaden din nyttar eit anna karaktersystem enn ECTS bokstavkarakterar, må du laste opp ei offisiell forklaring av karaktersystemet. Forklaringa finn du som oftast på karakterutskrifta eller vitnemålet ditt, eller på lærestaden si offisielle nettside.

    • Kall fila: karaktersystem.pdf

    FORKLARING AV STUDIEPOENGSYSTEM

    Dersom lærestaden din nyttar eit anna studiepoengsystem enn ECTS, må du laste opp ei offisiell forklaring av studiepoengsystemet. Forklaringa finn du som oftast på karakterutskrifta eller vitnemålet ditt, eller på lærestaden si offisielle nettside.

    • Kall fila: studiepoengsystem.pdf

RETTLEIING FOR OPPLASTING AV DOKUMENT

  • Skanne og last opp dei originale dokumenta du har mottatt frå lærestaden din i PDF-format.
  • Last berre opp dei dokumenta vi ber om. Andre dokument vert ikkje vurdert og kan forseinke behandlinga av søknaden din. Om mogeleg, last opp alle dokumenta samtidig. 
  • Hugs å skanne begge sider av dokumenta. Dersom eit dokument har fleire sider, lag ei samla fil.
  • Vi ber om at du gir namn til filene slik vi foreslår ovanfor, slik at det er enkelt å sjå når søknaden er komplett.

Viktig informasjon om dokumentasjon

  • Du er sjølv ansvarleg for å laste opp all relevant dokumentasjon til søknaden innan fristen. Berre resultat frå vårsemesteret kan lastast opp etter søknadsfristen. 
  • Det er ditt eige ansvar at den dokumentasjonen du har lasta opp er uendra og ekte. Eit tilfeldig utval av studentar vil bli bedne om å vise fram originaldokumentasjon ved studiestart. Studentar som på spørsmål frå NHH ikkje kan legge fram slik dokumentasjon, vil kunne miste studieretten, jf. § 2-8 punkt e i Forskrift om fulltidsstudiene ved Norges Handelshøyskole.
  • Opplasting av falske dokument er ulovleg og vil bli meldt til politiet.
  • NHH reserverer seg retten til å kontakte institusjonar og firma for forklaring/verifisering av opplasta dokument.