Opptak til toårig master

Opptak til toårig master

Søkjarar med bachelorgrad frå ein annan lærestad enn NHH kan søkje opptak til toårige masterprogram kvar haust.

Vi arbeider med å oppdatere informasjonen på denne sida. Oppdatert informasjon vil vere tilgjengeleg innan søkjeportalen opnar 1. januar 2027.

!

Søknadsfrist 15. februar

Frå hausten 2027 tilbyr NHH tre toårige masterprogram:

  1. Master i økonomi og administrasjon (MØA)
  2. Master in Business and Data Science (MBDS)
  3. Master i rekneskap og revisjon (MRR)

Informasjonen på denne sida gjeld for:

  • søkjarar med norsk bachelorgrad som søkjer MØA, MBDS og/eller MRR toårig løp 
  • søkjarar med utanlandsk bachelorgrad som søkjer MRR toårig løp

Har du ein utanlandsk bachelorgrad og ønskjer å søkje MØA eller MBDS, må du søkje gjennom det internasjonale masteropptaket. Du finn informasjon om søknadsprosessen ved å byte språk til engelsk øvst til høgre på nettsida. Dersom du òg ønskjer å søkje MRR toårig løp, må du sende inn ein eigen søknad gjennom det norske masteropptaket.

 Informasjon om opptaket til MRR eittårig løp finn du her. 

Les meir om søkjeprosessen og finn viktige datoar og fristar i opptaket.

Opptakskrav

  • Master i økonomi og administrasjon

    Master i økonomi og administrasjon

    For å vere kvalifisert, må du oppfylle alle krava nedanfor.

    1. Bachelorgrad

    Du må ha fullført ein bachelorgrad eller tilsvarande ved ein norsk lærestad.

    2. Fagkrav

    Du må ha minst 120 studiepoeng i økonomisk-administrative fag. Desse fagområda og underkategoriane må inngå:

    • Metodefag, minst 20 studiepoeng
      • matematikk for økonomar
      • statistikk for økonomar
      • samfunnsvitskapleg metode
    • Samfunnsøkonomi, minst 15 studiepoeng
      • makroøkonomi
      • mikroøkonomi
    • Bedriftsøkonomisk analyse, minst 30 studiepoeng
      • finansrekneskap
      • økonomistyring
      • investeringsanalyse og finansiering
    • Administrasjonsfag, minst 30 studiepoeng
      • marknadsføring
      • organisasjonsteori og leiing
      • foretaksstrategi
    • Etikk, samfunnsansvar og berekraft, minst 7,5 studiepoeng

    Har du bachelorgrad i økonomi og administrasjon frå ein norsk lærestad, oppfyller du fagkrava, uavhengig av når graden er fullført.

    Har du ein annan bachelorgrad, må du sjølv vurdere om utdanninga di oppfyller fagkrava. Seksjon for opptak har dessverre ikkje kapasitet til å gjere førehandsvurderingar. Emnekombinasjonen din blir vurdert når søknaden blir behandla.

    3. Norsk- og engelskkrav

    Har du generell studiekompetanse (GSK), oppfyller du krava til norsk- og engelskkunnskapar. Sjå krava til generell studiekompetanse på nettsidene til Samordna opptak.

    Har du ikkje GSK, må du dokumentere norsk- og engelskkunnskapar tilsvarande krava i GSK. Les om norskkravet og engelskkravet på nettsidene til Samordna opptak.

     

  • Master in Business and Data Science

    Master in Business and Data Science

    To qualify for admission, you must meet all the requirements below.

    1. You must have a Norwegian bachelor's degree.

    2. Academic requirements

    You must have at least 80 ECTS in subjects relevant to the master's programme, including:

    • Mathematics: minimum 7.5 ECTS (must include calculus, optimization and linear algebra)
    • Statistics: minimum 7.5 ECTS
    • Programming: minimum 7.5 ECTS
    • Accounting, finance, economics, marketing, ethics or sustainability: minimum 15 ECTS

    The remaining 42.5 ECTS may be in any of the fields listed above, as well as artificial intelligence, automation or computer science.

    A maximum of 7.5 ECTS in ethics or sustainability may count towards the 80 ECTS requirement.

    NHH offers preparatory courses in programming, which admitted students are recommended to take.

    3. English language requirement

    You meet the English language requirement if you have achieved grade 4 or higher in English from Norwegian upper secondary school (English common core subject/engelsk fellesfag 140 hours).

    If you do not meet this requirement, please refer to NHH's English-language admission pages for information about accepted alternative qualifications.

  • Master i regnskap og revisjon

    Master i regnskap og revisjon

    For å vere kvalifisert må du oppfylle alle krava nedanfor.

    1. Bachelorgrad og fagkrav

    Seinast semesteret før studiestart må du ha fullført eitt av desse alternativa:

    • bachelorgrad i økonomi og administrasjon eller fireårig siviløkonomgrad
    • bachelorgrad i rekneskap og revisjon, med bestått revisoreksamen og minst karakteren C i kvar revisoreksamen

    Søkjarar med andre bachelorgrader, også utanlandske grader, er kvalifiserte dersom utdanninga fyller følgjande fagkrav: 

    Du må ha minst 120 studiepoeng i økonomisk-administrative fag. Desse fagområda og underkategoriane må inngå:

    • Metodefag, minst 20 studiepoeng
      • matematikk for økonomar
      • statistikk for økonomar
      • samfunnsvitskapleg metode
    • Samfunnsøkonomi, minst 15 studiepoeng
      • makroøkonomi
      • mikroøkonomi
    • Bedriftsøkonomisk analyse, minst 30 studiepoeng
      • finansrekneskap
      • økonomistyring
      • investeringsanalyse og finansiering
    • Administrasjonsfag, minst 30 studiepoeng
      • marknadsføring
      • organisasjonsteori og leiing
      • foretaksstrategi
    • Etikk, samfunnsansvar og berekraft, minst 7,5 studiepoeng

    2. GMAT eller GRE

    Har du utanlandsk bachelorgrad, må du normalt dokumentere resultat frå GMAT eller GRE. Informasjon om godkjende testar, minimumsscore, fristar og fritak finn du på dei engelske opptakssidene til NHH.

    3. Norsk- og engelskkrav

    Har du generell studiekompetanse (GSK), oppfyller du krava til norsk- og engelskkunnskapar. Sjå krava til generell studiekompetanse på nettsidene til Samordna opptak.

    Har du ikkje GSK, må du dokumentere norsk- og engelskkunnskapar tilsvarande krava i GSK. Les om norskkravet og engelskkravet på nettsidene til Samordna opptak.

Karaktergjennomsnitt

  • Rangering av søkjarar

    Rangering av søkjarar

    Du er ikkje garantert studieplass sjølv om du oppfyller opptakskrava. Kvalifiserte søkjarar blir rangerte etter karaktergjennomsnittet av norske resultat.

    Bokstavkarakterane blir rekna om slik:

    • A = 5
    • B = 4
    • C = 3
    • D = 2
    • E = 1

    Slik reknar vi karaktergjennomsnittet

    • Vi reknar med maksimalt 180 studiepoeng.
    • Dersom studiepoenga ikkje kan summerast til nøyaktig 180, bruker vi det næraste moglege talet over 180.
    • Emne som inngår i fagkrava, blir alltid rekna med.
    • Resultat frå vårsemesteret 2027 og resultat frå utveksling blir ikkje rekna med.
    • Har du færre enn 120 norske studiepoeng med bokstavkarakterar etter haustsemesteret 2026, kan du få avslag. Det kan gjerast unntak dersom du har følgt normert studieprogresjon.
    • Har du resultat frå andre karaktersystem enn det norske bokstavsystemet, blir søknaden vurdert individuelt.

     

  • Karaktergrenser dei siste tre åra

    Karaktergrenser dei siste tre åra

    Master i økonomi og administrasjon:

    • 2026: 4,07
    • 2025: 3,90
    • 2024: 3,86

    Master i rekneskap og revisjon:

    • 2026: 4,00
    • 2025: 3,85
    • 2024: 3,80

Krav til dokumentasjon

Finn informasjon om kva dokumentasjon du må laste opp i søknaden. 

Slik søkjer du

  1. Gå til søkjeportalen og vel "Mastergradsstudier" i hovudmenyen.
  2. Klikk på "Søk" ved "Opptak til toårig master høst 2027".
  3. Vel programmet/programma du ønskjer å søkje.

Du kan velje å føre opp berre eitt søknadsalternativ. Dersom du ønskjer å søkje på fleire alternativ, må du prioritere mellom dei. Du kan endre prioriteringa fram til søknadsfristen 15. februar.

All kommunikasjon om søknaden blir send til e-postadressa du registrerer i søkjeportalen.

Betinga tilbod

Dersom du fullfører graden eller tek emne som skal inngå i fagkrava våren 2027, vil eit eventuelt tilbod vere betinga av at du fullfører graden og oppfyller fagkrava.

Dersom du står att med meir enn 37,5 studiepoeng våren 2027, vil tilbodet få ein ekstra betingelse. Vi kjem då til å rekne ut karaktergjennomsnittet ditt på nytt når vårresultata er komne, for å sikre at du framleis har eit karaktergjennomsnitt over endeleg karaktergrense. 

Kontakt

E-post
opptak@nhh.no