Krav til dokumentasjon toårig master
Les informasjonen nøye før du lastar opp dokumentasjon. Du er sjølv ansvarleg for at søknaden inneheld all nødvendig dokumentasjon innan gjeldande fristar.
Vi arbeider med å oppdatere informasjonen på denne sida. Oppdatert informasjon vil vere tilgjengeleg innan søkjeportalen opnar 1. januar 2027.
Kva dokumentasjon må du laste opp?
Rettleiing for opplasting av dokument
- Skanne og last opp dei originale dokumenta du har mottatt frå lærestaden din i PDF-format.
- Last berre opp dei dokumenta vi ber om. Andre dokument vert ikkje vurdert og kan forseinke behandlinga av søknaden din. Om mogeleg, last opp alle dokumenta samtidig.
- Hugs å skanne begge sider av dokumenta. Dersom eit dokument har fleire sider, lag ei samla fil.
- Vi ber om at du gir namn til filene slik vi foreslår ovanfor, slik at det er enkelt å sjå når søknaden er komplett.
Viktig informasjon om dokumentasjon
- Du er sjølv ansvarleg for å laste opp all relevant dokumentasjon til søknaden innan fristen. Berre resultat frå vårsemesteret kan lastast opp etter søknadsfristen.
- Det er ditt eige ansvar at den dokumentasjonen du har lasta opp er uendra og ekte. Eit tilfeldig utval av studentar vil bli bedne om å vise fram originaldokumentasjon ved studiestart. Studentar som på spørsmål frå NHH ikkje kan leggje fram slik dokumentasjon, vil kunne miste studieretten, jf. § 2-8 punkt e i Forskrift om fulltidsstudiene ved Norges Handelshøyskole, NHH.
- Opplasting av falske dokument er ulovleg og vil bli meldt til politiet.
- NHH reserverer seg retten til å kontakte institusjonar og firma for forklaring/verifisering av opplasta dokument.
Kontakt
- E-post
- opptak@nhh.no