Rektors leiargruppe 2025- 2029

Rektors leiargruppe 2025- 2029

NHH har tilsett rektor og ekstern styreleiar. Rektors leiargruppe består av tre prorektorar og to direktørar.

Rektor Helge Thorbjørnsen er øvste fagleg og administrativt ansvarlege og høgskulens fremste offisielle representant. Han er tilsett i eit åremål på fire år frå 1. august 2025 til 31. juli 2029.

Martin Skancke vart utnemd som ny styreleiar ved NHH sommaren 2025.

NHH har tre prorektorar for høvesvis utdanning, forsking og fagressursar. Prorektorane har det daglege ansvaret for sine område. 

REKTORAT
Helge Thorbjørnsen, Rektor 
E-post: helge.thorbjørnsen@nhh.no
Tlf. 55 95 95 35
Steffen Juranek, Prorektor for utdanning
Epost: steffen.juranek@nhh.no
Tlf. 55 95 98 63
Katrine Vellesen Løken, Prorektor for forsking 
E-post: katrine.loken@nhh.no
Tlf. 55 95 92 18
Kurt Richard Brekke, Prorektor for fagressursar
E-post: kurt.brekke@nhh.no
Tlf. 55 95 94 07
DIREKTØRAR
Bjørg Marit Eknes, Direktør for organisasjon og verksemdsstyring
E-post: bjorg.eknes@nhh.no
Tlf. 55 95 99 98
Geir Mikalsen, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: geir.mikalsen@nhh.no
Tlf. 55 95 93 49

Last ned høgoppløyselege portrettfoto av rektoratet

Rektor Helge Thorbjørnsen

Helge Thorbjørnsen
Foto: Helge Skodvin

Helge Thorbjørnsen (f. 1975) er professor ved Institutt for strategi og leiing.

Han avla doktorgrad ved NHH i 2003 og har vore professor ved høgskulen sidan 2008.

Forskingsinteressene hans inkluderer forbrukarpsykologi, åtferdsøkonomi, lykke, beslutningstaking og teknologiadopsjon.

Thorbjørnsen var viserektor for forsking ved NHH frå 2013 til 2018 og dekan for doktorgradsprogrammet frå 2011 til 2018.

Han har vore involvert i fleire oppstartselskap, og styreleiar eller -medlem i fleire selskap og organisasjonar. Han har også vore forskingsleiar ved Samfunns- og næringslivsforsking (SNF) og ved forskingssenteret DIG (Digital Innovation for Sustainable Growth).

Thorbjørnsens profilside ved Institutt for strategi og leiing

Prorektor for utdanning, Steffen Juranek

Stefen Juranek. Foto: Helge Skodvin
Foto: Helge Skodvin

Steffen Juranek (f. 1982) er professor ved Institutt for foretaksøkonomi.

Han er tysk statsborgar og har doktorgrad (2012) frå Goethe University i Frankfurt.

Han kom til NHH i 2013, vart førsteamanuensis i 2017 og fekk opprykk til professor i 2023.

Juranek har solid pedagogisk kompetanse. Han vart tildelt NHH Inspirational Teaching Award i 2024 og fekk tittelen merittert undervisar i juni 2025.

Juranek har også omfattande forskingsproduksjon, særleg innan organisasjon innovasjon. intellektuell eigedom og vertikal organisering av verksemder og marknader. Han er prosjektleiar for NHHs «New Innovation School» og har vore programdirektør for Executive MBA in Seafood Management sidan 2022.

Juraneks profilside ved Institutt for foretaksøkonomi

Prorektor for forsking, Katrine Vellesen Løken

Katrine Løken. Foto: Helge Skodvin
Foto: Helge Skodvin

Katrine Vellesen Løken (f. 1983) er professor ved Institutt for samfunnsøkonomi.

Løken har doktorgrad i samfunnsøkonomi frå Universitetet i Bergen (2010). Alt i 2014 fekk ho opprykk til professor, og var dermed ein av dei yngste økonomiprofessorane i Noreg nokon sinne.

Forskingsinteressene hennar rettar seg m.a. mot resultat og effektar av statleg velferdspolitikk. Ho har ein omfattande forskingsproduksjon og har publisert i svært mange anerkjente tidsskrift. Løken er tildelt både Meltzer-prisen (2015), Nils Klim-prisen (2017) og Fridtjof Nansens belønning for yngre forskere (2023).

Løken har vore nestleiar ved Institutt for samfunnsøkonomi og koordinator for doktorgradsstudentane. Ho er også del av i leiinga av forskingssenteret FAIR, som har status som senter for framifrå forsking (SFF).

Løkens profilside ved Institutt for samfunnsøkonomi

prorektor for fagressursar, Kurt Richard Brekke

Kurt Brekke. Foto: Helge Skodvin
Foto: Helge Skodvin

Kurt Richard Brekke (f.1969) er professor ved Institutt for samfunnsøkonomi.

Han har doktorgrad (dr, polit.) i samfunnsøkonomi frå UiB i 2003. Brekke byrja som postdoktor ved NHH i 2005, fekk fast ansettelse som førsteamanuensis i 2008, og opprykk til professor i 2009.

Brekke kan vise til omfattande forsking på fagområdet næringsøkonomi, med hovudvekt på konkurranseanalyse og reguleringspolitikk, særleg innan helsesektoren og legemiddelmarknaden.

Brekke var sjeføkonom i Konkurransetilsynet frå 2016 til 2020 og instituttleiar ved Institutt for samfunnsøkonomi frå 2021 til 2025. Han er i dag medlem av Konkurranseklagenemnda og Riksbankens jubileumsfond, og har vore oppnevnt til fleire offentlege utval.

Han har lang erfaring som forskingsleiar ved SNF og har vore leiar for BECCLE (Bergen Centre for Competition Law and Economics) og Centre for Business Economics på NHH.

Brekkes profilside ved Institutt for samfunnsøkonomi

Direktør for organisasjon og verksemdsstyring, Bjørg Marit Eknes

Bjørg Marit Eknes. Foto: Helge Skodvin
Foto: Helge Skodvin

Bjørg Marit Eknes (f. 1969) er direktør for organisasjon og verksemdsstyring, og har det overordna ansvaret for områda eigedom, HR, IT og økonomi.

Eknes er utdanna siviløkonom frå NHH og har ein Executive MBA in Technology and Innovation of Finance frå NHH Executive. Ho har også ein MBA fra Bond University i Australia og har gjennomført AFFs Solstrandprogram.

Eknes kom til NHH frå Sparebanken Vest, der ho var del av konsernleiinga i ei årrekkje, sist som direktør for strategiske alliansar. Ho er styreleiar i Landkreditt Bank AS og styremedlem i Eidesvik Offshore ASA, og har brei styreerfaring frå tidligare styreverv i ulike verksemder.

I 2020 vart Eknes kåra til ei av Noregs 50 fremste tech-kvinner av Abelia og ODA-nettverket.

Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt, geir mikalsen

Geir Mikalsen. Foto: Helge Skodvin
Foto: Helge Skodvin

Geir Mikalsen (f. 1965) er direktør for kommunikasjon og eksterne relasjonar, og leiar for Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt. Hans ansvarsområde omfattar m.a. mediehandtering, forskingsformidling, samarbeid med næringsliv, alumniarbeid, marknadsføring, digitale kanalar, internkommunikasjon, organisering av ulike arrangement, og publikums- og studentsørvis.

Mikalsen er cand. polit. frå Universitetet i Bergen med hovudfag i samanliknanade politikk.

Han kom til NHH frå stillinga som marknads- og kommunikasjonsssjef i Bergen næringsråd. Han har også vore konserndirektør kommunikasjon i Rieber & Søn, og har lang fartstid frå TV2, blant anna som informasjonssjef og kanalsjef.