Noreg er størst i verda på elbilar

SER LYST PÅ FREMTIDEN: Gunnar Eskeland, professor i klima- og miljøøkonomi, tror vi vil klare å få til et vellykket grønt skifte, men er ikke enig i at Norge bør slutte å produsere olje nå. Foto: Silje Thalberg

23. august 2021 14:39

Noreg er størst i verda på elbilar

Kvifor er det så mange elbilar i Noreg? Hjelper det eigentleg klimaet?

Gjennom Paris-avtalen frå 2015 har Noreg forplikta seg til å kutte i klimagassutsleppa. Fordi denne avtalen overlèt ansvaret for utsleppskutt til kvart enkelt land, er det opp til leiarane i landa å finne ut korleis dei vil gå fram. Målet er å avgrense temperaturstigninga på kloden til 1,5 grader det neste hundreåret.

Noreg har som mål å kutte utsleppa med 40 prosent samanlikna med 1990-nivået innan 2030. Innan 2050 skal utsleppa reduserast med 80–95 prosent. 

Bestill lærarrettleiing her

«Det grøne skiftet»

  • Det grøne skiftet handlar om korleis Noreg skal bli eit lågutsleppsland innan 2050. For å få til dette må vi omstille oss til eit samfunn der vekst og utvikling skjer innanfor tolegrensene til naturen.
  • Det grøne skiftet må vere globalt. Difor er internasjonalt samarbeid viktig for å setje felles mål og samhandle for å utvikle teknologi og rammevilkår.
  • Samstundes må Noreg, som alle land, finne sin eigen veg til ein grøn økonomi.

Kjelde: Regjeringen.no

Kuttar utslepp frå vegtrafikken

Eitt av tiltaka er å kutte i utsleppa frå transportsektoren. Nesten ein tredjedel av det totale norske klimagassutsleppet kjem frå transport, der over halvparten kjem frå vegtrafikk. Noreg har som ein del av sin politikk valt å satse hardt på å redusere CO2-utsleppa frå vegtrafikken.

Regjeringa har som målsetjing at alle nye personbilar skal vere nullutsleppskøyretøy innan 2025. I dag er om lag halvparten av nybilsalet i Noreg elbilar, og dette er høgast i verda.  

Elbileigarane får mange fordelar

For å få nordmenn til å kjøpe nullutsleppskøyretøy gjev politikarane mange fordelar til dei som køyrer utsleppsfrie bilar. Då dei gode vilkåra blei innførte, var det blant anna gratis parkering, gratis ferjer og gratis å køyre gjennom bomringane. Seinare har nokre av elbilfordelane blitt fasa ut, men det er framleis gunstig å ha elbil.

Noreg har høge skattar på bilar, bilhald og bilbruk. Når elbilkjøparar sparar eingongsavgift, moms og drivstoffavgifter, blir elbilane i praksis «støtta» med veldig kraftige skattefritak.

Debatten om i kor stor grad elbilstøtta verkar, dreier seg om at utsleppsreduksjonane på norske vegar kanskje ikkje er globale utsleppsreduksjonar.

Den som står for utsleppet, har ansvaret

Argumentet går ut på at straum blir kjøpt og seld mellom land i Europa. Då kan «elektrifiseringa» av bilturen din i Noreg føre til at det blir produsert meir straum frå eit kolkraftverk i Danmark. Dermed aukar klimagassutsleppa i Danmark.

Eit viktig motargument er at europeiske kraftverk er underlagde eit kvotesystem for CO2-utslepp. Enkelt forklart fungerer det slik: For å gjere opp for CO2-utsleppa som kjem frå straumproduksjonen til bilturen din, må kraftverket enten kjøpe ei kvote frå ein annan aktør som forureinar, eller sjølv selje færre kvotar. På den måten har elektrifiseringa av køyringa di faktisk ikkje berre redusert utslepp frå din bil, men utsleppa til Noreg, Europa, og planeten.  

Eit anna motargument er at elektrisitetssektoren i Europa (og kanskje heile verda) er på veg til å bli utsleppsfri. Ein utsleppsfri elektrisitetssektor vil då vere attraktiv for ein europeisk transportsektor som er under press for å bli utsleppsfri.

Eit tredje viktig motargument er at det gjev meining at ansvaret for utslepp frå danske kraftverk ligg hos eigaren, og i Danmark. Verda har valt å plassere ansvaret for utslepp der utsleppa skjer. Dermed har du som kraftbrukar i Noreg ikkje ansvar for kva som skjer i Danmark. I Noreg har vi ansvar for utsleppa i Noreg. 

Andre tema under Bærekraftig utvikling

Skattereduksjonane blir usosialt fordelte

Ein viktig kritikk av elbil-satsinga i Noreg er at det er dyrt for staten. Utrekningar frå Finansdepartementet viser at elbil-fordelane kosta staten rundt 19 milliardar kroner i 2020. Desse pengane kunne til dømes heller gått til skattelette for dei fattigaste, sjukeheimsplassar eller hjelpelærarar. Noko av denne kritikken går ut på at desse skattereduksjonane blir fordelte på ein usosial måte. Momsfrådraget for ein velståande person som kjøper ein luksuselbil til fleire millionar kroner, er større i kroner enn for ein familie som kjøper den billegaste elbilen på marknaden.

Som svar på denne kritikken føreslår fleire parti å innføre moms på bilar som kostar meir enn 600 000 kroner. Det vil føre til at dei som kjøper dyre elbilar, må betale litt meir til statskassa, men det vil ikkje svi særleg i lommeboka. Til dømes vil avgifta på ein bil til 700 000 kroner bli 25 000 kroner.

Meiner støtteordningane må endrast

Frå ein økonom sitt synspunkt er det på høg tid at dei rause støtteordningane for elbilar gjennomgår ein reform. Det er tre grunnar til det: 

  • Eit viktig forsvar for elbilfordelane var at dei skulle hjelpe til med å få fart på salet, få på plass eit ladenettverk og få ned kostnadane. No har vi kome langt i desse prosessane, og då er det på tide å justere eller fjerne nokre av fordelane. 
  • Støtta kostar staten mykje pengar og treff ikkje særleg godt sosialt. Ifølgje SSB er det i stor grad dei rikaste som dreg nytte av elbilfordelane. Begge desse problema blir reduserte om første steg er moms på dyre elbilar. 
  • Når ein har ein teknologiretta og spesiell politikk, som til dømes dei norske elbilfordelane, er det fare for at andre løysingar ikkje får same sjanse. No som presset for å redusere utslepp på andre område aukar i samfunnet, er det ei god moglegheit til å redusere elbilstøtta, og såleis òg denne faren. Løysingar skal konkurrere, og elbilane har fått svært kraftig hjelp.

Fleire produsentar går for elbilar

Mange bilprodusentar i verda melder no at fossilbilane er på veg ned frå samlebanda og ut av modellutviklings- og designstudioa. For ein del av desse produsentane er elektrifisering hovudsporet. Bilindustrien ser ut til å vere både meir villig og meir klar for denne utviklinga enn den var for berre nokre år sida. Men vi må truleg vente i mange tiår enno på at heile transportsektoren skal bli utsleppsfri. For at det skal skje, må presset og støtta treffe breiare enn berre personbilar. Lastebilar, skip og fly bør òg kjenne presset.

  • Oppgåve 1: Samanlikning av elbil mot vanlig bil

    Oppgåve 1: Samanlikning av elbil mot vanlig bil

    Elbilkalkulatoren frå Smarte Penger reknar ut kva det kostar å ha ein «vanleg» bil samanlikna med ein elbil. Skjemaet er utfylt på førehand med eit døme der begge bilane kostar 400 000 kroner. Du kan gå inn og endre skjemaet og sjå korleis dette påverkar kostnadene.

    1. Bensin- og dieselprisane har stige i det siste. Finn ut kva prisen er der du bur akkurat no. Deretter skal du finne ut kva straumen kostar per kilowattime (kWt). Oppdater skjemaet med denne informasjonen. Korleis påverkar dette energikostnadane?
    2. Trafikkforsikringsavgifta er ulik for elbilar og diesel- og bensinbilar. Finn ut kva avgifta er og kva som er årsaka til at elbilistane slepp billegare unna.
    3. Finn ut kor mykje du kan spare på å bytte ut ein «vanleg» bil med ein elbil.
    4. Diskuter i grupper. Kva synest de om Noreg sin elbilpolitikk? Er det rett å vidareføre denne politikken, eller er tida moden for ein reform?
  • Oppgåve 2: Diskusjon

    Oppgåve 2: Diskusjon

    I podkasten forklarar klimaøkonomen kvifor ansvaret for klimautsleppa ligg hos dei som står for utsleppa. Dette prinsippet gjer at Noreg ikkje er ansvarleg for klimautsleppa som oljen fører til i landa som kjøper og bruker norsk olje. Det ansvaret ligg hos kjøparlanda og dei som brukar oljen, til dømes i bilane sine. Likevel vil nokre politiske parti at Noreg skal setje ein sluttdato for oljeproduksjonen.

    Del klassa inn i grupper og førebu ein debatt. Bruk internett til å finne argument. Halvparten skal argumentere for at Noreg bør halde fram med å produsere olje så lenge det er lønnsamt. Den andre halvparten skal argumentere for at det er rett å setje ein sluttdato for oljen.

  • Kahoot

    Kahoot

    Etter å ha høyrt podkasten og lese teksten, kva hugsar du? Test deg sjølve med Kahoot (bildelenke)

Kompetansemål

  • Samfunnskunnskap

    Samfunnskunnskap

    • utforske og presentere dagsaktuelle tema eller debatter ved å bruke samfunnsfaglege metodar, kjelder og digitale ressursar, og argumentere for sine eigne og andre sine meiningar og verdiar
    • drøfte korleis personleg økonomi, kommersiell påverknad og forbruk påverkar enkeltpersonar, grupper og samfunnet
    • utforske og beskrive korleis organiseringa av samfunnet og arbeidslivet i Noreg har endra seg, og drøfte korleis den nordiske samfunnsmodellen møter utfordringar enkeltpersonar og samfunnet står overfor

    • utforske og drøfte korleis næringsgrunnlag, innovasjon og teknologi formar og påverkar arbeidsliv og lokalsamfunn i Noreg
    • drøfte samanhengen mellom økonomisk vekst, levestandard og livskvalitet i eit globalt og berekraftig perspektiv
  • Geografi

    Geografi

    • drøfte ulike interesser knytte til ressurs- og arealbruk i Noreg, Sápmi/Sábme/Sáepmie og nordområda
    • reflektere over eigen ressursbruk og ressursbruken i Noreg i eit globalt og berekraftig perspektiv
  • Historie vg2

    Historie vg2

    • gjøre rede for viktige endringer i hvordan mennesker har skaffet seg mat og brukt naturressurser, og vurdere betydningen av dette for mennesker og et bærekraftig samfunn
    • gjøre rede for hvordan handel og økonomiske systemer har påvirket maktforhold og menneskers liv
Vi vil gjerne høyre frå deg dersom du har tilbakemeldingar eller innspel til korleis vi kan gjere læringsressursen endå betre. Send oss ein e-post:
verdienavalt@nhh.no