Berekraftig finans

Av Aksel Mjøs, video: Sølvrev

30. juli 2021 13:09

(oppdatert: 10. september 2021 11:42)

Berekraftig finans

Berekraftig finans, òg kalla grøn finans, handlar om at det som oftast løner seg å investere pengar i grøn teknologi.

Finansfaget dreier seg om finansiering. Det vil seie å skaffe pengar til det vi vil satse på, òg kalla «å investere». Alle investeringar, anten det er når vi sjølve kjøper ei leilegheit, når kommunen skal byggje ein skule, eller når ei bedrift skal satse på eit nytt forretningsområde, krev pengar. 

Desse pengane, òg kalla kapitalen, må vi anten ta frå inntekta vår eller det vi har spart opp, eller så må vi låne i banken. I bedrifter kan ein i tillegg be eigarane om å kome med meir aksjekapital når det trengst.

Faktaboks

  • Aksje: Ein aksje er ein eigardel i eit aksjeselskap. Det tyder at når du kjøper ein aksje, vert du medeigar i det selskapet du investerer i. Eit aksjeselskap har eit visst tal aksjar, og vanlegvis har alle aksjane i eit selskap  same verdi. 
  • Kapital: Innan finans tyder dette ofte pengar som er plasserte i verksemder, men det kan òg vere økonomiske gode som formue, eigedom eller produksjonsmiddel (til dømes maskiner i ein fabrikk).
  • Kapitalforvaltar: Ein person eller eit selskap som har i oppgåve å passe på formuesverdiar på vegner av nokon. Det kan vere tale om aksjar, eigedom, obligasjonar (marknadsbaserte lån) eller andre eigedelar. Målet er at verdiane skal vekse og gje avkastning ut frå kva risiko ein tek.
  • Investere: Plassere kapital i noko,  til dømes ved å kjøpe aksjar, eigedom eller produksjonsmiddel, i staden for å forbruke verdiane med ein gong.
  • Investor: Ein person eller eit selskap som investerer.
  • Avkastning: Det du sit igjen med etter at du har  selt investeringane dine. Om det går bra, vert det gevinst. Går det dårleg, vert det tap. Vanlegvis fokuserer ein på risikojustert avkastning – om risikoen er høg, må avkastninga òg vere  høg før ein er nøgd.
  • Risiko: I daglegtalen bruker ein risiko i tydinga fare og om sannsynet for uønskte hendingar og tap. På finansfeltet blir ordet særleg nytta om korleis marknadsverdien, typisk aksjekursen, svingar over tid, men òg om faren for at eit selskap kan gå konkurs.
  • Risikoanalyse: Viser kva slags hendingar som kan skje, kor stort sannsyn det er for at dei kan skje, og kva konsekvensar dei kan få . Innan finans tek ein utgangspunkt i kva ein veit om ein aksje, ei bedrift eller ein marknad og bruker sannsynsrekning ut frå marknadsinnsikt for å kome fram til kor høg risikoen er. Om det er aktuelt å investere avheng då av aksjeprisen i dag, risikoanalysen og vurderinga av avkastningspotensialet.
  • Klimaavtrykk: Ei utrekning av kor mykje CO2 som blir sleppt ut i løpet av eit år, målt per verksemd, person, bil eller for andre einingar.
  • Aksjefond: Eit fond er ei investering der mange investorar betalar inn pengar til ein felles pott. Ein profesjonell fondsforvaltar investerer så desse pengane gjennom å kjøpe og selje mange ulike typar aksjar for å gje investorane best mogleg risikojustert avkastning. Vanlegvis kan investorane òg kjøpe og selje delar i fondet .
  • Oljefondet: Er eit av dei største fonda i verda. Målet er å sikre ei ansvarleg og langsiktig forvaltning av inntektene frå olje- og gassressursane i Nordsjøen slik at både dagens og framtidige generasjonar kan nyte godt av denne formuen.  Det formelle namnet på oljefondet er Statens Pensjonsfond Utland, og fondet vert forvalta av Norges Bank Investment Management (NBIM).

Krev kloke prioriteringar 

I alle desse situasjonane står vi overfor viktige analysar og avgjerder:

  • Trur vi at vi vil tene eller tape på det vi investerer i, anten det er ei leilegheit eller eit nytt forretningsområde? Kor sikre kan vi vere på dette?
  • Greier vi å skaffe nok pengar til investeringa, og om vi må låne dei – vil vi greie å betale renter og avdrag på lånet?
  • Når vi står overfor ulike alternativ som vi kan investere i, korleis veit vi kva som er best? Og kva er eigentleg best? Er det det som gjev høgast avkastning, det som er mest berekraftig eller ein kombinasjon?
  • Kva skjer om rentene stig, bustadmarknaden kollapsar, eller konkurrentane kjem med eit betre produkt og vårt prosjekt feilar?
  • Kva er risikoen for at verdiane svingar og for at eg ikkje kan få frigjort kapitalen om eg treng den til noko anna?
  • Om eg skal investere eigne eller andre sine pengar, kan det hende at spesielle kombinasjonar av investeringar er betre enn andre?

Dette er utfordringar vi møter gjennom heile livet, og vi treng å vere gode til å vurdere og handtere dei. Dei aller fleste vil oppleve at ein har for lite pengar til alt ein ønskjer å gjere eller få til. Då er det viktig at ein greier å gjere kloke prioriteringar av kva som er viktigast og kva ein kan få til.

Bestill lærarrettleiing her

KAN FÅ STORE KONSEKVENSAR

Situasjonen er den same for bedrifter. Det er viktig å gjere gode finansielle val for å ta vare på verdiane og arbeidsplassane og hindre konkurs. Mange bedrifter har teke opp store lån for å satse på nye felt. Om satsingane viser seg å ikkje slå til, så går dei konkurs fordi dei ikkje greier å betale ned på låna sine.

Når vi sparar til alderspensjonen vår, så møtest desse to perspektiva. Kor mykje vi får i pensjon avheng av kva avkastning vi får på pensjonssparinga gjennom arbeidslivet. Når pengane kan leggjast til side for ein lang periode, vel mange å investere ein stor del av dei i aksjar. Aksjar er eigardelar i bedrifter. Det betyr at vi må investere i dei bedriftene som driv godt og aukar i verdi, elles får vi ikkje den pensjonen vi treng.

MEIR GRØN finans

Finans er viktig for å styre samfunnet mot ei meir berekraftig utvikling. Nye produkt og produksjonsprosessar som har lågare utslepp, treng kapital både til utvikling og så til å realisere produksjonen. Den siste tida har vi sett at til dømes selskap som driv med karbonfangst eller solceller, har hatt svært positiv kursutvikling på børsen. Dette viser både at investorane trur at selskapet kjem til å tene pengar, og dermed gje dei avkastning på det dei har investert,  og at investorane har kapital som dei er villig til å skyte inn i selskap med berekraftige løysingar.

Andre tema under Bærekraftig utvikling

Sats på både iskrem og paraply

Finansielle analysar dreier seg difor om å prøve å spå verdien i dag av det som skjer i ei usikker framtid, til dømes kva ein vil tene ved å satse på eit nytt forretningsområde. Då må ein først vurdere kva inntekter og utgifter ein vil få, kor mykje kapital ein treng for å satse og kva slags risiko det er i prosjektet. I tillegg er det slik at ein kan jamne ut risikoen ved å investere i fleire selskap eller prosjekt. Det klassiske dømet er han som sette halvparten av kapitalen i ein paraplyprodusent og halvparten i ein iskremfabrikk. Då var han sikra ei grei avkastning – i gjennomsnitt!

OPPGåVER

  • Oppgåve 1: Kjøpe leilegheit

    Oppgåve 1: Kjøpe leilegheit

    Du skal kjøpe di første leilegheit og ser på to alternativ. Dei månadlege lånekostnadene vil svare til verdien av 50 % av inntekta di for den eine leilegheita og 25 % for den andre. Kva for ei leilegheit vil du satse på, og kvifor? Svara på desse spørsmåla kan hjelpe deg med å kome fram til ei avgjerd:

      1. Korleis ventar du at eigedomsmarknaden, og verdien på leilegheita, vil utvikle seg dei næraste åra?
      2. Korleis trur du inntekta di vil utvikla seg i same perioden?
      3. Kva trur du om renteutviklinga dei næraste åra?
  • Oppgåve 2: «Grøne» vs. «brune» aksjar

    Oppgåve 2: «Grøne» vs. «brune» aksjar

    Ein du kjenner, hevdar at sidan investeringar i «grøne selskap» har gjeve svært høg avkastning den siste tida, så er det dei ein bør satse på framover òg. Er du einig?

      1. Finn avkastninga på to «grøne» og to «brune» aksjar på Oslo Børs siste 12 månadar. Grøne aksjar kan til dømes vere innan alternativ energi eller avfall, og brune kan vere innan olje/gass/kol. Du kan sortera aksjedata etter sektor her.
      2. Korleis grunngjev du synet ditt?
  • Oppgåve 3: Investere i Bright-lampa?

    Oppgåve 3: Investere i Bright-lampa?

    Du er ansvarleg for å forvalte pensjonskapitalen til ei bedrift og vert invitert til å investera i Bright-lampa som vart vist på videoen. Du veit at avkastninga på kapitalen er nødvendig for å sikra pensjonane, men òg at denne lampa kan vera viktig for mange i land utan tilgang til lys og straum. Samstundes veit du at dei som lagar lampa, er eit nytt og risikabelt selskap. Vil du investere eller ikkje? Korleis grunngjev du synet ditt? Svara på desse spørsmåla kan hjelpe deg med å kome fram til ei avgjerd:

      1. Finst det ein marknad og ein betalingsvilje for lampa? Kor mange i verda saknar godt lys? Kva har dei råd til å betale? Finst det organisasjonar som er villige til å donere slike lamper til dei som treng det?
      2. Stolar du på selskapet og folka bak det? Finn ut mest mogleg om selskapet, og om bedrifta er lønnsam. Kva slags erfaring har nøkkelpersonane? Kven er eigaren?
      3. Lampa brukar solceller til å skaffe energi, lys og mobillading. Finst det andre tilsvarande lamper i marknaden som er betre? Finst det andre produkt som kan dekkja dei same behova? Søk på nettet. 
      4. Finst det andre investorar som vil investere i lampa? Kven andre er aktuelle investorar? Kva kompetanse og ressursar har dei?
      5. Kor stor avkastning kunne du ha fått på desse midlane om du investerte dei i noko anna med same risikoen? Kva for ei finansiell og berekraftig avkastning kan ein elles oppnå på desse pengane?
  • Kahoot

    Kahoot

    Kva kan du om finans? Test deg sjølv i Kahoot (bildelenke).

Aktuelle kompetansemål 

  • Samfunnskunnskap

    Samfunnskunnskap

    • drøfte korleis personleg økonomi, kommersiell påverknad og forbruk påverkar enkeltpersonar, grupper og samfunnet
    • drøfte samanhengen mellom økonomisk vekst, levestandard og livskvalitet i eit globalt og berekraftig perspektiv
  • Matematikk

    Matematikk

    1T: 
    • formulere og løyse problem ved hjelp av algoritmisk tenking, ulike problemløysingsstrategiar, digitale verktøy og programmering
    • utforske strategiar for å løyse likningar, likningssystem og ulikskapar og argumentere for tenkjemåtane sine
    • lese, hente ut og vurdere matematikk i relevante tekstar om ulike tema og presentere relevante berekningar og analysar av resultata
    1P: 
    • utforske korleis ulike premissar vil kunne påverke korleis matematiske problem frå samfunnsliv og arbeidsliv blir løyste
    • modellere situasjonar knytte til tema frå samfunnsliv og arbeidsliv, presentere og argumentere for resultata og for når modellane er gyldige
    • bruke prosent, prosentpoeng, promille og vekstfaktor i utrekningar og presentere og grunngi løysingar
    • tolke og bruke formlar som gjeld samfunnsliv og arbeidsliv
    2P: 
    • vurdere val knytte til personleg økonomi og reflektere over konsekvensar av å ta opp lån og å bruke kredittkort
Vi vil gjerne høyre frå deg dersom du har tilbakemeldingar eller innspel til korleis vi kan gjere læringsressursen endå betre. Send oss ein e-post:
verdienavalt@nhh.no