Opptak til bachelorprogramma

Opptak til bachelorprogramma

Det er opptak til bachelorprogramma våre kvar haust.

bachelorprogramma våre

Begge programma gir rett til intern overgang til master i økonomi og administrasjon (MØA) eller master i rekneskap og revisjon (MRR). Ved fullført MØA får du siviløkonom som sidetittel. 

SØKNADSFRIST

 1. mars (tidleg søknadsfrist)

15. april (ordinær søknadsfrist) 

For dei fleste søkarane er søknadsfristen 15. april (dette gjeld også søkarar med International Baccalaureate).

Berre tre grupper må søke innan 1. mars:

Dersom du søker særskilt vurdering og skal sende inn dokumentasjon i posten er adressa: Seksjon for opptak, Norges Handelshøyskole, Helleveien 30, 5045 Bergen.

SLIK SØKER DU

SØK OPPTAK HER (SAMORDNA OPPTAK)

Du kan byrje å søke 1. februar.

  • Bachelor i økonomi og administrasjon: studiekode 191 345 - Økonomi og administrasjon - siviløkonom
  • Bachelor in Business, Economics and Data Science: studiekode 191 340 - Business, economics and data science - siviløkonom

OPPTAKSKRAV

For å vere kvalifisert for opptak til bachelorstudia våre må du:

  1. ha generell studiekompetanse (GSK)
  2. fylle matematikk-kravet (MATRS)

Gå til Samordna opptak for å finne meir informasjon om:

POENGGRENSE

Poenggrensene ("opptaksgrensene") varierer frå år til år, alt etter konkurransen om studieplassane. I tabellen på denne sida finn du ein oversikt over poenggrensene ved NHHs bachelor i økonomi og administrasjon dei siste tre åra. Poenggrenser frå meir enn tre år tilbake finn du på Samordna opptak sine nettsider. Bachelor in Business, Economics and Data Science tilbys første gong i 2024.

VENTELISTE

Dersom du fyller opptakskrava, men ikkje når opp i konkurransen om studieplass på NHH, får du tilbod om å stå på venteliste. Det vert alltid sendt ut fleire tilbod enn det er studieplassar, ettersom det alltid er nokon som takkar nei til plassen eller ikkje møter til studiestart. Dersom fleire takkar nei enn venta, kan det hende det vert sendt ut fleire tilbod i eit suppleringsopptak. Sidan vi sender fleire tilbod enn vi har plassar, opplyser vi ikkje om kva plass du har fått på ventelista. Vi anbefalar at du takkar ja til å stå på ventelista, samtidig som du også takkar ja til det studietilbodet du eventuelt alt har fått.   

REALKOMPETANSE

Realkompetanse er ein måte å få opptak til høgare utdanning på, sjølv om du ikkje fyller krava til GSK. Du må fylle 25 år eller meir det året du søker om opptak. Du finn generell informasjon om realkompetanse på Samordna opptak sine nettsider. Merk at søknadsfristen for opptak på grunnlag av realkompetanse er 1.mars.

KRAV TIL REALKOMPETANSE VED NHH

• Norsk og engelsk: Du må ha norsk- og engelskkunnskapar tilsvarande kravet for å oppnå GSK.
• Matematikk: Du må fylle det spesielle opptakskravet MATRS (matematikk R1 eller S1+S2)
• Praksis: Du må dokumentere fem års relevant, fulltids arbeidspraksis
• Motivasjonsbrev på maksimalt éi side som viser motivasjonen din for studiet

RANGERING AV REALKOMPETANSESØKARAR

Desse søkarane blir rangert ved hjelp av ei individuell, skjønnsmessig vurdering. Det vert lagt vekt på følgjande, i prioritert rekkefølgje:

  1. Dokumenterte kunnskapar og kvalifikasjonar, inkludert kunnskapar i norsk, engelsk og matematikk
  2. Omfang og relevans av praksis
  3. Motivasjon for å søke studiet

RESERVASJON AV STUDIEPLASS

Om du får tilbod om studieplass ved NHH, men ikkje har høve til å studere i år, kan du i enkelte tilfelle søke om å få reservert studieplassen til neste år. Meir informasjon om reservasjon av studieplass finn du her.

BYTTE FRÅ ANNAN LÆRESTAD TIL NHH?

Det finst ingen overføringsordningar mellom andre lærestadar og NHH. Dersom du har begynt på bachelorgraden ved ein annan lærestad, men ønsker å fortsette på NHH, må du søke gjennom Samordna opptak på vanleg måte. Dersom du får tilbod om opptak, kan du søke om å få emna du allereie har fullført innpassa i bachelorgraden din ved NHH. Les meir om innpassordninga.

Dersom du allereie har fullført bachelorgraden ved ein annan lærestad og ønsker å begynne på master ved NHH, skal du ikkje søke gjennom Samordna opptak, men lokalt i SøknadsWebLes meir om opptak til master i økonomi og administrasjon og opptak til toårig master i rekneskap og revisjon

Kontakt

E-post
opptak@nhh.no
Poenggrense for Bachelor i økonomi og administrasjon dei siste tre åra
2023

Førstegongsvitnemål: 55,6

Ordinær: 59,5

2022

Førstegongsvitnemål: 55,4

Ordinær: 58,9

2021 Førstegongsvitnemål: 54,5 Ordinær: 58,3