Opptak bachelor i økonomi og administrasjon
Det er opptak til bachelorstudiet i økonomi og administrasjon kvar haust.
Søknadsfrist
1. mars (tidleg søknadsfrist)
15. april (ordinær søknadsfrist)
For dei fleste søkarane er søknadsfristen 15. april (dette gjeld også søkarar med International Baccalaureate).
Berre tre grupper må søke innan 1. mars:
- Søkarar som søker om tidleg opptak
- Søkarar som søker på basis av realkompetanse
- Søkarar som har krav på særskilt vurdering
Dersom du søker særskilt vurdering og skal sende inn dokumentasjon i posten er adressa: Seksjon for opptak, Norges Handelshøyskole, Helleveien 30, 5045 Bergen.
Slik søker du
Søk opptak her (Samordna opptak)
Du kan byrje å søke 1. februar. NHH har eigen studiekode: vel 191 345 - Siviløkonomutdanningen i nedtrekksmenyen i nettsøknaden. Du skal velje denne koden enten du planlegg å gå eit femårig studieløp (treårig BØA med rett på intern overgang til toårig master), eller du ønsker å avslutte studiane etter bachelorgraden.
OPPTAKSKRAV
For å vere kvalifisert for opptak til bachelorstudiet i økonomi og administrasjon må du:
- ha generell studiekompetanse (GSK)
- fylle matematikk-kravet (MATRS)
Gå til Samordna opptak for å finne meir informasjon om:
Poenggrense
Poenggrensa ("opptaksgrensa") varierer frå år til år, alt etter konkurransen om studieplassane. Hausten 2022 var poenggrensa 55,4 poeng i førstegongsvitnemålskvoten og 58,9 poeng i ordinær kvote. I tabellen på denne sida finn du ein oversikt over poenggrensene ved NHH dei siste tre åra. Poenggrenser frå meir enn tre år tilbake finn du på Samordna opptak sine nettsider.
Venteliste
Dersom du fyller opptakskrava, men ikkje når opp i konkurransen om studieplass på NHH, får du tilbod om å stå på venteliste. Vi kan diverre ikkje opplyse deg om kva plass du har fått på ventelista, då dette kan vere misvisande. Vi kan heller ikkje seie noko om kor truleg det er at du får plass frå ventelista. Det vert alltid sendt ut fleire tilbod enn det er studieplassar, ettersom det alltid er nokon som takkar nei til plassen eller ikkje møter til studiestart. Dersom fleire takkar nei enn venta, kan det hende det vert sendt ut fleire tilbod i eit suppleringsopptak. Vi anbefalar difor at du takkar ja til å stå på ventelista, samtidig som du også takkar ja til det studietilbodet du eventuelt alt har fått.
Realkompetanse
Krav til realkompetanse ved NHH
• Norsk og engelsk: Du må ha norsk- og engelskkunnskapar tilsvarande kravet for å oppnå GSK.
• Matematikk: Du må fylle det spesielle opptakskravet MATRS (matematikk R1 eller S1+S2)
• Praksis: Du må dokumentere fem års relevant, fulltids arbeidspraksis
• Motivasjonsbrev på maksimalt 1 side som viser motivasjonen din for studiet
Rangering av realkompetansesøkarar
Desse søkarane blir rangert ved hjelp av ei individuell, skjønnsmessig vurdering. Det vert lagt vekt på følgjande, i prioritert rekkefølgje:
- Dokumenterte kunnskapar og kvalifikasjonar, inkludert kunnskapar i norsk, engelsk og matematikk
- Omfang og relevans av praksis
- Motivasjon for å søke studiet
Reservasjon av studieplass
Om du får tilbod om studieplass ved NHH, men ikkje har høve til å studere i år, kan du i enkelte tilfelle søke om å få reservert studieplassen til neste år. Meir informasjon om reservasjon av studieplass finn du her.
Bytte frå annan lærestad til NHH?
Det finst ingen overføringsordningar mellom andre lærestadar og NHH. Dersom du har begynt på bachelorgraden ved ein annan lærestad, men ønsker å fortsette på NHH, må du søke gjennom Samordna opptak på vanleg måte. Dersom du får tilbod om opptak, kan du søke om å få emna du allereie har fullført innpassa i bachelorgraden din ved NHH. Les meir om innpassordninga.
Dersom du allereie har fullført bachelorgraden ved ein annan lærestad og ønsker å begynne på master ved NHH, skal du ikkje søke gjennom Samordna opptak, men lokalt i SøknadsWeb. Les meir om opptak til master i økonomi og administrasjon og opptak til toårig master i rekneskap og revisjon.
Kontakt
- Telefon
- +47 55 95 92 00
- E-post
- opptak@nhh.no
Poenggrense dei siste tre åra | ||
---|---|---|
2022 |
Førstegongsvitnemål: 55,4 |
Ordinær: 58,9 |
2021 |
Førstegongsvitnemål: 54,5 |
Ordinær: 58,3 |
2020 | Førstegongsvitnemål: 54,6 | Ordinær: 57,8 |