Internasjonale nettverk
Noregs einaste medlem av
CEMS
Berre dei beste
- 31 utvalde business-skular frå fem kontinent.
Tett på businessverda
- 73 multinasjonale næringslivspartnarar og sju sosiale partnarar.
CEMS Master's in International Management
- Blant topp-ti på Financial Times-rangeringa av mastergradar kvart år sidan rangeringa byrja i 2005.
andre nettverk og akkrediteringar
Equis
European Quality Improvment System - Equis - er eit internasjonalt system for kvalitetssikring, forbetring og akkreditering for utdanningsinstitusjonar innan økonomi og administrasjon. Formålet er å heve standarden på denne typen utdanning.
EQUIS set standardar og måltal og fasiliterar gjensidig læring og internasjonal spreiing av erfaring. NHH har hatt EQUIS-akkreditering sidan 2001, og vart reakkreditert for fem nye år i april 2016.
PIM
Partnership in International Management - PIM- er ei samling av 60 leiande handelshøgskular frå heile verda. Nettverket vart etablert i 1973 av HEC School of Management, New York University (NYU) og London Business School (LBS). NHH vart medlem i 1995.
PIM-medlemmane har utveksla tusenvis av studentar i løpet av dei åra nettverket har eksistert. Kunnskapen og erfaringane som nettverket representerer har gjort medlemsinstitusjonane i stand til å utvikle og styrke si internasjonale satsing.
ERASMUS+
Erasmus+ samler EUs tidligere programmer for utdanning, ungdom og idrett i ett integrert program. Erasmus+ bygger på prioriteringene i EUs 10-årige strategi for vekst og sysselsetting, Europa 2020. I tråd med disse, er noen av de mest sentrale satsingsområdene i Erasmus+ kvalitet i undervisning og opplæring, innovasjon og koblingen mellom utdanning og arbeidsliv.
Programlandene i Erasmus+ omfatter de 28 EU-landene, de tre EØS-landene og Makedonia og Tyrkia. Partnerland inkluderer Sveits, Russland med flere. Norge deltar som programland i Erasmus+ på lik linje med EUs medlemsland.
NHH's Erasmus Charter for Higher Education 2014 - 2020 (PDF 1 mb)
Nordplus/Norek
NORDPLUS vart etablert i 1988 som nordisk ministerråd sitt program for studentar og lærarar ved høgare utdanningsinstitusjonar i dei nordiske landa. I dag omfatter programmet de nordiske landene og Baltikum. Programmet finansiere samarbeid mellom høgare utdanningsinstitusjonar, med mål om å utvikle undervisningskvaliteten på nordiske lærestadar.
NOREK vart etablert i 1994 for å styrke samarbeidet mellom høgare utdanningsinstitusjonar innan økonomi og administrasjon i dei nordiske landa innanfor rammene av NORDPLUS-samarbeidet. NOREK er eit nordisk nettverk for student- og lærarmobilitet, i tillegg til forskingssamarbeid, innan økonomi og administrasjon. Organisasjonen omfatter 26 institusjonar i Norden.
For meir informasjon om studiar i Norden: www.hallonorden.org
UTVEKSLING
170
læresteder i Mer enn 50 land
Studenter ved NHH har tilgang til en rekke spennende internasjonale muligheter.