Blant Europas beste
Internasjonal konkurranse er skjerpande og gjer oss betre. NHH har vore inne på Financial Times si rangering av Europas beste handelshøgskular sidan 2005.
Financial Times-rangeringa
Avisa Financial Times (FT) utfører årleg fem delrangeringar av ulike studietilbod ved europeiske handelshøgskular. Ved slutten av året vert desse sett saman til samlerangeringa European Business Schools. Institusjonane vel sjølve kva studieprogram dei rapporterer inn. NHH er normalt med på fire av delrangeringane.
Les meir om siviløkonomutdanninga ved NHH
NHH er Noregs einaste medlem av CEMS. CEMS MIM - det internasjonale masterprogrammet som CEMS tilbyr - blir jamleg rangert blant verdas aller beste i FT-rangeringa.
FAKTA om FT-rangeringane
Dei fem delrangeringane som FTs samlerangering European Business Schools byggjer på er (vekting i parentes):
- Global MBA (25 prosent)
- Executive Education Open Programmes (12,5 prosent)
- Executive Education Custom Programmes (12,5 prosent)
- Masters in Management (25 prosent)
- Executive MBA (25 prosent)
NHH på European Business Schools
- 2023: 45 av 90
- 2022: 45 av 95
- 2021: 55 av 95
- 2020: 62 av 90
- 2019: 39 av 95
- 2018: 39 av 95
- 2017: 35 av 95
- 2016: 38 av 90
- 2015: 40 av 85
- 2014: 38 av 80
- 2013: 46 av 80
- 2012: 44 av 80
- 2011: 44 av 75