CEMS

CEMS

Ein global allianse som vil setja ein ny standard for leiarutdanning.

CEMS er ein allianse mellom 34 leiande akademiske institusjonar på fem kontinent, 70 multinasjonale selskap og åtte frivillige organisasjonar.

CEMS vart stifta i 1988 og var i utgangspunktet ein europeisk allianse. I 2008 vart alliansen utvida til å omfatta institusjonar frå heile verda.

NHH har vore medlem av CEMS-nettverket sidan 1992. Berre éin skule i kvart land får medlemsskap.

CEMS-medlemmene står for profesjonell og multikulturell utveksling av idear innan økonomi og administrasjon, samt idear som representerer framtida for det globale næringslivet.

CEMS MIM

Gjennom sin unike "CEMS Master’s in International Management" (CEMS MIM) set alliansen ein høg standard for utdanning innan økonomi og administrasjon.

Programmet vert tilbydd ved alle medlemsinstitusjonane og vert vareteke gjennom det langvarige undervisnings- og forskingssamarbeidet mellom deltakarane i nettverket.

CEMS MIM toppa Financial Times-rangeringa "European Master's in Management" i 2009, og har vore blant topp ti kvart år sidan rangeringa vart etablert i 2005.

For å søka på CEMS MIM må du vera siviløkonom- eller masterstudent ved NHH.

Les meir om CEMS MIM ved NHH

Kulturelt mangfald

CEMS tilbyr eit eineståande kulturelt mangfald. Per mai 2022 har over 16800 CEMS- kandidatar frå om lag 111 ulike nasjonar posisjonar på ulike nivå i eit bredt spekter av sektorar både i og utanfor Europa.

Dei har suksessfulle yrkesliv, deler globale verdiar og deltek i både sosiale og profesjonelle CEMS-alumniaktivitetar.

Bedriftspartnarane bidreg til dei akademiske delane av CEMS og får eit unikt høve til å rekruttera dei beste studentane frå CEMS MIM.

Les meir om CEMS på alliansens heimesider