ENGAGE.EU European University

ENGAGE.EU European University

NHH er det norske medlemmet av ENGAGE.EU, ein allianse av leiande europeiske universitet innan handel, økonomi og samfunnsfag. Målet med samarbeidet er å gje europearar kunnskapane og kompetansane dei treng for å takla store samfunnsendringar.

ENGAGE.EU vart tildelt status som "europeisk universitet" av Europakommisjonen i 2020. Europeiske universitet tilbyr saumlaus mobilitet og kunnskapsdeling på tvers av landegrenser, og vert såleis sett på som framtidas utdanningsinstitusjonar. 

Gjennom ENGAGE.EU får studentar og tilsette ved NHH tilgang til sterke fagmiljø og framifrå utdanningstilbod. Kvar partnarinstitusjon tilfører kunnskap og kompetanse innanfor sine fagfelt, og sin geografiske og økonomiske kontekst.

Målet med ENGAGE.EU er å utvikla nye kurs, modular og gradar, og knyta tettare band mellom fagmiljø på kryss og tvers av Europa. Me ønsker å få ein enda meir aktiv dialog med arbeids- og samfunnsliv her heime og i Europa!

ENGAGE.EU FOR STUDENTAR

Vil du læra meir om berekraft i ein europeisk setting? Engasjer deg i fag, modular og sommarkurs via Engage!

Vil du forbetre moglegheitene i jobbmarknaden i ein internasjonal setting? Delta i modular, kurs og prosjekt via ENGAGE.EU! Les meir om kva ENGAGE.EU tilbyr studentar.

ENGAGE.EU FOR VITSKAPELEG TILSETTE

Ønsker du å møta forskarar frå heile Europa og samarbeida rundt ny forsking? No har du sjansen!

Les meir om kva ENGAGE.EU tilbyr vitskapeleg tilsette.

ENGAGE.EU FOR ADMINISTRATIVT TILSETTE

Freistar det å jobba ei veke i Roma? Eller å samarbeida i tasks med tilsette frå heile Europa? Ver med i ENGAGE.EU! 

Les meir om kva ENGAGE.EU tilbyr administrativt tilsette.

NYHEITER

ENGAGE.EU

01. mars 2022

STATEMENT OF ENGAGE.EU

ON THE WAR IN UKRAINE 

 BULLETIN

10. juli 2020

NHH MOTTAR PRESTISJETUNG

EU-STATUS

KALENDER

1. juni - 1. juli 2023

Søknadsperiode: ENGAGE.EU Online Exchange Initiative, Modules og Signature course

09. mai - 09. juni 2023

ENGAGE.EU Work Intergrated Learning

Executive kurs