NHH sine prisar

NHH sine prisar

Høgskulen delar ut fleire prisar, m.a. to forskingsprisar, ulike undervisingsprisar og ein formidlingspris.

æresPris for framragande forsking 

Kollegiet innstifta prisen i samband med 50 årsjubileet i 1986. 

Prisen heidrar fremragande grunnforsking utført over ein lengre periode. Skiljet mellom grunnforsking og anvend forsking er ikkje skarpt, men det vert vektlagt at det er reint vitskapeleg innsats som skal heidrast.

Prisen er på kr 50.000 og vert delt ut kvart femte år.

Ingvar Wedervangs forskingspris til ein yngre forskar

Ingvar Wedervang var NHHs første rektor. Han ville fylt 100 år i 1991, og i samband med dette oppretta høgskulen ein pris i hans namn for forskarar under 40 år.

Prisen kan tildelast ein fast tilsett forskar, postdoktor eller Assistant Professor ved NHH, SNF eller AFF for eit vitskapeleg bidrag dei siste fem åra. Fagleg kvalitet er einaste kriterium. Vurderinga vert gjort av ein komité sett saman av rektor og tre fast tilsette forskarar.

Prispengane er på kr 30.000 og prisen vert delt ut kvart femte år.

Pris for framragande lærarinnsats

Prisens hovudmål er å bidra til å styrka studiekvaliteten ved NHH. Han vert utdelt annakvart år i samband med immatrikuleringa av nye studentar. (I perioden 2022-2026 blir prisen erstatta av Inspirational Teaching Award.)

Tildelinga er basert på ei samla vurdering av lærarinnsats i vid forstand, men med særleg vekt på følgjande kriterium:

  • generelle pedagogiske evner
  • oversiktligheit og kommunikasjonsevne
  • evne til å skape interesse for faget og motivasjon til sjølvstudium
  • evne til å kasta lys over stoffet frå flere synsvinklar
  • innovasjon og nyskaping, inkludert utvikling av nye kurstilbod
  • evne til å relaterea stoffet til andre delar av studiet
  • vilje til samarbeid om pedagogiske oppgåver

Prisen vart oppretta i 1999, og består av kr 35.000 og eit silketrykk.

  • Prisvinnarar:

    Prisvinnarar:

    • 2019: Trine Dahl
    • 2016: Victor D. Norman
    • 2014: Aasmund Eilifsen
    • 2013: Trond Bjørnenak
    • 2012: Iver Bragelien
    • 2011: Alexander Cappelen og Bertil Tungodden
    • 2010: Jan Ubøe
    • 2009: Lars Mathiesen
    • 2008: Thore Johnsen
    • 2007: Øystein Gjerde og Frode Sættem
    • 2006: Victor D. Norman
    • 2005: Kjetil Bjorvatn
    • 2004: Terje Hansen
    • 2003: Jørn Rognes og Vidar Schei
    • 2002: Rolf Jens Brunstad
    • 2001: Knut Boye
    • 2000: Atle Johnsen
    • 1999: Agnar Sandmo

Inspirational teaching award

Inspirational Teaching Award er på 250 000 kroner og vert gitt til ein ekstraordinær undervisar. Prisen vert delt ut kvart år frå 2022 til 2026 og er ein donasjon frå Isabella og Henrik Müller-Hansen.

Ein komite beståande av to representantar fra studentforeininga, prorektor for utdanning, Isabella eller Henrik Müller-Hansen og ein representant fra vitskapeleg stab utpeikt av rektor avgjer kven som skal tildelast prisen for det einskilde år.

Prisen skal gå til einskildpersonar, ikke institutt eller forskingssenter.

Tildelinga er basert på ei samla vurdering av lærerinnsats i vid forstand, men med særleg vekt på følgjande kriterium:

  • evne til å skape entusiasme for faget og bruken av det i nærings- og samfunnsliv
  • nærleik og interaksjon mellom studentar og førelesar
  • oversiktlegheit, entusiasme og gode kommunikasjonsevner
  • evne til å kaste lys over fagets innhald frå nye vinklar
  • innovasjon og nyskaping, inkludert utvikling av nye kurstilbod og nye læringsverktøy
  • evne til å relatere stoffet til andre delar av studiet
  • evne og vilje til samarbeid med næringsliv, arbeidsliv, andre institutt og andre institusjonar
  • Prisvinnarar:

    Prisvinnarar:

    2023

    • Kjetil Bjorvtan

    2022

    • Geir Drage Berentsen og Håkon Otneim

Status som merittert undervisar

Status som Merittert undervisar kan bli innvilga til undervisarar som har vist eit sterkt engasjement for framifrå undervising og utdanning.

Meritteringsordninga er uavhengig av andre akademiske stillingshirearki, og tittelen merittert underviser kan berre tildelast personar som utviklar undervisningskompetansen sin systematisk og over tid til eit nivå som er betydelig høgare enn den nødvendige grunnleggjande kompetansen ved universitet. Meritterte undervisarar vil få eit permanent lønnsopprykk.

  • Merittert undervisar

    Merittert undervisar

    2023

    • Eirik Sjåholm Knudsen

    2022

    • Alexander W. Cappelen
    • Jon Iden

    2021 

    • Kjetil Bjorvatn
    • Iver Bragelien
    • Annelise Ly
    • Herbjørn Nysveen
    • Stig Tenold

    2020

    • Jan Ubøe

Pris for framragande formidling

Prisen vart oppretta i samband med 75-årsjubileet i 2011. Han skal både heidra og stimulera til framragande formidling og kommunikasjons av kunnskap og innsikt frå det økonomisk-administrative fagområdet. Ein brei definisjon av formidling skal liggja til grunn for utdelinga, men formidlinga skal være av høg kvalitet både i form og innhald.

Prisen kan delast ut for ein enkeltståande prestasjon eller for innsats som strekkjer seg over fleire år, og kan gå til enkeltpersonar eller forskargrupper/-miljø ved NHH. Utval for forsking, formidling og forskarutdanning (FFF) oppnemner ein jury som i avgjer prisvinnaren. Juryen består av leiar for FFF, kommunikasjonssjef, to vitskapeleg tilsette og ein journalist.

Den eller dei som får prisen kan ha utmerkt seg ved å:

  • ha bidratt aktivt til å styrka formidlingsarbeidet ved NHH
  • ha kommunisert innsikt og arbeidsmåtar frå det økonomisk-administrative forskingsfeltet til personar utenfor akademia.
  • ha vore premissleverandør i den norske eller internasjonale samfunnsdebatten
  • ha teke i bruk nye verktøy eller kommunikasjonskanalar for å nå ut til nye publikumsgrupper
  • ha bidrege til auka interesse for det økonomisk-administrative fagområdet hos ålmenta, i næringslivet eller forvaltinga med vitskapeleg argumentasjon
  • ha ei genuin interesse for og vilje til å spreia kunnskap og innsikt i faget sitt til eit breiare publikum

Prisen vert utdelt kvart tredje år. Vinnaren får kr 40.000 og eit diplom.

NHH Mission Award

Prisen NHH Mission Award skal delast ut til einskildpersonar, team eller grupper (ikkje heile institutt, avdelingar, seksjonar eller forskingssenter) som har bidratt til å oppfylle NHHs Mission Statement; Saman for berekraftig verdiskaping.

Prisen blir utdelt for den nominertes bidrag innan eitt eller fleire av følgjande område:

Saman = For utmerkt samarbeid internt eller med eksterne partnarar
Berekraftig = For glimrande initiativ som styrkar NHHs arbeid med berekraft.  

Verdiskaping = For framragande tiltak som bidreg til auka verdiskaping ved NHH eller i samfunnet. 

Premien er på kr 25.000. Er det fleire prisvinnarar vert premien delt mellom vinnarane.

  • Prisvinnarar:

    Prisvinnarar:

    2023

    • Steffen Juranek og Stella Gjerstad for arbeidet med Innovation school i Tyskland.

    2022

    • Linda Rutledal og Astrid Foldal for arbeidet med Engage.EU
    • Sveinung Jørgensen og Lars Jacob Tynes Pedersen, for sitt arbeid med berekraftsforsking og formidling.