Æresdoktorar ved NHH

 Kong Harald og dåverande rektor Jan I. Haaland med æresdoktorar utnemnt i samband med NHHs 75-årsjubileum i 2011. Foto: Helge Skodvin
H.M. Kong Harald og dåverande rektor Jan I. Haaland med æresdoktorane som vart utnemnde i 2011. Foto: Helge Skodvin

1. april 2016 08:30

(oppdatert: 1. april 2016 08:31)

Æresdoktorar ved NHH

NHH har 24 æresdoktorar utnemnt i samband med ulike jubileum.

Æresdoktorar utnemnt i 2017

Sandra E. Black. Foto: University of Texas

Sandra E. Black

  • Audre and Bernard Rapoport Centennial Chair in Economics and Public Affairs, Department of Economics, The University of Texas at Austin.
  • Professor II, NHH.
  • PhD, Harvard University 1997.

Sandra E. Blacks hovudinteresser er arbeidslivs- og utdanningsøkonomi. Forskinga hennar fokuserer på kva rolle barns tidlege erfaringar spelar i høve til korleis det går med dei seinare i livet, samt spørsmål og kjønn og diskriminering, og ho har gjeve viktige forskingsbidrag på desse områda. Etter å ha teke doktograd i økonomi ved Harvard-universitetet, arbeidde ho som økonom i the Federal Reserve Bank i New York, før ho byrja som forskar ved University of California Los Angeles, der ho vart professor. Ho slutta seg til staben ved University of Texas i 2010.
Professor Black har vore redaktør og medredaktør i ei fleire leiande tidsskrift, mellom anna Journal of Human Resources og American Economic Review. Ho har også vore tilknytt National Bureau of Economic Research (NBER) og IZA i Bonn i tyskland som forskar. Frå august 2015 til januar 2017 var ho medlem av president Barack Obama sitt økonomiråd. Black har samarbeidd tett med forskarar ved NHH, har publisert artiklar i fleire leiande internasjonale tidsskrift saman med NHH-folk og vert del av FAIR, NHHs Senter for fremragende forskning.

Bengt R. Holmström. Foto: Bryce Vickmark/MiT

Bengt R. Holmström

  • Paul A. Samuelson Professor of Economics, Department of Economics and Sloan School of Management, Massachusetts Institute of Technology.
  • PhD, Stanford university 1978.

Bengt Robert Holmstrøm er mikroøkonom og er mest kjent for forsking innan kontraktsteori og insentiv, særleg sett i høve til selskapsstyring og likviditetsproblem i finanskriser. I 2016 fekk Holmström og professor-kollega Oliver Hart Sveriges Riksbanks pris i økonomi til minne om Alfred Nobel for bidraga deira til kontraktteori. Holmstrøm har også vunne ei rekkje andre høgthengjande forskingsprisar. Holmström byrja karriera si ved Kellogg Graduate School of Management ved Northwestern University i 1979 og flytta vidare til Yale School of Management in 1983, før han slutta seg til MIT in 1994. Han er medlem av the American Academy of Arts and Sciences, the Econometric Society og the American Finance Association, og av både det svenske og det finske vitskapsakademiet. Han er tilknytt the National Bureau of Economic Research som forskar og var President i the Econometric Society i 2011. Holmström er æresdoktor ved både handelshøgskulen Hanken og Vaasa-universitet i fødelandet Finland, og ved Handelshögskolan i Stockholm. Han har vitja NHH fleire gonger. I 2002 held han den årlege førelesinga til minne om Karl Borch, og i 2013 held han Gjesdal Lecture, den årlege førelesinga til ære for professor Frøystein Gjesdal.

Anna Mauranen. Foto: Linda Tammisto

Anna Mauranen

  • Professor, Department of Modern Languages, Viserektor, Universitetet i Helsinki.
  • PhD, University of Birmingham 1992.

Anna Mauranen hovudinteresse innan forsking er engelsk som lingua franca (ELF), korpuslingvistikk og talespråk. Publikasjonane hennar fokuserer på talespråk, korpuslingvistikk, kontrastiv retorikk, omsetting og akademisk diskurs. Mauranen er leiar for ELFA-prosjektet, som har samla eit korpus på ein million ord innan akademisk ELF. Ho er ein pioner innan arbeidet med engelsk som lingua franca, som har hatt grunnleggjande betydning for korleis engelsk vert oppfatta og brukt i verda i dag. Mauranen arbeidde som professor i Engelsk ved universiteta i Tampere og Jonesuu før ho byrja ved Universitetet i Helsinki i 2005. Ho har vore viserektor der sidan 2014. Mauranen har vore medredaktør i ei rekkje tidsskrift, og er i augneblinken redaktør for Applied Linguistics. Arbeidet hennar har vore viktig for fleire av forskarane ved NHHs Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon – særleg innan akademisk skriving og lingua-franca-problematikk.

Roland T. Rust. Foto: Robert H. Smith School of Business

Roland T. Rust

  • Distinguished University Professor and David Bruce Smith Chair in Marketing, Executive Director, Center for Excellence in Service, Executive Director, Center for Complexity in Business, Robert H. Smith School of Business, University of Maryland.
  • PhD, University of North Carolina at Chapel Hill 1979.

Roland T. Rusts forskingsinteresser strekkjer seg over dei fleste område av marknadsføring, inkludert tenesteinnovasjon, metode innan marknadsføringsforsking og mykje meir. Han har fått ei rekkje prisar og utmerkingar for sine talrike bidrag til marknadsføringsforsking og -utdanning. Blant mykje anna er han medlem av American Marketing Association, the European Marketing Academy og the American Statistical Association. Han har også vunne ei rekkje prisar for beste artikkel og beste bok, inkludert fire prisar for beste artikkel i the Journal of Marketing, eit tidsskrift der han også har vore redaktør. Professor Rust grunnla og var første redaktør for Journal of Service Research og er no redaktør for International Journal of Research in Marketing. Han er gjesteprofessor ved Erasmus-universitetet i Nederland og ved Oxford Universitys Centre for Corporate Reputation. Blant verksemdene som har nytta seg av Rust sine konsulenttenester er m.a. AT&T, FedEx, Hershey, Lockheed Martin, Microsoft, NASA, Procter & Gamble, Sony og Tata. Tidleg på 1990-talet grunnla Rust den årlege konferansen Frontiers in Service, som NHH var vertskap for i 2016. Han spelar også ei viktig rolle for teneste innovasjons forskinga ved NHH som medlem av Senter for tjenesteinnovasjons (CSI) internasjonale «Advisory board».

Bernt Øksendal. Foto: Terje Heiestad/UiO

Bernt Øksendal

  • Professor Emeritus, Department of Mathematics University of Oslo.
  • PhD, University of California Los Angeles 1971.

Bernt Øksendal er ein forskar av verdsformat innan stokastisk analyse. Han har publisert over 200 vitskapelege artiklar og fem bøker i emnet, noko som har gjort han til Noregs mest siterte matematikar. Hans grunnleggjande lærebok i stokastisk analyse er godt kjend og mykje brukt i store deler av verda. Øksendal har vore oppteken av å utvikla både teori og anvendelser, og ved sidan av reint matematiske arbeide har han mange anvendelser innan finans. Han har også publisert innan biologi og fysikk. Arbeida hans har blitt høgt skatta. Han har m.a. fått Fridtjof Nansens belønning for fremragende forskning for sitt arbeid i stokastisk analyse og UiOs forskingspris. Øksendal har leia store, internasjonal EU-forskingsprogram og har vore gjesteforskar ved ei rekkje institusjonar, inkludert Caltech og ei rekkje avdelingar ved University of California. Ved sidan av hans reint vitskapelege innsats har Øksendal teke initiativ til og vore norsk koordinator for fleire program for å utdanne masterstudenter i anvendt matematikk i det sørlige Afrika. Øksendal har sterke band til NHH, der han var professor II i perioden 1992–2015, og har undervist både på masternivå og i forskerutdanningen. Han har også publisert flere arbeider sammen med NHH-kollegaer.

 

Æresdoktorar utnemnt i 2011

 

Richard Bagozzi

Richard P. Bagozzi

  • Dwight F. Benton Professor of Behavioral Science in Management, Stephen M. Ross School of Business
  • Professor of Social and Administrative Sciences, College of Pharmacy, University of Michigan.
  • PhD, Northwestern University 1976.

Richard P. Bagozzi har omfattande forskingsproduksjon med breitt nedslagsfelt innan det økonomisk-administrative fagområdet. Han har publisert ei rekkje viktige bidrag innan marknadsføring, samfunnsvitskapleg metode og psykologi. Bagozzi er oppteken av grunnleggjande spørsmål knytt til forståing menneskeleg psykologi, særleg kjensler, korleis vi tek avgjerder, økonomi og leiing frå biologiske perspektiv, sosial identitet og åtferd. Forskingsbidraga hans er m.a. anvendt på forbrukarar, seljarar, leiarar, pasientar, legar og organisasjonar. Når det gjeld forskingsmetode har han primært vært opptatt av bruk av multivariat dataanalyse i relasjon til måling, omgrepsvaliditet og teori- og hypotesetesting. Professor Bagozzi har hatt nære band til fagmiljøet ved Institutt for strategi og leiing i ei årrekkje, har vitja høgskulen fleire gonger og publisert saman med NHH-kollegaer.

Richard Blundell Foto: Helge Skodvin

Richard Blundell

  • David Ricardo Professor of Political Economy, University College London
  • Research Director, Institute for Fiscal Studies

Richard Blundell har eit arbeidsområde som blant anna famnar arbeidsmarknads- og utdanningsøkonomi, skatteforsking, forbrukaråtferd og økonometri meir generelt. Forskingsbidraga hans har hatt ei sterk påverking på korleis andre forskarar tenker kring implementering og testing av økonomiske hypotesar. I tillegg til å ha publisert sentrale og prisløna arbeid, nyt også professor Blundell stor respekt i profesjonen ved at han er og har vore president for ei rekkje leiande organisasjonar og redaktør for sentrale tidsskrift innan profesjonen. Han var også en av leiarane for den såkalla Mirrlees Review of Tax Reform som vart lagt fram i 2010. Blundell har også hatt og har ei viktig rolle som institusjonsbyggar ved at han har vore sentral i oppbygginga av Department of Economics ved University College London til å bli eit av dei fremste miljøa internasjonalt. Blundell har vitja NHH fleire gonger og det har vore nær kontakt mellom forskarane frå NHH og UCL.

B. Espen Eckbo Foto: Helge Skodvin

B. Espen Eckbo

  • Tuck Centennial Chair Professor of Finance, and Founding Director, Lindenauer Center for Corporate Governance, Tuck School of Business, Dartmouth College (USA).
  • Professor II, NHH.
  • PhD, University of Rochester 1981.

B. Espen Eckbo forskar innan føretaksfinansiering og kapitalmarknader med særleg vekt på investeringsbankverksemd, selskapsstyring, fusjonar og oppkjøp, og porteføljeforvaltning og prestasjonsmåling. Arbeida hans har vore publisert i ei rekkje leiande finanstidsskrift. Eckbo har utført ei rekkje forskings- og rådgjevingsoppdrag for norske styresmakter. Mellom anna har han bidrege til å utforma styringsprinsipp og strategi for Statens pensjonsfond – utland (”Oljefondet”) og vore rådgjevar for Noregs forskingsråd.
Han er professor II ved Institutt for føretaksøkonomi ved NHH, og er høgt skatta for framifrå bidrag til både kursutvikling, undervisning og rettleiing ved doktorgradsprogrammet og vidareutdanningsprogramma i finans.

William H. Hogan Foto: Helge Skodvin

William W. Hogan

  • Raymond Plank Professor of Global Energy Policy, John F. Kennedy School of Government, Research Director of the Harvard Electricity Policy Group (HEPG), Harvard University.
  • PhD, University of California, Los Angeles 1971.

William W. Hogan si forsking på konkurranseorienterte elektrisitetsmarknader er pionerarbeid som har spela ei grunnleggjande rolle for utforming og betring av slike marknader. Blant dei noverande forskingsinteressene hans er spørsmål kring restrukturering av energiindustrien, nettverksprising og tilgangsspørsmål, marknadsutforming og energipolitikk i ulike land, inkludert problemstillingar innan miljøøkonomi og –politikk. Hogan har vore energipolitisk rådgjevar for den amerikanske regjeringa i ei årrekkje: han har og hjelpt ei rekkje andre land i spørsmål om energipolitikk, restrukturering og reform av energimarknader. Harvard-professoren har hatt tett kontakt med forskingsmiljøa i dei skandinaviske landa, og forskinga hans har hatt avgjerande innverknad for reformene i den norske og den nordiske kraftmarknaden.

Finn E. Kydland Foto: Helge Skodvin

Finn E. Kydland

  • Jeff Henley Professor of Economics, University of California, Santa Barbara.
  • The Richard P. Simmons Distinguished Professorship; University Professor of Economics, Tepper School of Business, Carnegie Mellon University.
  • Professor II, NHH.
  • Nobelprisvinnar i 2004.
  • PhD, Carnegie Mellon University 1973

Finn E. Kydland sine forskingsinteresser omfattar m.a. dynamisk makroøkonomi og konjunkturteori, internasjonal økonomi, arbeidsmarknadsøkonomi og offentleg økonomi. I 2004 fekk han og professorkollega Edward C. Prescott Nobelprisen i økonomi for ”deira bidrag til dynamisk makroøkonomisk teori: den økonomiske politikkens tidskonsistens og konjunkturens årsaker.” – Arbeidet deira på desse områda har fått stor innverknad, ikkje berre på makroøkonomisk analyse, men også for praktisk penge- og finanspolitikk i ei rekkje land,” heitte det i grunngjevinga. Finn Kydland er siviløkonom frå NHH i 1968 og var forskingsassistent ved høgskulen eitt par år før han reiste vidare til USA og tok doktorgraden. Midt på 1970-talet returnerte han til ei førsteamanuensisstilling ved NHH, og i denne perioden utførte han og gjesteprofessor Prescott grunnleggande delar av arbeidet som gav dei Nobelprisen. Kydland har vore professor II ved NHH sidan 1993.

Ann Langley Foto: Helge Skodvin

Ann Langley

  • Professor, Department of Management, the Canada Research Chair in Strategic Management in Pluralistic Settings, HEC Montréal.
  • Professor II, NHH.
  • PhD, HEC Montréal 1987.

Ann Langley forskar primært innan området strategiske endringsprosessar. Ho er særleg oppteken av grunnleggjande spørsmål knytt til forståing av korleis det vert fatta avgjerder i “pluralistiske” organisasjonar med mange målsettingar, diffuse maktrelasjonar og kunnskapsbaserte arbeidsprosessar. Forskinga hennar har gjeve viktige bidrag til forståinga av strategiske leiingsprosessar i slike organisasjonar. Sidan 2002 har Langley hatt nære band til fagmiljøet ved Institutt for strategi og leiing – særleg strategigruppa – og har forfatta artiklar og redigert bøker i samarbeid med NHH-kollegaer. Ho bidreg også både som rettleiar, opponent i doktorgradskomitear og som kursansvarleg på doktorgradskurs.

Jean-Paul Larcon Foto: Helge Skodvin

Jean-Paul Larçon

  • Professor, Senior Associate Dean for International Development, HEC Paris.
  • Doktorgrad frå Université de Paris IX-Dauphine, 1971.

Jean-Paul Larçon er professor i strategi med ein omfattande forskingsproduksjon knytt til internasjonal føretaksstrategi. I dei seinare åra har han særleg vore oppteken av strategi- og forretningsutvikling i voksande marknader, særleg Brasil, Russland, India og Kina.
Som Senior Associate Dean ved HEC har han bidrege til oppretting av ei rekkje utdanningsprogram i Aust-Europa, Midtausten, Nord-Afrika, Sentral-Asia og Kina. Larçon var rektor ved HEC Paris i perioden 1982 til 1989, og i 1988 var han blant initiativtakarane til CEMS saman med rektorkollegaene ved ESADE, Bocconi og Universitetet i Köln.
Han spela også ei sentral rolle då NHH vart CEMS-medlem i 1992. Sidan har han vore gjesteprofessor ved NHH og bidrege substansielt til eit tett og godt samarbeid mellom NHH og HEC Paris, noko som både har vore med å styrka internasjonaliseringsarbeidet ved NHH og høgskulen sin posisjon internasjonalt.

William F. Messier Jr. Foto: Helge Skodvin

William F. Messier Jr.

  • Kenneth and Tracy Knauss Endowed Chair in Accounting, Department of Accounting, University of Nevada, Las Vegas.
  • PWC Professor II, Institutt for regnskap, revisjon og rettsvitskap, NHH.
  • DBA, Indiana University 1979.

William F. Messier jr. sin forskingsproduksjon er omfattande og har vore banebrytande på ei rekke område innan rekneskap og revisjon, blant anna når det gjeld modellar for revisors vurderingar, ekspertsystem og avgjerdsstøttessystem, avgjerdsstøttehjelpemiddel i revisjon, ”recency”-effektar i revisorvurderingar, samt kvalitetskontrollprosessen og oppdragskvalitetskontroll. Han har publisert artiklar i dei leiande internasjonale forskingstidsskrifta gjennom ein 30-årsperiode og hatt svært stor innverknad på forskinga på feltet. Professor Messier har hatt mykje å seia for kvaliteten til NHH sitt masterprogram innan rekneskap og revisjon og har gjeve viktige bidrag til doktorgradsprogrammet. Han har dessutan spelt ei avgjerande rolle i etableringa av revisjon som eit forskingsområde ved NHH og i den akademiske utviklinga av fagstaben ved høgskulen.

Patrick Rey Foto: Helge Skodvin

Patrick Rey

  • Professor of Economics, Université Toulouse I Capitole.
  • Member of Institut d'Économie Industrielle (IDEI) and Toulouse School of Economics.
  • PhD, Université Toulouse I 1992.

Patrick Rey har bakgrunn frå både ingeniørfag, statistikk og økonomi og har ein brei forskingsproduksjon innan fagfeltet næringsøkonomi. Arbeidsfelta hans omfattar m.a. kontraktteori, informasjonsøkonomi, økonomisk organisasjonsteori, konkurransepolitikk, regulering og føretaksfinansiering. Professor Rey har bidrege aktivt i høve politikkutforming, og då særleg innan konkurransepolitikk. Då EU-kommisjonen endra reglane for vertikale restriksjonar i 1999 var omlegginga i stor grad basert på eit arbeid av Rey, og han har vore med i prosessen kring endringar i EU-reglane for misbruk av dominerande marknadsposisjonar. Rey har eitt breitt nettverk og er svært aktiv innanfor sitt fagfelt, blant anna som arrangør av konferansar og seminar, og var blant initiativtakarane til Association for Competition Economics (ACE) i 2003. Han har vitja NHH ei rekke gonger i ulike samanhengar.

Kathrine Schipper Foto: Helge Skodvin

Katherine Schipper

  • Thomas F Keller Professor, Fuqua School of Business, Duke University.
  • PhD, University of Chicago 1977.

Katherine Schipper er primært kjent for si empiriske forsking innan finansregnskap, og særleg på rolla informasjon speler i finansmarknader. Ho har blant anna arbeidd med å utvikla kriterium og metodar for å måla kvaliteten og relevansen til rekneskapsinformasjon. Frå 2001 til 2005 var Schipper medlem av Financial Accounting Standards Board, som utformar regnskapsstandardar i USA. Her fekk ho demonstrert evne til å gje rekneskapsforsking innverknad i praksis. Professor Schipper er kjent som ein framifrå undervisar. Ho har vore rettleiar for ei lang rekkje doktorandar og har halde doktorgradskurs i ei rekkje land over heile verda. Ho har også vitja NHH fleire gongar.

ÆRESDOKTORAR UTNEMNT I 1996

 

William Beaver Foto: Stanford University

William H. Beaver

Beaver er først og fremst kjent for sin pionerinnsats innen empirisk forskning i finansregnskap. En artikkel fra 1968 la grunnlaget for en helt ny forskningstradisjon i grenselandet mellom finansregnskap og finansiering.

Beaver tok PhD-graden ved University of Chicago i begynnelsen av 60-årene. Han er i dag professor emeritus ved Stanford University.

Avinash Dixit Foto: Princeton University

Avinash K. Dixit

Dixit er professor ved Princeton University. Han har preget den faglige utviklingen på flere områder, og noen av hans arbeider har fått karakteristikker som "moderne klassiker."

Professor Dixit har sin grunnutdannelse innen matematikk og fysikk ved Universitetene i Bombay og Cambridge. Doktorgraden tok han ved MIT i 1968.

 

Karl G. Jöreskog

Jöreskog er professor i multivarisk statistisk analyse ved Uppsala Universitet. Han har satt en ny standard for empirisk kausalitetsanalyse som særlig brukes innen sosiologi, statsvitenskap, markedsføring og organisasjonsforskning.

Professor Jöreskog Tok PhD-graden ved Uppsala Universitet i 1963, og er nå professor emeritus samme stad.

Æresdoktorar utnemnt i 1986

 

Odd Aukrust. Arkivfoto

Odd Aukrust (1915 – 2008)

Aukrust var utdannet sosialøkonom ved UiO i 1941. I store deler av karrieren var han tilknyttet Statistisk sentralbyrå som forskningssjef og senere som forskningsdirektør. 

Aukrust er mest kjent for sin forskning omkring lønns- og prisdannelsen i norsk økonomi. Hans forskning på makroøkonomi er viden kjent under betegnelsen ”The Norwegian modell” i internasjonale fagkretser.

 

Jacques Dreze. Arkivfoto

Jacques Drèze (1929-2022)

Drèze var professor emeritus ved Université Catholique de Louvain, og en av verdens ledende økonomer.

Professor Drèze er spesielt kjent for sine bidrag innen generell likevekt med vekt på usikkerhet, prisdannelse i "betingede" markeder, beslutningsteori, spillteori, økonometri (spesielt Bayesiansk), makroøkonomi og økonomisk policy.

 

 

Tore Paulsson Freckner. Arkivfoto

Tore Paulsson Frenckner (1921 – 2005)

Frenckner var siviløkonom og dr.ekon fra Handelshögskolan i Stockholm. Han var en fremtredende representant for svensk og nordisk foretaksøkonomi, og gjorde en pionerinnsats innenfor anvendelsen av operasjonsanalytiske metoder.

Tore Paulsson Frenckner hadde en sterk tilknytning til NHH. Han var blant gjestelærer og sakkyndig ved en rekke bedømmelser. Frenckner var en god venn av høyskolen gjennom en hel generasjon.

 

Torsten Hägerstrand (1916 – 2004)

Hägerstrand var tilknyttet Lunds universitet i over 50 år. Allerede i 1950-årene utga han flere viktige arbeider innen kulturgeografi, og var en internasjonal forgrunnsfigur i faget.

Hägerstrand har gjennom sin forskning uført et arbeid ikke bare om samfunnet, men også for samfunnet. tallrike ganger var han rådgiver for Sveriges sentrale planleggingsinstanser.

 

Oliver Williamson. Arkivfoto

Oliver Williamson (1932 – 2020)

Williamson var utdannet ved MIT, Stanford og Carnegie-Mellon, og var professor ved University of California, Berkeley.

Professor Williamson er anerkjent for sin forskning på transaksjonskostnader. Han skrev en rekke bøker og var æresdoktor ved ni høyskoler og universiteter. I 2009 fikk han Nobelprisen i økonomi for sine analyser av økonomisk organisering.

Robert Wilson. Arkivfoto

Robert Wilson

Wilson er Adams Distinguished Professor in Management, Emeritus, ved Stanford Business School og æresdoktor ved NHH og University of Chicago. Utdannelsen har han fra Harvard University.

Professor Wilson kjent for sine grunnleggende teoretiske arbeider, spesielt spillteori. Han er kjent for å være en stimulator for yngre forskere og har bistått medarbeidere fra NHH på mange måter gjennom årene. Wilson fikk Nobel-prisen i økonomi i 2020.