Overgang til master utan fullført bachelor

Overgang til master utan fullført bachelor

For å få innvilga overgang frå bachelor til master er det eit krav at du har ein fullført bachelorgrad.

I særlege tilfelle er det mogeleg å få innvilga overgang sjølv om du manglar eit emne i bachelorgraden (hengefag).

Det er strenge krav for å få søknaden innvilga. Vi vil gjere ei grundig vurdering av kapasiteten din til å ha ekstra studiebelastning når vi behandlar søknaden din. I ei slik vurdering vil både studieprogresjon, resultat og talet på eksamensforsøk du har brukt kunne bli tillagt vekt.

I tillegg må tre vilkår vere oppfylt:

Søknadsfrist

  • Frist for å søke hengefag til haustsemesteret: 15. juli
  • Frist for å søke hengefag til vårsemesteret: 15. januar  

Slik søker du

Fristen for å søke hengefag for våren 2024 er no ute. Det vert opna for søknadar om hengefag til hausten 2024 den 1. juni. 

Søknaden må vere grunngjeven og, der dette er mogeleg, må du dokumentere årsaka til at du søker (t.d. legeattest).

Svar på søknaden

Vi sender ut svar på søknadane etter kvart som dei blir behandla, men merk at sensuren i dei øvrige emna frå inneverande semester normalt må ha falle før du kan få svar. Du vil uansett få svar i tide til semesterstart.

dersom søknaden blir innvilga

Dersom du får innvilga overgang til master utan fullført bachelorgrad, må du passe på følgande:

  • Bacheloremnet som står att skal prioriterast i forhold til emne på masternivå og du må bestå emnet ved første høve. Det vert ikkje gjort tilpassingar i timeplan/eksamensplan for at du skal få til dette.
  • Du kan ikkje ta ut mastergraden før du også kvalifiserer for bachelorgraden.
  • Når du har oppnådd bestått resultat i emnet som står att, vil bachelorgraden bli skrive ut og det er ikkje lenger muleg å ta kontinuasjonseksamen i emnet.
  • Etter at du har begynt på masterstudiet, vil du ikkje ha høve til å ta eksamen i andre emne i bachelorstudiet enn emnet du har fått innvilga som hengefag.