Fullført bachelor - kva no?

Fullført bachelor - kva no?

Då du kom inn på NHH som bachelorstudent, kom du inn på eit femårig løp (treårig bachelor + toårig master). Det semesteret du normalt skal avslutte bachelorgraden din må du bestemme deg for kva du skal gjere vidare, og melde frå til oss om det.

Dersom du ikkje melder frå, legg vi til grunn at du ikkje har tenkt å fortsetje på NHH og du kan miste retten til intern overgang.

1. Intern overgang til master

Dersom du ønsker å begynne på master, må du melde intern overgang innan gitte fristar.

Søknadsfrist

  • 15. juni for overgang til hausten
  • 10. desember for overgang til våren

Korleis søke?

Søk frå 1. juni for hausten og frå 1. desember for våren:

Meld intern overgang her (Søknadsweb)

  • Kode 1600: intern overgang til MØA, alle profilar (haust og vår)
  • Kode 1800: intern overgang til MRR toårig løp (kun haust)

Du treng ikkje å laste opp dokumentasjon i søknaden, og det er ikkje krav til karaktersnitt for å få søknaden innvilga. 

Svar på søknaden

Du får svar på søknaden 1. juli for søknadar til haustsemesteret og 1. januar til vårsemesteret.

Intern overgang utan fullført bachelorgrad

I nokre tilfelle er det mogeleg å søke om å få begynne på master utan fullført bachelorgrad ("hengefag"). 

2. Opphald

Dersom du ønsker å vente med å begynne på master, må du melde opphald innan gitte fristar.

Søknadsfrist

  • 15. juni for opphald frå hausten
  • 10. desember for opphald frå våren

Korleis søke?

Søk frå 1. juni for hausten og frå 1. desember for våren:

Søk opphald her (Søknadsweb)

Du treng ikkje å laste opp dokumentasjon i søknaden.

  • Kode 1601: Opphald (haust og vår)

Svar på søknaden

Du får svar på søknaden 1. juli for søknadar til haustsemesteret og 1. januar til vårsemesteret.

Vilkår for opphald

  • Når du får innvilga opphald vert bachelorgraden registrert fullført og du vil ikkje lenger kunne ta eksamenar på bachelor. 
  • Du vil miste tilgangen til IT-kontoen og den interne epostadressa di. Dersom opphaldet varer i meir enn eitt semester, vil dokument du har lagra verte sletta. Du kan ha opphald i maksimalt 4 semester.
  • Dersom opphaldet varer lenger, må du søke opptak til master og konkurrere om plassen med eksterne søkarar.
  • Du melder frå at du ønsker å begynne på master etter opphaldet ved å sende ein epost til opptak@nhh.no innan fristane for å søke intern overgang. 

3. Fullføringstid

Dersom studieretten din på bachelor går ut etter dette semesteret, men du ikkje blir ferdig med graden, må du melde frå om at du treng fullføringstid

Kontakt

E-post
opptak@nhh.no